<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

6. Helserelatert atferd

Både fysisk aktivitet, fornuftig kosthald, måtehald med alkohol, tilstrekkeleg med søvn og å unngå røyking, er faktorar som bidreg til betre helse.

 

6.1. Fysisk aktivitet

Regelmessig fysisk aktivitet er godt for helsa på fleire vis. I tillegg til å gje glede og trivsel, reduserer ein risikoen både for depresjon og angst og for fleire livsstilssjukdomar, som hjarte- og karsjukdomar, diabetes type 2 og utvikling av fedme.  Risikoen for enkelte kreftsjukdomar, mellom anna tjukktarmskreft, minskar også ved regelmessig fysisk aktivitet. Fysisk aktivitet bidreg til sterkare beinbygning/førebygger beinskjørheit og betrar muskelstyrke og balanse. Regelmessig fysisk aktivitet gjev i gjennomsnitt 8 ekstra leveår.

Det blir tilrådd minst 150 minutt per veke med moderat fysisk aktivitet. Dette kan til dømes vere turgåing eller å sykla eller gå til jobb. Treninga må vera tilpassa den enkelte. Dei som er i dårlegaste form, har aller mest å vinna på og bli fysisk aktive. Dette gjeld sjølv i høg alder. Ved høg alder er det spesielt svekka muskelstyrke og balanse som kan gje store utslag på kor sjølvhjelpt ein er.

Forsking viser at det blant ungdom er like mange som trener i dag som for 20 år sidan. Samtidig er mange lite fysisk aktive i kvardagen elles. Vi brukar mykje tid ved skjermar og bilbruken har auka.  

Figur 6.1 Ungdom og trening (kjelde Ungdata) Klepp 2013 Klepp 2016 Rogaland 2016
Kor mange % som trener minst ein gong i veka (i regi av idrettslag, på treningsstudio, trimming på eiga hand eller annan organisert trening som til dømes dans)   82 82
Kor mange % som har vore aktive i eit idrettslag siste månad 52 63 65

 

Tabellane syner at delen ungdomsskuleelevar som er aktive i eit idrettslag i Klepp, har auka frå 52 %  i 2013 til 63% i 2016. 82 % av ungdomsskuleelevane trenar anten på eiga hand eller i regi av organisert aktivitet minst ein gong i veka. 12 % av ungdomsskuleelevane i Klepp er lite fysisk aktive (Ungdata 2016).

I tillegg til organisert idrettsaktivitet i idrettslag finst fleire andre tilbod om fysisk aktivitet, mellom anna via Friskliv Jæren og Klepp frivilligsentral. Dei fleste av desse tilboda er på dagtid. Utfordringa framover blir å styrka lågterskeltilbod ytterlegare og å klara og nå ut til dei som er fysisk inaktive. Det kan til dømes vera fleire tilbod på ettermiddag og kveldstid, og tilbod i løpet a sommarferien. Det er spesielt viktig med arbeid inn mot barn og unge for å etablera gode vanar tidleg.

 

6.2 Fedme og overvekt

Overvekt skuldast ubalanse mellom energiinntak og energiforbruk. Genetiske faktorar påverkar sannsynlegvis den enkelte sin sjanse til å utvikla overvekt og fedme. Likevel handlar overvekt og fedme i hovudsak om levevanane våre. Mange faktorar dreg i same retning. Ei samfunnsutvikling med meir stillesitting i det daglege kombinert med  stort tilbod av kaloririke matslag og drikke bidreg til vektauke i befolkninga.

Fedme betyr at kroppsmasseindeksen (vekt/høyde x høyde) er høgare enn 30. Ca 20% av den vaksne befolkninga i Norge har fedme. Kroppsmasseindeks mellom 25 og 30 betyr overvekt. Førekomsten av overvekt og fedme aukar med alderen, og er høgast hos 50-60 åringar. Overvekt aukar risikoen for hjarteinfarkt, hjerneslag og andre karsjukdomar. Risikoen for diabetes type 2, artrose/leddsmerter og fleire andre sjukdomar aukar også.

E001

Overvekt hos barn har auka i heile den vestlege verda frå 60-70 talet og framover til ca 2008. Barnevekststudien i Norge blant 8-9 åringar viser at delen barn med overvekt og fedme ser ut til å ha stabilisert seg dei siste åra. Innsatsen frå foreldre, barnehagar og skular med auka merksemd på kosthald og fysisk aktivitet har truleg medverka til dette. Tal frå 2015 viser på landsbasis at 17% av jentene og 13% av gutane var overvektige i 3. klasse.

Førekomst av fedme hos barn ser ut til å henga saman med foreldra sin sosioøkonomiske status. Målet med å førebyggja overvekt og fedme blant barn må vera å bidra til at barna får betre helse, samtidig som ein jamnar ut sosial ulikheit i helse. Pr i dag vert veging og måling av barn i 3. og 8. steg utført av skulehelsetenesta, i tillegg til kontrollane av førskulebarna. Klepp kommune tilbyr tverrfagleg oppfølging av barn med fedme i regi av helsestasjonen. Dette tilbodet skal styrkast ytterlegare også med auka fokus på førebygging. Elles skjer det mykje førebygging og oppfølging av overvekt både hos fastlegane og mellom anna i regi av Friskliv Jæren.

