<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

2. Oppvekst og levekår

Oppvekstvilkåra har stor grad av innverknad på helse og trivsel, både her og nå og i meir langsiktig perspektiv. Samanhengen mellom sosioøkonomisk status og helse er tydeleg. Faktorar som utdanning og økonomi, helseadferd og psykososiale tilhøve verkar inn. Sosial ulikskap i helse gir utslag i auka førekomst av dei vanlegaste kroniske sjukdommane, redusert forventa levealder og påverkar psykisk helse.

 

2.1. Hushaldningane sin økonomi

Personar i låginntektshushaldningar
Sosioøkonomisk status vert ofte målt ut frå folk si inntekt. Studiar har vist at personar med låg inntekt har auka risiko for dårleg helse. For å samanlikna inntekt har me valgt å bruka medianinntekt  etter skatt. 

 

Figur 2.1 Medianinntekt etter skatt i ulike hushaldningstypar (SSB)
 Alle hushaldningarAleinebueadePar utan barnPar med barn 0-17 årEinsleg mor/far med barn 0-17 år
2005 397000 186000 401000 528000 285000
2006 412000 196000 422000 543000 301000
2007 453000 218000 467000 604000 325000
2008 488000 237000 497000 653000 340000
2009 491000 242000 498000 659000 362000
2010 501000 248000 518000 680000 369000
2011 531000 256000 552000 719000 376000
2012 551000 272000 575000 749000 380000
2013 570000 286000 605000 781000 403000
2014 587000 295000 633000 804000 417000
2015 586000 295000 645000 811000 417000
2016 577000 301000 641000 800000 404000

Tala for Klepp syner at det er par med barn i alderen 0-17 år som har høgast inntekt, medan aleinebuande og einsleg mor/far med barn i alderen 0-17 år kjem dårlegast ut.

 

Gjeldsvekst
Norske hushaldningar har høg gjeld samanlikna med andre land. Det er auke i talet på hushaldningar med særs høg gjeld. Gjeldsveksten har lenge vore høgare enn inntektsveksten, noko som gjer hushaldningane sårbare når ein har ei svakare økonomisk utvikling.

Figur 2.2 Hushaldningar med gjeld større enn tre gongar samla inntekt (SSB)
årKleppRogalandHeile landetTimeEigersundSolaStavanger
2009 16 15 14 18 16 10 17 17
2010 18 17 14 20 17 12 19 18
2011 18 18 15 21 18 12 20 19
2012 19 18 15 22 19 14 21 20
2013 20 19 16 23 20 15 21 20
2014 21 20 16 24 22 16 23 21
2015 23 22 17 25 24 17 24 23
2016 24 23 18 27 25 18 26 24

Figuren syner at Klepp og Rogaland skil seg frå gjennomsnittet i landet for hushaldningar med særs høg gjeldstyngde. Årsaka er høge bustadprisar. Klepp har ei ung befolkning, og med mange nyetableringar vil dette kunna gje utslag på gjeldsmengda. Klepp har altså stor lønsvekst og større gjeldsvekst enn Rogaland.  

 

Ulikskap i inntekt
Fordelinga av økonomiske ressursar påverkar fleire samfunnsmessige forhold. Det er kjent at stor økonomisk ulikskap i eit samfunn kan føra til auka kriminalitet, kulturelle og politiske konfliktar mellom ulike grupper.

Stor ulikskap i inntekt i ein kommune kan vera indikator på at det også er store sosiale helseforskjellar i kommunen. Dei siste 30 åra har alle inntekstgrupper i landet fått betre helse. Helsegevinsten har likevl vore størst for personar med lang utdanning og høg inntekt. Særleg dei siste 10 åra har helseforskjellane auka. Dette gjeld både fysisk og psykisk helse, og det gjeld for alle aldersgrupper. Utjamning av sosiale helseforskjellar er ei viktig målsetting i folkehelsearbeidet.

Figur 2.3 Ulikskap i inntekt 
årKleppRogalandHele landetTimeEigersundSolaStavanger
2009 2,3 2,7 2,6 2,4 2,3 2,4 2,8 3,1
2010 2,4 2,7 2,6 2,4 2,4 2,4 2,9 3,2
2011 2,5 2,7 2,7 2,4 2,3 2,4 2,9 3,2
2012 2,4 2,8 2,7 2,5 2,4 2,4 2,9 3,3
2013 2,5 2,8 2,7 2,5 2,5 2,5 3 3,3
2014 2,6 2,9 2,8 2,6 2,5 2,5 3 3,4
2015 2,6 2,9 2,8 2,6 2,5 2,5 3,1 3,4
2016 2,6 2,9 2,8 2,6 2,4 2,5 3 3,3

Figuren viser at Klepp ligg betre an enn lands- og fylkesgjennomsnittet når det gjeld forskjellar i inntekt. Indikatoren for inntekstulikskap er lite følsam for endringar. Det betyr at sjølv små endringar i nivået bør tas på alvor.

