<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

1. Befolkning og befolkningssamansetting

Kjennskap til kven som bur i kommunen i dag og kva vi kan forventa at utvikling i folketal og befolkningssamansetting er viktig for å forstå helseutfordringane. Desse utviklingstrekka er også viktige for å vurdera framtidige moglegheiter og utfordringar i eit folkehelseperspektiv. Den demografiske utviklinga gjev føringar for dimensjonering av bustadareal, kommunal tenesteproduksjon og teknisk infrastruktur.

Klepp kommune har hatt ein stor årleg vekst i folketalet frå omkring 1990 med særleg høg folkevekst i perioden 2006 – 2012. Dei siste 5 åra har veksten i folketalet vore om lag 1 % i året med 2016 som det året med lågast vekst.

Vurdering av framtidige behov for bustader og kommunale tenester vert gjort på grunnlag av framskriving av folketalet. Denne framskrivinga vert basert dels på nasjonale og regionale trekk ved utviklinga innan økonomi, arbeidsmarknad og innvandring, men også på grunnlag av lokal styring.

 

Figur 1.1 Folketal i Klepp i perioden 2000 – 2017 med framskriving av prognosar fram til 2030
ÅrBefolkning
2000 13891
2001 14017
2002 14125
2003 14312
2004 14534
2005 14832
2006 15271
2007 15839
2008 16350
2009 16918
2010 17397
2011 17746
2012 18227
2013 18485
2014 18741
2015 18970
2016 19042
2017 19217
2018 19437
2019 19668
2020 19938
2021 20160
2022 20385
2023 20608
2024 20839
2025 21123
2026 21423
2027 21710
2028 21969
2029 22231
2030 22478

Folketalet i Klepp ved årsskiftet 2017/2018 var 19.217. Prognosane framover tilseier framleis vekst, men det er usikkert kor sterk veksten blir. Middelprognosane tilseier ein vekst på mellom 1,1 og 1,4 % årleg dei neste åra.

 

Figur 1.2  Folketalsvekst i Klepp i perioden 2001 – 2017 med framskriving av prognosar fram til 2030 (%)
ÅrFolketalsvekst
2001 0,9 %
2002 0,8 %
2003 1,3 %
2004 1,6 %
2005 2,1 %
2006 3,0 %
2007 3,7 %
2008 3,2 %
2009 3,5 %
2010 2,8 %
2011 2,0 %
2012 2,7 %
2013 1,4 %
2014 1,4 %
2015 1,2 %
2016 0,4 %
2017 0,9 %
2018 1,1 %
2019 1,2 %
2020 1,4 %
2021 1,1 %
2022 1,1 %
2023 1,1 %
2024 1,1 %
2025 1,4 %
2026 1,4 %
2027 1,3 %
2028 1,2 %
2029 1,2 %
2030 1,1 %

Kommuneplanen legg opp til at veksten i folketal skal fordelast over heile kommunen, men med hovudvekt på dei områda med best kollektivdekning. Ut frå overordna jordvernstrategi er det grunn til å venta at den største veksten i kommunen blir i Orstad-området, og kommunen har derfor bidratt til å utarbeida ein interkommunal kommunedelplan for utbygging av Bybåndet sør – eit utbyggingsområde i grenseområda mellom Sandnes, Time og Klepp. Planen har ein tidshorisont på 40 år og opnar for stor vekst i folketalet på Orstad.

