<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

7. Helsetilstand

Levevanar knytt til ernæring, rus, tobakk og aktivitet verkar inn på dei store folkesjukdomane som KOLS, hjarte/karsjukdom, overvekt, diabetes og psykiske lidingar. For å førebygga sjukdom må ein i større grad legga vekt på å redusera sosiale ulikheiter som aukar risiko for uheldige levevanar og sjukdom.

7.1 Livsstilssjukdommar 

Klepp kommune skil seg ikkje negativt ut samanlikna med andre kommunar i forhold til hjarte-/karsjukdom, KOLS, kreft eller diabetes.

 

Hjarte- og karsjukdommar
Statistikk som gjeld innbyggarar under 75 år, viser at Klepp har fleire konsultasjonar hos fastlege eller legevakt, for hjarte- og karsjukdom (2014-2016). Færre vert likevel behandla med medikament i primærhelsetenesta for hjarte og karsjukdom enn i landet elles.

Klepp skil seg positivt ut når det gjeld dødelegheit av hjarte- og karsjukdomar i yngre aldersgrupper og blant aldersgruppa opp til 75 år. Her ligg tala lågare enn nivået i fylket og i landet. Hjartedødsfall for alle aldersgrupper er på same nivå som landet og fylket.

 

Figur 7.1  Dødligheit, hjartesjukdom 0-74 år (tal per 100.000 innb)
 KleppRogalandHeile landet
1990-1999 64,9 77,7 85,4
1991-2000 59,4 71,4 79
1992-2001 50,5 66,3 73,1
1993-2002 48,9 61,1 67,7
1994-2003 46,4 56 62,5
1995-2004 43,9 51,8 57,3
1996-2005 38,4 47,2 52,1
1997-2006 27,4 44,1 48,2
1998-2007 25,6 41,1 44,6
1999-2008 20,2 37,2 41,1
2000-2009 18,6 34,1 38,1
2001-2010 18,9 31,3 35,5
2002-2011 17,6 29,9 33,3
2003-2012 16,3 27,6 31,3
2004-2013 17,4 26,3 29,8
2005-2014 18,5 24,9 28,3
2006-2015 18,1 24 27,2
2007-2016 18,4 22,4 26

Type 2 diabetes
Kleppsbuen skil seg lite ut frå innbyggjarane i fylket i bruk av legemiddel for å behandla diabetes type 2 (alders- eller livsstils-diabetes). Innbyggjarane bruker ikkje meir legemiddel enn fylkesnivået og ligg noko under landsnivået. Fleire av fastlegane i Klepp rapporterer til  eit kvalitetsprogram (Noklus) som gjev dei årleg tilbakemelding på deira diabetesbehandling.

 

Kronisk obstruktiv lungesjukdom
Personar med berre grunnskuleutdanning har 3 gonger høgare risiko for KOLS enn personar med universitetsutdanning. Innbyggjarane i Klepp skil seg lite ut frå landsnivå på behandling i spesialisthelsetenesta eller i medisinbruk for KOLS. Tal på personar med KOLS vil truleg halda seg høge i åra framover, men reduksjonen i talet på røykarar vil på lengre sikt redusera talet på nye KOLS-tilfelle. I 2015 var KOLS den tredje hyppigaste dødsårsaka i Norge, etter hjarte- karsjukdomar og kreft.

  

Tannhelse for barn og unge
Tilbodet om offentleg tannhelse i Klepp blir gitt av Tannhelse Rogaland. Tenesta omfattar helsefremmande og førebyggjande arbeid, samt gratis tannbehandling til prioriterte grupper. Mellom anna gjeld dette barn og ungdom.  Tilbodet er gratis fram til 18 års alder og for psykisk utviklingshemma, pasientar i institusjon og rusmiddelavhengige på langvarige behandlingsopphald. Målet er at folk skal kunna ta vare på tennene heile livet. I eit folkehelseperspektiv er tannhelsetenesta viktig i oppfølginga av barn og unge. Tannhelsa hos barn og unge vert kartlagt ved bruk av Dental Misted Filled Teeth (DMFT) for 5-åringane, 12-åringane og 18-åringane.

