<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

4. Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø

4.1. Fysisk, biologisk og kjemisk miljø

Turstiar, gang- og sykkelvegar

Regelmessig fysisk aktiviet i barne- og ungdomsåra er viktig for vekst og utvikling. Det vekar også positivt på psykisk helse, konsentrasjon og læring. Regelmessig fysisk aktivitet i ungdomsåra ser også ut til å vera viktig for å skapa gode vanar for resten av livet.

Tal frå Ungdata i 2016 viser at 11,9 % av ungdomsskuleelevane i Klepp er inaktive. Tala for Rogaland er 13,4 % og for landet 14,1 %.

Kvardagsaktivitet som gange og sykling kan gje store helsegevinstar. Enkel kvardagsmosjon som å gå eller sykla kan vera tilstrekkeleg for å gje ein helsegevinst samanlikna med å sitja stille det meste av tida. Tilrettelegging for gange og sykling gjennom turvegar, gang- og sykkelvegar er ei av kommunen sine oppgåver.

I Klepp kommune har me 12,8 kilometer med kommunale turvegar. I tillegg kjem turstiar og private vegar og turar knytt til strandarealet.

Klepp har 37,4 kilometer med gang- og sykkelvegar langs kommunale vegar. I tillegg er det 18 kilometer gang- og sykkelvegar langs fylkesvegar.

Totalt i Klepp er det 68,2 kilometer tur-, gang- og sykkelvegar. I løpet av dei neste fire åra er det forventa at gang- og sykkelveg langs Lalandsvegen og delar av Nordsjøvegen, samt turveg Figgjoelva står ferdig. Dette vil utgjera ca. 12 kilometer totalt.

Det er utfordrande å finna samanliknbare tal frå andre kommunar, fordi dette blir innrapportert på ulikt vis frå kommune til kommune. I tillegg er det slik at statistikken ikkje er fullstendig. Det kan også stillast spørsmål til om alt skal reknast med på grunn av at det er heilt korte strekk, men i tala over er alt tatt med.

Nærleik til der folk bur og kvaliteten på tur-, gang- og sykkelvegar vil spela inn på kvardagsaktivitet. Det er difor ikkje lengde åleine som definerer kor godt tilbodet er.  

 

Rekreasjon og friluftsliv

Turgåing er den vanlegaste planlagte fysiske aktiviteten i Norge. Tilgjenge i nærmiljøet er avgjerande for at flest mogeleg er i aktivitet. Klepp har begrensa med område som kan nyttast til friluftsliv. Kommunen held på med ei kartlegging og verdsetting av friluftsområde. Denne skal gje ein oversikt over friluftsområda i kommunen og bruken av desse.

I kommunedelplan for fysisk aktivitet er det eit mål at kommunen skal arbeida for at alle har maksimalt 500 meter til friområde eller regional grønstruktur. Undersøkingar frå Sverige peiker på at bruken av parkar og rekreasjonsareal vert redusert med meir enn 50 % dersom desse har ein avstand på 500 meter eller meir (Thorén m.fl. 2000).

Tilrettelegging for område til rekreasjon i tettstadane er viktig. I tillegg er det svært viktig å ta vare på dei områda som er i Klepp og etablera samanhengande vegar og stiar mellom områda.

Definisjon på nærturterreng er naturområder innan 300 meter frå tettstad. Figuren under er henta frå «Regionale utviklingstrekk 2017» og viser at tilgangen til nærturterreng i Klepp er svært låg. Statistikken viser rekreasjonsareal og nærturterreng i alle tettstader i kommunane, men også slike areal som grenser inn til tettstadene blir rekna med). Jordbruksområder og innmarksbeite blir ikkje rekna med, sidan desse i liten grad kan brukast som turområder.

Figur 4.1

 Tilgang til naturterreng                    

Kollektivtrafikk

I Klepp er det kun Jærbanen som kjem med i framtidig stamnett for kollektivtrafikk. Stoppestadane på Øksnevadporten, Klepp stasjon og Bryne (Tu og Tjøtta) vil vera tilgjengelege for Kleppsbuen. Jærbanen har i dag halvtimesfrekvens, men det vert arbeidd med å leggja til rette for kvartersfrekvens.

Busstilbodet til Kleppe er avgrensa til halvtimesfrekvens mot nord på føre- og ettermiddag. Midt på dagen, kveldstid og mot sør er frekvensen timesfrekvens. 