 

Barnefattigdom
Barn si helse er avhengig av familieøkonomien. Det er store skilnadar i inntekt mellom ulike typar barnefamiliar, og skilnadane har forsterka seg dei seinare åra. Familiane til desse barna er ofte kjenneteikna ved å ha berre ei inntekt, og av at få personar i familien er knytt til yrkeslivet.

I Ungdata blei ungdommane spurde om familieøkonomien. Svara for 2013 og 2016 syner at 2 % og 3% opplever at familien har dårleg råd heile tida eller stort sett heile tida. 

I 2013-undersøkinga svara 5% av dei unge at det ”stemmer ofte” eller ”stemmer noen ganger” at ”foreldrenf mangler penger til å betale for ulike fritidsaktiviteter som jeg ønsker å delta i (idrettsaktiviteter, musikkinstrumenter og liknande.)” Heile 4 % av ungdommane svara at det ”stemmer ofte” eller ”stemmer noen ganger” at ”mine foreldre har nesten ikke penger til å betale for det nødvendigste (mat, husleie, telefon og liknande).” Desse spørsmåla var ikkje med i 2016- undersøkinga.

 

Figur 2.4  Personar under 18 i privathushaldningar med årleg inntekt etter skatt lågare enn 60 % av medianinntekt per forbrukseining, prosentvis. EU- og OECD-skala (SSB)
 KleppRogalandHeile landet
2005 6,2 7 8,4
2006 6,5 6,7 8,6
2007 6,1 6,5 8,9
2008 6,6 6,6 9,4
2009 6,3 6,3 8,9
2010 5,6 6,5 9
2011 6 6,9 9,5
2012 6,5 7 10,2
2013 6,7 7,6 11
2014 7,6 8,1 11,5
2015 9,3 8,9 11,9
2016 10,4 9,8 12,3

Utviklinga for personar under 18 år som bur i hushaldningar med låg inntekt, syner auke både landsbasis, i Rogaland og i Klepp. Auka gjer seg gjeldande frå rundt 2010. For Klepp er det ein markant auke frå 2014, kor kommunen også passerte gjennomsnittet for Rogalandskommunar. Det er grunn til å vera særleg merksemd på denne utviklinga. Årsaka er at økonomiske forhold i stor grad påverkar barn og unge sine oppvekstvilkår. I 2012 budde 322 barn av totalt 4953 barn under 18 år i Klepp i hushaldningar som hadde låg inntekt. I 2016 var talet 516 av 4961. Barn med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte i gruppa med låg inntekt.

 

Sosialhjelp

Figur 2.5  Mottakarar av tenester frå NAV 2015 2016 2017
Mottakarar av sosialhjelp* (familiar, ektepar og sambuarar blir rekna saman) 330 382 395
Nye mottakarar 145 164 184
Som hovedinntekt 174 199 185
Med ansvar for barn 102 116 125
Unge under 25 115 134 120
Behov for midlertidig bustad 9 4 1
Statlege tenester      
Uføre 832 867 934
Heilt arbeidsledige 408 476 309

 

Figur 2.6  Sosialhjelpsmottakarar per 1000 innbyggjarar 20-66 år
årKleppTimeEigersundSolaStavanger
2001 36,9 38,9 38,5 42,6 34,7 49,5
2002 34,2 37,6 37,2 42,0 40,0 49,7
2003 33,3 37,4 35,4 42,5 40,5 53,4
2004 33,5 37,4 32,7 43,2 37,1 50,7
2005 33,0 39,1 33,9 43,0 33,1 48,9
2006 27,1 36,3 28,0 41,8 26,9 42,0
2007 22,4 32,0 25,2 36,3 19,0 33,9
2008 23,1 31,2 22,4 31,3 23,2 31,1
2009 26,5 34,7 22,4 32,2 26,7 36,6
2010 21,6 31,6 23,8 31,9 27,7 39,0
2011 28,3 28,4 20,8 31,1 28,8 38,6
2012 29,2 31,0 22,6 31,2 26,5 35,3
2013 33,0 34,6 25,5 34,5 25,8 37,7
2014 31,1 39,5 26,3 36,4 28,6 38,0
2015 29,1 40,2 31,8 38,3 32,2 40,0
2016 33,6 42,7 32,6 46,8 34,7 45,4
2017 34,3 39,2 36,1 44,8 34,3 46,7

Figuren viser korleis Klepp ligg an i høve til nabokommunane når det gjeld mottakarar av sosialhjelp.