 

Figur 7.2 Kariesfrie tenner hos barn og unge i Klepp, prosentvis DMFT
 5 år12 år18 år
2007 79,8 36,7 3,6
2008 84,2 32,6 10,7
2009 84,9 32,5 8,5
2010 71,2 39,2 8,15
2011 84,3 56,1 11,9
2012 74,3 46,4 11,4
2013 78 53,2 13,2
2014 82,9 50 12,4
2015 81,6 52 17,2

Prosentvis DMFT syner kor stor del som ikkje har hatt karies (Tal frå Tannhelsa Rogaland).

Erfaringane frå tannhelsetenesta er at ungar i familiar med innvandrarbakgrunn kan ha auka førekomst av karies i mjølketennene. I Norge er det fokus på kariesførebygging frå fyrste tann, medan mange andre kulturar ikkje har same praksis. Tannhelse Rogaland opplyser om at den skilnaden utjamnar seg etter at mjølketennene er mista.

 

7.2 Psykiske vanskar

Psykiske vanskar er tilstandar som blir opplevd belastande, men ikkje i så stor grad at dei blir karakteriserte som diagnosar. Ei psykisk liding vert diagnostisert etter fastsette kriteriar. I løpet av 12 månadar vil om lag 16- 22% av vaksne ha ei psykisk liding. Psykiske lidingar omfattar heile spekteret frå enkle fobiar og lettare angst og depresjonslidingar til alvorlege tilstandar som schizofreni og psykosar. Psykiske lidingar og ruslidingar førekjem ofte samtidig. Mange med psykiske lidingar har ikkje vore i kontakt med helsevesenet. 

Det er betydeleg auka sjukelegheit og dødelegheit av fysiske sjukdomar som hjertekarsjukdom og diabetes hos personar med psykiske lidingar. Samtidig har pasientar med alvorleg fysisk sjukdom auka risiko for å utvikla psykiske lidingar som depresjon. Låg sosioøkonomisk posisjon gjev auka risiko for psykisk liding. Samstundes kan psykiske lidingar gje vanskar med utdanning og uførleik i arbeidslivet.

Kleppsbuen bruker ikkje meir medisin mot psykiske lidingar enn fylket og landet samla sett. Innbyggjarane skil seg heller ikkje ut når det gjeld konsultasjonar hos fastlege og legevakt for psykiske vanskar og lidingar.

 

Barn og unge si psykiske helse
Dei fleste barn og unge i Norge trivst og har god psykisk helse. Undersøkingar visar at det store fleirtalet  er nøgde med liva sine. Samstundes får mange diagnostisert psykiske lidingar i løpet av barne- og ungdomstida. Grunnlaget for den vaksne befolkninga si psykiske helse og livskvalitet blir lagt allereie i barne- og ungdomsåra.

Barn som veks opp med foreldre med psykiske lidingar og/ eller alkoholmisbruk, har auka risiko for å oppleva alvorlege negative hendingar. Dette gjeld mellom anna auka risiko for vald, omsorgssvikt, seksuelle overgrep og å døy tidleg. Desse barna har og auka risiko for sjølv å utvikla psykiske lidingar (Torvik og Rognmo 2011). Om lag 23 % av barn mellom 0 og 18 år har foreldre med ei psykisk liding som kan gå ut over dagleg funksjon og om lag 10% har ein eller to foreldre med alvorleg psykisk liding.

Det er godt dokumentert at miljøet i barnehagen eller på skulen som barn og ungdom tilhøyrer, har stor innverknad på helsa. Gode miljø med tydelege og gode pedagogar, kor ein fremjar meistring og unngår sosial eksklusjon, vernar mot psykiske vanskar og lidingar. Derimot er skular med dårleg leiing eller dårlege læringsmiljø, til dømes med mykje vald og mobbing, svært skadelege.