Overvekt/fedme blant menn på sesjon (KMI >25) ligg på 22 % i Klepp. Det er om lag det same som landsgjennomsnittet.

Utfordringa vert å tilby effektive, førebyggande tiltak og sikra god oppfylging for dei familiane kor barn står i fare for  eller har utvikla overvekt eller fedme. Det er viktig å hindra stigmatisering og uro rundt eit felt som mange opplever som komplisert.

 

6.3 Bruk og misbruk av rusmiddel

Tobakk
Røyking aukar risikoen for redusert helse og levealder. Om lag halvparten av dei som røyker dagleg i mange år, døyr av sjukdomar som skuldast tobakk. Mange får helseplager og redusert livskvalitet. Trenden er at færre røykar i dag enn tidlegare. Delen som røykar dagleg har falt frå 33 % i 1997 til 11 prosent i 2017.

Når det gjeld kor stor del av kvinnene som røykar ved 1. svangerskapskontroll syner tal for Klepp at 10% av desse røykte i perioden 2012-2016. Tilsvarande tal for Rogaland fylke var 7%. Klepp ligg noko høgt, sjølv om dette er lågare en tidlegare år.

Ungdomar i Klepp har delteke på fleire spørjeundersøkingar når det gjeld røyking. 12,2% av ungdomane røykte dagleg i 2002. I 2016 oppgav 3 % av ungdomsskuleelevane at dei røykte dagleg eller kvar veke, medan 4% av ungdomsskuleelevane i Klepp brukte snus dagleg eller kvar veke.

Samstundes som delen som røykar har gått ned, har talet på dei som snusar gått opp. I 2017 var det for første gong fleire som snusa enn som røykte på landsbasis. Delen som snusar dagleg har auka frå 9% i 2012 til 12 % i 2017. (Kjelde Statistisk sentralbyrå).

Alkohol og rusmiddel
I følgje Barne, ungdoms og familiedirektoratet veks meir enn 1 av 4 barn opp saman med ein eller to foreldre som anten har psykisk liding eller alkoholmisbruk som er så alvorleg at det kan gå ut over dagleg fungering. Ein reknar med at om lag 6,5% av barn i Norge har ein eller to foreldre med eit alkoholmisbruk som kan gå ut over omsorgsevna deira. Desse barna står i fare for å utvikla psykiske vanskar. Eit høgt  alkoholforbruk vil auka risikoen for redusert helse og livskvalitet både hos den som drikk og dei pårørande. Ein kan risikera tap av arbeid, inntekt og brotne relasjonar. Alkohol er og ein viktig faktor når det gjeld skadar og ulukker og auka risiko for å bli involvert i valdskriminalitet. Effektivt rusførebyggjande arbeid gjev stor gevinst både for den einskilde, dei pårørande og for samfunnet.

Det er færre ungdomar som drikk alkohol.  Prosentdelen av ungdomane i Klepp som sa at dei minst ein gong siste året hadde drukke så mykje at dei hadde kjent seg tydeleg rusa, har gått ned frå 24 % i 2010 til 12 % i 2013. Dette talet har gått ytterlegare ned til 8,4% i 2016, og Klepp ligg godt under landsnivået som er på 13 %.

Når det gjeld cannabis viser tal frå Ungdata frå 2016 at 3,4% av Kleppungdomane har brukt cannabis (hasj/ marihuana) siste året. Dette er ikkje eintydig annleis enn for landsnivået, men Kleppligg ein del høgare enn nabokommunane, Time (1,5%) og Hå (1,9%)

Mange ungdommar i dag brukar verken tobakk, alkohol eller narkotika. Det er likevel nokre få som gjer det til gangs. Hos desse ungdommane, som røyjer, drikk ofte og eksperimenterer med hasj, marihuana og andre stoff, vil ein truleg finna mange med alvorlege og komplekse psykososiale vanskar.

Førebygging av rusmisbruk hos unge krev ei brei tilnærming. Alt frå individuell oppfølging av risikofamiliar på helsestasjonen til eit godt utbygd lågterskeltilbod med aktivitetar til barn og ungdom. Det er nødvendig med eit systematisk og godt samarbeid mellom foreldre, skule, helsestasjon og andre aktørar. Det er viktig å gje føresette rettleiing og bidra til god undervisning om alkohol, narkotika og tobakk i skulane for å  redusera bruken av rusmiddel. Det er nødvendig med tidleg oppdaging og oppfølging av unge i risikogruppa. Det er sett i verk fleire tiltak i Klepp kommune. Kommunen har mellom anna i mange år hatt eit godt tverrfagleg samarbeid i SLT, der også politiet er med.