Frå 15. oktober 2018 kan ein ta buss til både nord- og sørgåande tog frå Klepp stasjon. Det blir også sett opp bussruter på laurdagar og søndagar. Dette er eit samarbeid mellom Kolumbus og Klepp kommune for å gje spesielt jobbpendlarar og studentar eit betre tilbod.

Det blir 177 nye bussavgangar i Klepp frå oktober 2018. På kvardagar vil talet på avgangar tur-retur gå opp frå 42 til 67, og på søndagar vil talet gå opp frå ingen til 30 avgangar tur-retur. Laurdagar kjem det 22 nye avgangar tur-retur. Klepp kommune har gått inn med ekstra økonomiske midlar for å få dette til.

Rute 59 går frå Boreringen, gjennom Verdalen og Kleppekrossen og til Klepp stasjon. Dei nye avgangane vil gjera det endå lettare å setja bilen heime.

Senterområdet i Kleppe og dei største bustadkonsentrasjonane i Kleppe og Verdalen har difor eit kollektivtilbod som er betre enn før.

Fv 505 på Orstad er i Regionalplanen merka som hovudkollektivtrase. Dette er følgt opp i den interkommunale kommunedelplanen for Bybandet sør, med bestemming om at det skal setjast av areal til eigen kollektivtrase. Når denne blir realisert, vil området ha god kollektivdekning. Området Tu og Tjøtta har busstilbod på Fv 44, men her og er det ønskjeleg med betre frekvens. I ytre delar av kommunen er kundegrunnlaget for lite til å kunne forventa busstilbod med høg frekvens, trass i at det er barn og unge i desse krinsane som ville hatt nytte at eit tilbod med høg frekvens. I Ungdata undersøkinga seier 58% av ungdomsskulelevane at kollektivtilboda er bra der dei bur. Ei arbeidsgruppe "Folkehelse, møteplassar barn og unge" (2018) der ungdom frå Axis deltok, konkluderte med at kollektivtransporten i Klepp er ei stor utfordring. Det vanskelig for barn og unge å delta på ulike aktiviterar som ligg unna der dei bur. Dei er avhengige av å bli køyrte. Det er enklare å reisa til Bryne for mange, spesielt frå Klepp stasjon, Orstad og Kåsen.

Utfordringa er å gje innbyggarane i kommunen eit kollektivtilbod som er reelt alternativ til privatbilen. Det må arbeidast vidare lokalt og regionalt for å betra kollektivtransporten i Klepp. 

 

Omfang av område utsett for støy, støv eller luftforureining

I Klepp er bustader ofte plasserte tett på jordbruksareal. For å førebyggja ulemper med lukt og støv frå jordbruksnæringa, i den grad det er mogleg å styra, har kommunen fokus på dette i si arealplanlegging. Kommunen mottar klager der innbyggarar opplever sjenanse frå lukt, oftast knytt til primærnæringa. Kva som er til ulempe for helsa til kvar enkelt let seg ikkje slå fast.

Å bu i eit støyutsett område kan ha negativ innverknad på helsa. I Klepp kjem støy i hovudsak frå trafikk langs Fv 44, men innbyggarane kan nok og oppleva støy frå landbruksmaskinar og noko industri. Det er fokus på støy i arealplanlegginga, og støytilhøve blir vurdert i planane.

Årleg døgntrafikk (ÅDT) blir berekna for Fv. 254 Klepp nord (gamle Rv. 44) og Fv. 44 Klepptunellen. Grafane syner at hovudtyngda av store køyretøy ferdast på Fv.44.

Figur 4.2

Årleg døgntrafikk på vegar i Klepp

I 2014 gjorde Statens vegvesen trafikkregistreringar fleire stadar i kommunen. I 2018 starta ein ny runde med registreringar for Fv. 507 Bore, Fv. 510 Bore kyrkje, Fv. 254 Klepp sentrum, Fv. 44 Øksnevad sør og Fv. 510 Verdalen.

Det har i ei årrekkje vore kjent at bustader langs Fv. 505 på Orstad har vore utsette frå støy frå veg og noko industri. Det er no planar om å etablera støyskjerm. Det er og forventa auke i tungtrafikk til og frå Vagle Næringspark og andre utbyggingsprosjekt.

Statens vegvesen kartlegg innandørs støy i bustader. Utrekningane blir gjort med trafikkprognosar fem år fram til 2022.  Dette blei utført i juni 2017, og resultatet for Klepp var følgjande:

 

Figur 4.3 Støy innandørs [35,38>dB [38,42>dB ≥42dB
Tal på bustader 172 76 17

 

Dei 17 bustadene som har støy ≥42 dB er hovudsakeleg lokaliserte langs Fv. 44. Desse bustadane blei følgde opp av Statens vegvesen med ein grundigare gjennomgang av støytilhøva hausten 2017. I denne nye kartlegginga slo Statens vegvesen fast at om lag 10 bustader langs heile Fv 44 i Rogaland var så støyutsette at det utløyste krav om tiltak. Det er liten grunn til å tru at nokre av desse bustadene er i Klepp.