Befolkningsbaserte studie viser at psykiske lidingar er vanleg hos barn og unge:

  • I studie frå Bergen og Trondheim hadde omkring 7 prosent av barna symptom som stemmer overeins med ein psykisk liding på undersøkelsestidspunktet (Heiervang, 2007; Wichstrøm, 2012).
  • Tilsvarande studie frå USA, Storbritannia og Nederland har vist tal frå 7 til 23 prosent. Tala er høgare hos tenåringar enn hos yngre barn.
  • To av studiene har også vist kor mange som har hatt ein psykisk liding gjennom heile livsløpet (livstidsførekomst). Ein fann at 45 prosent av barn i alderen 6-8 år og 50 prosent av tenåringar hadde hatt ein psykisk liding (Merikangas, 2010a; Kroes, 2001).

I Norge blir  rundt 5 prosent av barn og ungdom i alderen 0-17 år behandla i barne og ungdomspsykiatrisk avdeling/ poliklinikk (BUPA) kvart år. Kor stor del av barna per 1000 som var registrert med ein diagnosekode for psykisk liding og/ eller adferdsforstyrring i BUP i perioden 2008 – 2016, etter kjønn og alder er vist i figur 7.3:

BUPA

 

  • Blant jenter i alderen 15-17 år har den delen som får diagnosar i BUP auka frå 5 prosent i 2011 til 7 prosent i 2016. I denne gruppa er dei hyppigaste diagnosane depresjon, angst, tilpassningsforstyrring og spiseforstyrring.
  • I aldersgruppene 5-9 år og 10-14 år er det flest gutar som får diagnosar som gjeld psykiske lidingar. Gutane har høgast risiko for utviklingsforstyrringar som debuterer tidleg i livet, som ADHD, autismespekterforstyrringar og Tourettes syndrom, og for atferdsforstyrringar.
  • Delen barn med diagnose er svært låg i aldersgruppa 0-4 år.

Resultat frå Ungdata syner at det i 2010 var ein høgare førekomst av psykiske plagar i Klepp enn i andre kommunar. 2013-undersøkinga syner ei forsiktig positiv utvikling. I siste undersøking frå 2016 ligg vi likt med landsnivået (13% svarar at dei siste veka har hatt plager som omtalt under), men noko over fylkesnivået (11%).

I Ungdataundersøkinga i 2016 vart undomsskuleelevane spurde om dei hadde hatt nokre av følgjande plager siste veka:

  • Følt at alt har vore eit slit
  • Hatt søvnvanskar
  • Følt seg ulykkeleg, trist eller deprimert
  • Følt vonløyse om framtida
  • Følt seg stiv eller ikkje klart å slappa av eller
  • Uroa seg for mykje om ting.

Forskning gjev ikkje eintydige svar på om psykiske problem aukar hos unge. Likevel tyder fleire studier på at det er auke i depressive symptom hos jenter. Det har vore ein klar auke i talet på unge uføre med diagnosar som angst og depresjon.

Klepp kommune har psykologteneste og familieeining knytt til helsestasjonen. Desse tenestene er lågterskeltilbod som driv korttidsbehandling  av barn og gir støttesamtalar til foreldre og oppfølging av familiar. Psykologtenesta skal i hovudsak arbeida førebyggjande og med tidleg avdekking for å koma inn tidleg med tiltak. Psykologane i Klepp får i hovudsak tilvist barn og unge frå helsestasjonane og skulehelsetenesta. Lettare angst og depresjon har vore hovudgrunnane for å søkja hjelp. Diagnosane blir fleire og dei blir stilte tidlegare enn før. Utfordringa er å leggja til rette slik at barn og unge med psykiske utfordringar får tilpassa skulegang, opplever meistring og integrering i miljøet, og får hjelp slik at plagene ikkje blir forsterka.