 

2.2. Bu- og arbeidstilhøve

Bustadsituasjonen- vanskelegsstilte

Vanskeligstillte på bustadmarknaden er personar og familiar som ikkje greier å skaffa seg og/eller oppretthalda eit tilfredsstillande buforhold på eiga hand. Desse er anten utan eigen bustad, står i fare for å mista bustaden sin eller bur i ueigna bustad eller bumiljø.

Det er ikkje gjennomført kartlegging av vanskeligsstilte sidan 2012. Den gong var talet på vanskeligsstilte 8,8 pr 1000 innbyggarar. Kommunen har likevel hatt god oversikt over utvalde grupper, som unge/unge vaksne med behov for langvarige og koordinerte tenester og personar med utfordringar innan rus og psykisk helse.

Kommunen eig 232 bustader. I tillegg leiger kommunen 32 bustader på den private marknaden. Det betyr at Klepp disponerer 13 bustader til utleie pr.  1000 innbyggjarar (eigne og innleige) Gjennomsnitt for kommunar i vår kommunegruppe er 16 bustader pr. 1000, mens landsgjennomsnittet er 21 bustader pr. 1000 innbyggar.

Bustadsosiale oppgåver blei samla i eit bustadkontor september 2017. Bustadkontoret har oversikt over bustadbehov i ulike brukargrupper og oversikt over den kommunale bustadmassen. 15.04.18 var det 13 søknader om kommunal bustad til behandling i bustadkontoret. 5 er nye søknader, 5 gjeld søknad om forlenging av vedtak om kommunal bustad og 3 gjeld bytte av bustad.

Etterspurnaden etter kommunale bustader er mindre nå enn for nokre år sidan. Dette har i stor grad samanheng med at fleire greier å skaffa seg bustad på den ordinære marknaden sidan prisane er lågare enn tidlegare.

 

Bustadmarknaden
Bustadmarknaden i Klepp har vore prega av stor tilflytting og nybygging fram til «oljekrisa» i 2013. Talet på selde bustader har gått ned frå 2015. Prisane har vore fallande sidan toppen i 2013. Det er i januar 2018 92 brukte bustader til sals i Klepp. Av desse er 45 leiligheiter og 47 rekkehus/einebustad. På same tida var det 161 nye budstadar til sals, 70 leiligheiter og 91 rekkehus/einebustad. 

Figur 2.7  Tal på selde, brukte bustader (SSB)
 EinebustaderSmåhusBlokkleiligheiter
2002 38 6 15
2003 48 9 13
2004 59 10 15
2005 54 8 21
2006 35 14 20
2007 71 16 27
2008 75 21 38
2009 84 28 57
2010 79 32 51
2011 81 39 60
2012 89 41 56
2013 89 47 76
2014 124 40 92
2015 96 38 73
2016 80 35 62
2017 93 33 55

 


Barn og unge
sin busituasjon
Å bu trygt og godt er viktig for barn og unge sine oppvekstforhold. Det påverkar både den fysiske og psykiske helsa, og har mykje å seia for sosial fungering. I den nasjonale strategien «Bustad for velferd» 2014-2020, har barnefamilar høg prioritet. Dei tre nasjonale resultatmåla er alle knytt til barnefamiliar:

  1. Utleigebustader for barnefamiliar skal vera av god kvalitet og i eit trygt bumiljø
  2. Mellombels butilbod skal bare unntaksvis nyttast av barnefamiliar og unge, og slike opphald skal ikkje vara meir enn tre månedar.
  3. Bustadløyse blant barnefamiliar og unge skal forebyggast og reduserast.