Strategisk støykart

Strategisk støykart syner støysituasjonen frå vegtrafikk ved årsskiftet 2016/2017.

Jernbanen har ikkje medført kjente støyutfordringar i kommunen. Dette kan ha med at områda kring jernbanen, kor det blir produsert mest lyd, ikkje er tett utbygde med bustadar. Dette kan endra seg med utbygginga av Bybåndet sør og da må det bli eit fokus på arealplanlegging som avgrensar støy.

I kommunen finns det eit motorsportsenter og det er to klubbar som driv med radiostyrt motorsport, ein for bilar og ein for fly. Dette er aktivitet som ofte fører til uønska lyd for naboar og omgivnadene. Aktivitetane førekjem om ettermiddag og helg, når folk flest har fritid. Samstundes må ein peika på at lag og foreiningar som dette har positiv innverknad på trivelsen for dei som driv med aktivitetane. Utfordringa framover vil vera aukande støy som følgje av fortetting av bustader og bustadutbygging langs jernbanen.

 

Drikkevatn
Ei av føresetnadene for god helse ligg i tilgang på reint drikkevatn og eit velfungerande renovasjons- og avløpssystem. Dette er faktorar som reduserer førekomst av biologiske faktorar som kan gje sjukdom. Klepp kommune er ein av 13 eigarkommunar i IVAR. Klepp får drikkevatnet frå Langevatn via hovudleiinga som går mellom Tronsholen i Sandnes og Måtningsdal i Hå. Dette sikrar innbyggjarane tilgang på reint drikkevatn. Kvaliteten på drikkevatn er fastsett i Drikkevannsforskriften og vatnet frå IVAR sine vasskjelder tilfredsstiller krava. I Klepp er det god drikkevassforsyning. Det er også tilfredsstillande resultat frå E.Coli målingar.

 

Legionella
I kommunen er det verksemder som nyttar kjøletårn eller luftskrubber i produksjonen. Denne type installasjonar kan gje grobotn for legionellabakteriar, som igjen kan bli spreidde med lufta og gje sjukdom i befolkninga. I verksemdene er det ulik grad av smittepotensiale, og der kor det er potensiell smitterisiko fører kommuneoverlegen tilsyn. Det blir rapportert til kommuneoverlegen månadleg om det er vekst av legionellabakteriar.

 

4.2.Sosialt miljø

Møteplassar

Møteplassar er her eit samleomgrep for organiserte arenaer, hus, lokale, treffpunkt og aktivitet i regi av kommune, frivillige lag og organisasjonar. Det omfattar mellom anna bibliotek, frivilligsentral, ungdomskultursenter, idrettsarenaer, samfunnshus, kyrkjer, livssyns- og andre lokale som er tilgjengelege for innbyggjarane. Møteplassar omfattar både lukka aktivitet i organiserte grupper og arrangement opne for publikum, med eller utan krav om betaling.

Klepp Bibliotek har blitt meirope, noko som inneber at alle innbyggjarane har høve til å nytta biblioteket alle dagar mellom kl. 7.30 og 23.00. Biblioteket har i samsvar med føringane i ny biblioteklov, fått ein utvida funksjon som møtestad, aktivitets- arrangements – og debattarena.

Frivilligsentalen sine aktivitetar og deltakartal er stadig veksande og ungdomskultursenteret Axis når eit segment av ungdom som i liten grad deltar i anna organisert aktivitet.

Ungdata 2016 viser at Kleppungdom er meir nøgde enn landsgjennomsnittet med stader der dei kan treffa andre unge. Kleppungdom er og meir nøgde med tilgangen på idrettsanlegg enn landssnittet.

Innvandrarar og personar med funksjonsnedsetting er generelt underrepresenterte som brukarar av dei fleste offentlege møteplassane og ved kulturarrangement av ulike slag. Mange innvandrarar bruker likevel biblioteket. Mange er deltakarar i aktivitetar i regi av frivilligsentralen. Ein del vaksne innvandrarar nyttar Klepp bedehus og ein del barn med innvandrarbakgrunn er aktive i idrett og også i anna aktivitet.