Skulehelsetenesta får ei stadig viktigare rolle, og skal i større grad gå inn på systemnivå i barnehagane og skulane og arbeida førebyggjande og systematisk i forhold til barn og unge si  psykiske helse.  Skulehelsetenesta skal inn i planverk på overordna nivå og på enkeltskulenivå i tråd med  plan for psykisk helsearbeid for barn og unge i Klepp 2017-2020. For å styrka samhandlinga på dette området endrar kommunen organiseringa av tenestene frå august 2018, slik at helsestasjonen, familieeininga/ psykologtenesta og barnevernet blir ein del av tenesteområdet Barn og unge.

Når det gjeld utgreiing og behandling av meir alvorlege psykiske symptom og lidingar hos barn er det som regel fastlegen som tilviser barnet/ ungdommen til utredning hos BUP (Barne og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) Bryne. I 2015 vart 81 barn henviste til BUP, og i 2016 vart 102 barn frå Klepp henviste til BUP.

 

Samlivsbrot
Årleg er det om lag 20.000 barn i Norge som opplever at foreldra skil lag. 2/3 har gifte foreldre og 1/3 er barn av sambuarar. Det er 3 gonger høgare risiko for at barn av sambuarar opplever at foreldra skil lag, enn barn av gifte foreldre. Når barnet får ha god kontakt med begge foreldra etter eit samlivsbrot, og det er godt samarbeid mellom foreldra, minskar risikoen for at barnet skal få ei negativ utvikling etter samlivsbrotet.

På helsestasjonen ser ein at barn og unge som opplever at foreldra skil lag og samstundes opplever at konfliktnivået er stort mellom foreldra, utgjer størstedelen av dei som søkjer hjelp. Dei unge tar sjølv  kontakt, eller så melder foreldra frå om at barna/ungdommane treng hjelp.

Skulehelsetenesta har gruppetilbod til barn som opplever eller har opplevd samlivsbrot mellom foreldra.

 

Flyktningebarn og barn frå innvandrarfamiliar
Fleire undersøkingar viser at flyktningar har auka risiko for psykiske problem i form av depresjon, posttraumatisk stressliding og psykosomatiske problem. Innvandrarar har og auka risiko for schizofreni og andre psykoselidingar samanlikna med befolkninga elles.  Psykiske lidingar er meir utbreidde blant flyktningar og asylsøkjarar som har opplevd tortur, krig og andre traumatiske hendingar. Risikoen for PTSD og andre psykiske lidingar auker også med lengde på opphald i mottak og med arbeidsløyse.

Studiar viser høgare førekomst av emosjonelle vanskar og atferdsforstyrringar hos flyktningebarn. Mest vanleg er PTSD, angstlidingar med søvnvanskar og depresjon .Gode tiltak for  flykninge- og innvandrarbarn handlar i hovudsak om å legge til rette for å styrka meistring og skapa meining. Viktige faktorar er sosial støtte, familie og nettverk, bustadforhold, aktivitetar, språk og kjennskap til land og kultur.

 

Kroppsfiksering
Perfekt kropp og livsstil står sentralt i mange ungdomsmiljø. Det er eit aukande gap mellom unge som tek kropp og helse på alvor og dei som ikkje bryr seg. Mange unge, særs jenter, opplever eit konstant press for prestasjonar på skulen, trening, sunt kosthald og livsstil. Dei vert utsette for dette frå presse, sosiale medier og i omgjevnadane. Dette fører til at enkelte vel å ta drastiske steg for å oppnå ein perfekt kropp, som til dømes bruk av doping eller at dei utviklar tvangstankar/handlingar kring kosthald og aktivtetsnivå. Ungdomane treng å vera trygge på eigen kropp og identitet for å få eit godt sjølvbilete og god utvikling.

Utfordringar for kommunen er å styrka faktorar som fremjar helse og trivsel, sikra at alle barn vert sette og høyrde og få høve til å veksa og nytta evna sine. Barn og unge som står i fare for å utvikla psykososiale problem, må oppdagast tidleg og få samanhengande og gode tenestetilbod. Samarbeidet mellom heimen, barnehage eller skule og helsestasjonen er ein føresetnad for å lukkast.