Oversikt over barn og unge i hushaldningar med låginntekt som bur i leigd bustad (kommunal eller privat):

Figur 2.8 Barn i ulike hushaldningar 2015 2016 2017
Barn 0-5 år i   hushaldningar med låginntekt som bur i leigd bustad

79,60 %

(landet 62,3 %)

76,5 %

(landet 63,7 %)

 
Barn 6–17 år i   hushaldninger med låginntekt som bur i leigd bustad

77,30 %

(landet 58,1 %)

 72, 5 %

(landet 60,5 %

 

Klepp ligg godt over landsgjennomsnittet når det gjeld barn og unge i låghushaldningar som bur i leigd bustad, noko ein føreløpig ikkje har forklaring på.

Å bu trongt verkar inn på helse og trivsel. Figuren under viser barn 0-17 år som bur trongt, definert ut frå tal på rom og kvadratmeter i bustaden.

Figur 2.9 Bur trongt 0-17 år (2016)
OmrådeDel %
Heile landet 18,5
Rogaland 13,4
Eigersund 12,3
Stavanger 17,8
9,3
Klepp 11,1
Time 12,4
Sola 13,3

Ser ein dei to tabellane under eitt, er det forholdvis mange barn og unge i låginnteksthushaldingar i Klepp som bur i leigd bustad, men det er ikkje så mange som bur trongt. Dei som bur trong, bur både i eigd og leigd bustad.

 

2.4 Arbeidsløyse 

Arbeidsløyse er ein faktor som kan ha negativ innverknad på folkehelsa. Arbeidsledige er ei utsett gruppe, både økonomisk, helsemessig og sosialt.

Samanlikna med landet har Rogaland og Klepp hatt lågare arbeidsløyse i prosent av arbeidsstyrken heilt fram til 2015. I 2015 og 2016 var arbeidsløysa  i regionen høgare grunna nedgang i oljenæringa, men har etter det vore gradvis fallande.  

Figur 2.10  Registrerte arbeidsledige 15-74 år (prosent)
TidspunktKleppRogalandHeile landetTimeEigersundSolaStavanger
2001M12 2 3,1 2,8 1,8 1,3 2,1 2,4 3,7
2002M12 2 3,4 3,4 2,1 1,6 2,9 3,1 4,2
2003M12 2,9 3,9 3,9 2,7 2,1 4,6 3,4 4,7
2004M12 2,6 3,3 3,6 2,4 2,3 2,5 3,4 4,3
2005M12 1,8 2,5 3 1,5 1,5 2,1 2 3
2006M12 1 1,4 2,1 1,2 1,1 1,1 1 1,7
2007M12 0,7 1 1,6 0,6 0,7 1,2 0,8 1,1
2008M12 1 1,3 2 0,6 0,7 1,4 1 1,2
2009M12 1,9 2,2 2,6 1,6 1,7 2,4 2 2,1
2010M12 1,8 2,3 2,7 1,6 1,9 2,5 1,7 2,2
2011M12 1,7 1,9 2,4 1,2 1,5 1,9 1,3 1,7
2012M12 1,5 1,7 2,4 1,2 1,7 1,3 1,3 1,5
2013M12 1,7 2,1 2,6 1,4 2 2,2 1,5 1,9
2014M12 2,2 2,4 2,7 1,7 2,1 2 1,7 2,2
2015M11 3,8 4,1 2,9 3,4 3 4,2 4,5 4,4
2016M11 4,2 4,5 2,8 3,4 2,8 5,1 5,6 5,2
2017M11 2,9 3,1 2,3 2,5 2 3 3,9 3,7

  