Sjølv om innvandrarar er godt representerte i ulike tiltak ved frivilligsentralen, utgjer desse berre ein liten del av dei om lag 2200 innvandrarane som bur i Klepp. Stikkord som informasjon, transportvanskar, kulturelle forhold og vanar, sosiale tilhøve, personlege behov og ønskjer samt grad av integrasjon kan forklara denne situasjonen.

Personar frå Polen og Litauen utgjer dei største innvandrergruppene i Kiepp. Inntrykket er at desse er lite representerte i organisasjonsliv og møteplassar i Klepp. Det finst likevel regionale organisasjonar for folk frå desse nasjonane og inntrykket er at mange møtest i regi av slike organisasjonar ulike stader i Sør-Rogaland.

I følgje SSB tal frå 2017 har 38% av den vaksne befolkninga i Norge utført gratisarbeid for frivillige organisasjonar siste 12 månader, men berre 14% av befolkninga over 16 år er aktive medlemmar i 2 eller fleire organisasjonar. Desse tala seier oss noko om kva som kan vera eit realistisk forventningsnivå når det gjeld deltaking.

Kommunen har tilrettelagte fritidstilbod for personar med funksjonsnedsetting, inkludert personar med psykiske vanskar. Desse aktivitetane blir drivne, anten i eigen regi eller i samarbeid med lokale lag og foreiningar, eller nabokommunar. Det finst i dag ikkje systematisk oversikt over kor mange som er innanfor målgruppa, men om lag 125 personar med funksjonsnedsetting deltek jamleg i tilrettelagde kultur- og fritidstilbod i regi av kommunen. Kommunen driv Møteplassen som er definert som eit lågterskel kultur- og fritidstilbod for personar med ruserfaringar. I dag er det om lag 25 personar som nyttar tilbodet på det jamne. Fleire er sporadisk innom. 

  

Kulturtilbod og frivillige organisasjonar

Eit rikt kulturliv er viktig for det sosiale og skapande livet blant innbyggarane, samt for demokratiforståing og trivsel. Klepp kommune nyttar medlemstal frå søknader om driftstilskot som indikator for oppslutninga i det frivillige organisasjonslivet.

Utviklinga i perioden 2015-2018 har vore slik:

  • Idretten har hatt ei medlemstalsauke på 27%
  • Musikkorganisasjonane har hatt ei medlemstalsauke på 29%
  • Lagsarbeid (som er ein samlekategori for «alt» som ikkje omfattast av dei to førre kategoriane) har hatt ei tilbakegang på 20%

Når det gjeld alderskategoriar og deltaking, har utviklinga vore følgjande:

  • For aldersgruppa 0-13 år er deltakinga i 2018 på 99.3%, samanlikna med 2014. 
  • For aldersgruppa 14-25 år er deltakinga i 2018 på 105%, samanlikna med 2014.
  • For aldersgruppa 26 år og over ligg 2018-tala 26% over 2014 talet.

Samla medlemstal utgjorde i 2014 7868, medan det i 2018 var registrert 8657 medlemskap, altså ei auke. Ser ein medlemskap i forhold til innbyggjartal, var det samla medlemstalet 43% i 2014 og utgjer i 2018 45%. Samla sett har det altså vore ei mindre auke.

Når det gjeld ungdom, viser tal frå Ungdata 2016 at 71% av ungdomsskuleelevane er aktive i fritidsoganisasjonar. På landsbasis er talet 64%. Ungdata for 2013 synte at ca 2/3 av ungdomsskuleelvane var aktive i foreiningslivet. Ungdatatala stadfester med det dei lokale tala henta frå søknadene om kommunale driftstilskot.

Tala syner og at 88% av ungdomsskuleelevane trener kvar veke. Dette er på nivå med nasjonale tal.

Idretten står sterkt i Klepp. Tal frå KOSTRA syner at Klepp ligg høgt når det gjeld tilskot til idretten samanlikna med andre kommunar i Rogaland. Medlemstalet i idrettslaga har generelt vore aukande innan alle alderskategoriar: Tendensen er klar og når ein tek omsyn til at folketalet har auka. 

Ungdata 2016 viser at 82% av elevane på ungdomstrinnet trener aktivt. All trening skjer ikkje gjennom organisert aktivitet. Mange unge trenar i treningsstudio eller utandørs på ulike stader.

Tabellen under syner trening blant ungdom i Klepp samanlikna med ungdom andre stader:

Figur 4.4

Ungdata

Ungdata 2016 viste og at 63% av ungdomsskuleelevane er med i eit idrettslag. Dette er omtrent på snittet av regionale og nasjonale tal. 