Sjølvmord
I Norge var det 614 sjølvmord i 2016 (418 menn og 196 kvinner). I Rogaland har talet på sjølvmord dei seinare år lege mellom 9,6 og 13 sjølvmord per 100 000 innbyggjarar per år. Vi har ikkje tal på kommunenivå, men vert tala overført til Klepp tilseier dette at 2-3 menneskje tek sitt eige liv i Klepp kvart år.


Rundt 60% av alle sjølvmord skjer i aldersgruppa under 50 år. Eit ukjent tal sjølvmord er skjult som ulykker, og sjølvmord hos gamle har og mørketal.


Årsakene til sjølvmord er samansette. Sjølvmordsrisiko er høgare hos personar med psykiske lidingar som depresjon og schizofreni, men det er bare ein svært liten del av menneskje med psykiske lidingar som tek sitt eige liv. Sjølvmordsrisiko er og auka hos personar med alvorleg fysisk sjukdom. Ca 44% av dei som tek sitt eige liv har vore hos fastlegen siste månad før sjølvmordet. Førebyggjande arbeid bør skje på fleire arenaer: i utdanningsinstitusjonar, arbeidsliv, politi, sosialetat, eldreomsorg, tilgang på våpen og giftige stoffer. For å førebyggje sjølvmord treng ein og ei godt utbygd psykisk helseteneste og tilgang på psykiatrisk behandling (WHO). Tidleg avdekking og innsats er her viktig, og samarbeid mellom skule, heim og helseteneste. 

 

7.3  Traumatisk oppvekst

Vald i nære relasjonar
Vald i nære relasjonar rammer mange. Omtrent tre av ti jenter og fire av ti gutar har opplevd minst ei valds- eller overgrepshending gjennom barndommen. Blant vaksne har rundt 15 prosent opplevd mindre alvorlig vald frå partnar (menn og kvinner), mens omtrent seks prosent kvinner har opplevd alvorlig vald frå partnar. Ei av ti kvinner opplever å bli valdteke i løpet av livet.

Utanom spørsmål om vald i Ungdataundersøkingane, er det ikkje gjennomført innbyggjarkartleggingar som kan seia noko eksakt om førekomst av vald i nære relasjonar i Klepp.  Det er ingen grunn til å tenka at innbyggarar i Klepp er annleis enn andre stadar i landet, så tala frå bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) gjeld nok i Klepp kommune og.

Å vera utsett for vald kan føra til negative konsekvensar på ein slik måte at det gir utfordring for samfunnsdeltaking og folkehelse. Å førebygga vald, og å avdekka og gi god hjelp til utsette og utøvarar, er derfor ei sentral oppgåve for offentlige styresmakter. Klepp kommune vil inngå avtale med Alternativ til vold (ATV) frå januar 2019. Der vil både utsette og utøvarar kunna få kvalifisert hjelp.

Sidan 60-åra har det vore ein tydeleg nedgang i mindre alvorleg vald frå føresette. Dette heng saman med kunnskap om negative konsekvensar av vald og at haldningar til fysisk straff i barneoppsedinga har endra seg (Bufdir 2018). Når det kjem til alvorleg vald mot barn, har ein ikkje sett den same nedgangen.

 

Barn og unge som veks opp med vald 
Konsultasjonsteamet for vald og overgrep i nære relasjoner blei oppretta i 2010. Dei har totalt behandla 35 saker med slik fordeling. Åtte saker i 2010, ni i 2011, ni i 2012, fem i 2013 og fire i 2014.  Sakene er meldt inn av barnevernstenesta (12), skule (6), barnehage (6), helsestasjon (4), privat (3), OUT (1), PPT (1), frivilligsentralen (1). 

Å bli utsett for vald, seksuelle overgrep eller mobbing som barn, kan gje ein vanskelig start på livet. Dette gjeld særleg dersom valden er gjentakande eller blir utøva av nokre som står barnet nær. Nokre opplever fleire belastninger og har vanskar på mange livsområde samtidig. Barn som har traumatiske opplevingar i barndommen, presterer oftare dårlegare på skulen enn andre barn, og dei har oftare atferdsproblem som aggressiv atferd og depresjon (Bufdir 2018).