Figur 2.11  Registrerte arbeidsledige 15-29 år pr 1.jan (prosent)
årKleppRogalandHeile landetTimeEigersundSolaStavanger
1990 4,8 5,7 5,1 4 4,2 4,5 5,2 5,2
1991 3,8 5,2 5,2 3,8 4,1 3,8 3,6 4,9
1992 4 5,1 5,9 3,5 4 4,5 4,1 4,6
1993 3,7 4,3 6 3 3 3,8 3,9 4,3
1994 2,8 4,3 5,7 2,7 2,8 3,1 3,8 4,5
1995 3,3 4,6 5,3 4,1 3 4,6 3,3 4,8
1996 2,6 4 4,5 2,7 2,6 2,9 2,7 4,5
1997 2,1 3,2 3,8 2,6 2,2 2,8 2,3 3,8
1998 1,5 2,1 2,7 1,4 1,5 1,4 1,6 2,7
1999 2,1 1,8 2,7 1,4 0,8 1,4 1,2 2,2
2000 2,1 2,8 2,9 2 1,7 2 2,1 2,7
2001 2,6 3,4 2,9 2,9 2,4 2,5 2,2 3,4
2002 2,9 3,4 3,3 2,1 1,9 2,1 2,6 3,8
2003 2,6 3,9 4 3,3 2,3 3,8 3,6 4,3
2004 3 4,1 4,3 2,8 2,1 3,8 3 4,7
2005 3,1 3,6 3,9 2,6 2,3 3,4 2,8 4,3
2006 1,5 2,4 3,1 2 1,5 2,8 1,5 2,6
2007 1,1 1,4 2,1 1,3 1,2 1,6 0,7 1,5
2008 0,8 1,1 1,6 0,9 0,9 1,4 0,6 0,9
2009 1,5 1,5 2,4 1 1,1 1,6 1,3 1,3
2010 3 2,6 3 2,6 2,7 2,8 2,5 2,2
2011 2,1 2,3 2,9 1,8 2,4 2,6 2 2
2012 1,5 1,7 2,5 1,3 1,9 1,7 1,4 1,4
2013 1,5 1,6 2,5 1,6 2,1 1,7 1,4 1,2
2014 2 1,9 2,7 1,7 1,8 2,2 1,5 1,5
2015 2 2 2,3 1,6 1,6 1,7 1,6 1,6
2016 3,4 3,1 2,5 2,7 2,0 3,7 4,2 2,8
2017 3,6 3,0 2,2 2,7 1,9 3,0 4,4 2,8
2018 2,1 1,9 1,7 1,7 1,2 1,4 2,6 1,8

2.5 Sjukefråvær i befolkninga

Sjukefråværet viser svak nedgang for landet siste to åra, men i Klepp og Rogaland har det gått opp.  Figuren syner prosentvis kor mange dagsverk som har gått tapt på grunn av sjukefråvær meldt frå lege. Her er det teke omsyn til deltidsarbeid og om ein er heilt eller delvis sjukemeld. Lange sjukemeldingar aukar risikoen for uførepensjon seinare. Om ein fyrst vert uføretrygda er det sjeldan at personen kjem attende i arbeidslivet.

Figur 2.12 Legemeldt sykefravær for arbeidstakarar
årKleppRogalandHeile landetTimeEigersundSolaStavanger
2015 5,4 5,1 6,0 5,2 5,6 5,2 4,7 4,8
2016 5,4 5,2 5,9 5,2 5,6 5,6 4,8 4,9
2017 5,8 5,3 5,9 5,2 5,5 5,6 4,8 5,0

 

2.6 Arbeidsuføre

Ein viktig indikator på den fysiske og psykiske helsetilstanden er kor stor del av befolkninga som er i arbeid. Dette må sjåast i samanheng med lokal næringsstruktur, arbeidsmarknad og utdanningsnivå. Grupper som står utanfor arbeidsliv og utdanning har ofte dårlegare psykisk helse og meir usunne levevanar enn dei som er i arbeid.

Figur 2.13 Uføre 18-44 år, prosent
årKleppRogalandHeile landetTimeEigersundSolaStavanger
2000-2002 3,2 2,5 3,1 2,7 3 3,6 1,8 2,1
2001-2003 3,1 2,5 3,1 2,7 3,1 3,6 1,9 2,1
2002-2004 3,1 2,6 3,1 2,8 3,1 3,6 2 2,1
2003-2005 3,1 2,6 3 2,9 3,2 3,6 2 2,1
2004-2006 3 2,6 2,9 2,9 3,1 3,6 2 2,1
2005-2007 2,8 2,4 2,8 2,8 3 3,5 1,9 1,9
2006-2008 2,6 2,3 2,6 2,7 2,8 3,2 1,7 1,8
2007-2009 2,4 2,2 2,4 2,5 2,6 2,9 1,6 1,7
2008-2010 2,2 2,1 2,3 2,4 2,6 2,7 1,5 1,6
2009-2011 2,1 2,1 2,3 2,6 2,6 2,6 1,5 1,6
2010-2012 2,1 2,1 2,4 2,8 2,6 2,7 1,5 1,7
2011-2013 2,2 2,2 2,5 3 2,6 2,8 1,5 1,8
2012-2014 2,3 2,4 2,6 3 2,7 3,2 1,5 1,9
2013-2015 2,3 2,4 2,6 3,1 2,7 3,5 1,5 1,9
2014-2016 2,3 2,5 2,7 3,1 2,9 3,7 1,7 2

Tabellen viser at Klepp ligg under lands- og fylkessnittet når det gjeld uføre i alderen 18-49 år.