Figur 4.5

Ungdata

 

Figur 4.6 Medlemskap i musikkorganisasjoner i kommunen
år0-13 år14-25 år26+ år
2004 291 159 74
2006 200 66 131
2008 198 85 119
2010 240 40 173
2012 148 52 155
2014 108 37 152
2016 124 62 161
2017 150 60 145
2018 190 59 137

Musikkorganisasjonar er den kategorien kultur- og fritidsorganisasjoner som har hatt sterkast auke i deltaking sidan 2014. Auka er på 29% om ein ikkje tar høgd for auken i folketalet.

Figur 4.7 Medlemskap i lagsarbeid i kommunen
år0-13 år14-25 år26+ år
2004 1546 278 816
2006 1644 510 755
2008 1361 638 849
2010 1227 562 660
2012 1394 488 738
2014 1306 579 1122
2016 1116 763 1343
2017 961 656 1166
2018 828 459 1146

Kategorien «lagsarbeid» omfattar alle dei kultur- og fritidsorganisasjonane som driv med anna aktivitet enn idrett og musikk. Sidan 2014 har det vore nedgang i denne kategorien. Nedgangen gjeld særleg barn, men omfattar og ungdom. Deltaking blant vaksne over 26 år er ganske stabil.

Innvandrarar er generelt lite representerte i det lokale lag- og foreiningslivet. Kommunen har  nokre tilrettelagte aktivitetstilbod og ulike møtestader mellom lokalbefolkning og innvandrarar. Det finst i dag i liten grad oversikt når det gjeld deltaking fordelt på nasjonalitet og etnisitet eller aldersgrupper i vår kommune.

Det er etablert fleire lokale innvandrarorganisasjonar i Klepp, men berre 2 av desse har søkt om driftstilskot frå kommunen i 2018. Deltakinga i organisasjonslivet er generelt lågare blant innvandrarar. Mange innvandrarar deltar gjerne i eigne organisasjonar med hovudvekt av medlemmar frå eige land/etnisk gruppetilknytning. Mange slike organisasjonar er og av regional karakter og har ikkje alltid lokallag.

Figur 4.8

Ungdata

Mange innbyggarar deltek i kulturopplevingar og er aktive, utan at dei er medlemmar i lokale frivillige organisasjonar. Til dømes er om lag 450 personar med som frivillige i regi av Klepp frivilligsentral. I 2014 var talet 270. Det er langt fleire som deltek i sjølve aktivitetane. Frivilligsentralen driv nærare 50 ulike ordningar/gruppe- og aktivitetstilbod for personer i alle aldrar. I 2014 var dette talet 40.

Kommunen gjev årlege tilskot til lokale kultur- og fritidsorganisasjonar på omkring 5,3 mill kr pr år i form av driftstilskot, vedlikehalds- og nyanleggstilskot m.m. Samla tilskot per medlem for alle kultur- og fritidsorganisasjonar var i 2004 på kr 440 pr medlem, i 2014 kr 660 og i 2018 på kr 620.

Samla sett brukar Klepp mykje mindre pengar på kultursektoren per innbyggar enn nabokommunane og landsgjennomsnittet. 

Figur 4.9 Netto driftsutgifter til kultursektoren per innbyggjar (kr)
årKleppTimeKostragruppe 7Landet uten Oslo
2015 1499 1790 1914 1463 1998
2016 1497 1943 1949 1500 2097
2017 1668 1992 1978 1649 2224

 

Det er samanheng mellom deltaking i kulturaktivitet og helse. Ein har funne at dei som brukar kultur i ei eller anna form, opplever betre helse, er meir tilfredse med livet sitt, opplever angst og depresjon i mindre grad, samanlikna med folk som ikkje deltek i kulturaktivitet.

 

4.3 Valdeltaking

Valdeltaking har sterk positiv assosiasjon med eigenvurdert helse. Jo høgare valdeltaking, jo betre eigenvurdert helse. Fleire studiar har og brukt valdeltaking som indikator på sosial kapital i eit samfunn. Dersom normene for borgarplikt vert svekka, kan dette redusera den ”grunnkapitalen” som ei demokratisk styreform er avhengig av.

  

Figur 4.10 Valdeltaking ved lokalval
årKlepp (%)
1955 52,6
1959 60,2
1963 73,7
1967 68,2
1971 65
1975 65,2
1979 68,8
1983 71,2
1987 68,2
1991 68
1995 62,7
1999 60,8
2003 60,7
2007 58,5
2011 62,4
2015 59

 

Utfordringa er å oppretthalda, eller aller helst auka valdeltaking.