Ei undersøking frå 2015 viser at meir enn 1 av 5 barn blir utsette for mindre alvorleg fysisk vald frå foreldra  i oppveksten og 6 % av 18-19 åringar svarar at dei har opplevd alvorleg fysisk vald frå foreldra i oppveksten. Alvorleg fysisk vald vil seia at ein har blitt banka opp, sparka, slått med knyttneve eller tilsvarande. Like mange gutar som jenter har blitt utsette for alvorleg vald frå foreldra. Innvandrarbakgrunn frå ikkje-vestlege land, dårleg familieøkonomi og rusproblem hos foreldra aukar risiko for slik type vald (Mossige og Stefansen 2016).

Barn og unge som veks opp med vald

  • Figur 7.4 Kilde: Mossige & Stefansen 2007, 2016

8 % av 18-19 åringane har opplevd fysisk vald mellom foreldre. Barn og unge som har vore vitne til vald mellom foreldra, har auka risiko for sjølv å bli utsette for vald frå begge foreldra. Barn som blir utsette for vald blir i større grad enn andre også utsette for vald i vaksen alder. Vaksne som sjølv har blitt utsette for vald som barn, utset også oftare andre for vald, enn vaksne som sjølv ikkje har erfaring med vald.

I tillegg til frykt og dei fysiske skadene etter konkrete valdssituasjonar, kan valdsutsette barn få varige helseplager. Det er mellom anna vist at vald kan få konsekvensar for barnet sin nevrologiske, kognitive og emosjonelle utvikling og psykiske helse.

Mange barn fortel ikkje til andre om valden dei blir utsette for. 43 % av jentene og 30 % av gutane som blir utsette for alvorleg vald frå føresette, hadde snakka med helsepersonell om hendinga eller relaterte helseproblem ( Thoresen og Hjemdal 2014).

Skal ein nå mål om å skapa trygge oppvekstkår for barn og unge, må kommunen auka fokus og innsatsen for å redusera vald i nære relasjonar. Ein må bryta mønstra som teiknar seg og som blir kopierte til stadig nye generasjonar. Barnevernet i Klepp er i gang med eit kompetansehevingsprosjekt i samarbeid med Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest). Kompetansehevinga skal styrka barnevernsarbeidarane si handlingskompetanse i komplekse barnevernssaker, samt gje tenesta rettleiarkompetanse knytt til samtalar med barn. Det vil ta litt tid før kommunen ser resultat av dette samarbeidet.

 

Meldingar til barnevernet
I løpet av 2016 fekk 54 620 norske barn og unge i alderen 0 -22 år tiltak frå barnevernet. Manglande foreldreferdigheiter og høg grad av konflikt i heimen var dei to hyppigaste grunnane til at barn og unge kom inn i barnevernet. Oftast er det meir enn ein grunn som ligg til grunn for tiltak.

Figur 7.5 Meldingar og undersøkingssaker barnevernet i Klepp 2014 2015 2016 2017
Tal på meldingar 352

288

247 237
Undersøkingssaker 239

240

199 219

Tal på melde saker til barnevernet i Klepp har auka frå 2011 til 2014. Minst like viktig som talet på meldingar, er informasjon om kor mange av meldingane som har ført til vidare undersøking. Som tala syner har det vore auke både i talet på meldingar og talet på dei sakene som har gått vidare til undersøkingssaker. Skiljet mellom meldingar og undersøkingar skuldast mellom anna fleire meldingar i ei og same sak.  Klepp ligg prosentvis under landsgjennomsnittet når det gjeld meldingar og undersøkingssaker til barnevernet. Årsaka til dette er trulig samansett, og kan fortelja både om barns situasjon og om kor aktive dei ulike fagmiljøa er til å melda saker.

Dei seinare åra har rundt 37 % av melde saker handla om barn 0-6 år. Det same gjeld gruppa 7-12 år, mens rundt 30 % gjeld dei eldste 13-18 år.