 

Tilflytting og fødselsoverskot
Ei ung befolkning tilseier at fødselsoverskotet blir viktigaste faktor for folketalsveksten framover. Prognosane for fordelinga mellom fødselsoverskot og netto tilflytting er slik:

Figur 1.3  Tilflytting og fødselsoverskot. Grafen syner svingingane i netto tilflytting og fødselsoverskot i Klepp dei siste 17 åra samt prognose.
 Netto tilflyttingFødselsoverskot
2000 -39 141
2001 -21 154
2002 18 98
2003 21 156
2004 98 123
2005 159 142
2006 297 145
2007 412 162
2008 355 155
2009 357 211
2010 288 193
2011 174 179
2012 280 203
2013 69 189
2014 120 136
2015 56 173
2016 -85 156
2017 23 150
2018 88 132
2019 84 147
2020 124 146
2021 74 148
2022 78 147
2023 78 145
2024 88 143
2025 144 140
2026 158 142
2027 146 141
2028 118 141
2029 120 142
2030 108 139

Auken i folketalet for regionen er ein kombinasjon av naturleg vekst og høg arbeidsinnvandring frå andre land. Rogaland har i fleire år hatt høge fødselstal. Sjølv om det har vore ein nedgang frå 2009, er snittet på kor mange barn fødde per kvinne høgare i Rogaland enn snittet i landet, med 1,82 mot 1,62 barn per kvinne på landsnivå.

Høg aktivitet i regionen og høge bustadprisar i dei urbane områda på Nord-Jæren har ført til auka tilflytting til Klepp. Det er i hovudsak unge personar som flyttar hit. Kombinert med høge tal for fødslar gir dette folkevekst. Innflyttarane er likevel ikkje ei homogen gruppe. I tillegg til innflyttarar frå kommunane i distriktet, er ein betydeleg del arbeidsinnvandrarar og flyktningar med framandkulturell bakgrunn og norskfødde med innvandrarforeldre.

Nasjonal statistikk viser at 17,3 % av den samla folkemengda i Norge er innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Nær halvparten av desse, 7,2 % av dei som bur i Norge, kjem frå EU/EØS-området, USA, Canada, Australia og New Zealand. Dei største ikkje-norske nasjonsgruppene som er busette i Norge kjem frå Polen, Latvia og Sverige.

 

Figur 1.4 Alderssamansetting og utvikling 2017-2030
AlderProsentvis auke
0-15 år 4,0 %
16-66 år 17,2 %
67+ år 41,9 %

 

Innvandring til Klepp
Arbeidsinnvandringa til kommunen utgjer ein stor del av veksten i folketalet, og dette fører med seg viktig arbeidskraft. Klepp som jordbrukssamfunn treng arbeidskraft i primærnæringa, og mange av arbeidsinnvandrarane kan tilby denne arbeidskrafta. Utfordringa er at delar av arbeidet er sesongarbeid. Dette er truleg meir utbreidt i  jordbrukskommunen Klepp enn landet elles.  På den andre sida er dette arbeid som ofte ikkje krev formell utdanning. I nedgangstider er denne type arbeidskraft den fyrste som fell utfor arbeidsmarknaden. Effektivisering i landbruket gjer at ein på sikt ikkje kan venta ei auke i tilgangen på arbeidsplassar i primærnæringane. Arbeidsinnvandring betyr også mykje for bygg- og anleggsyrka, og dette området skil ikkje Klepp seg frå andre kommunar.

Figur 1.5 Innvandrarar og norskfødte med innvandrarforeldre, del av befolkning per 1.januar (prosent)
årKleppRogalandHeile landetTimeEigersundSolaStavanger
1986 1,4 % 3,8 % 2,7 % 1,7 % 0,6 % 1,5 % 6,5 % 7,5 %
1987 1,6 % 3,8 % 2,9 % 1,6 % 0,7 % 1,7 % 6,1 % 7,6 %
1988 1,7 % 3,9 % 3,2 % 1,7 % 0,8 % 1,7 % 5,8 % 8,0 %
1989 2,0 % 4,1 % 3,4 % 1,7 % 1,0 % 2,1 % 5,9 % 8,3 %
1990 1,9 % 4,1 % 3,6 % 1,7 % 1,1 % 2,0 % 5,3 % 8,1 %
1991 1,9 % 4,0 % 3,7 % 1,7 % 1,2 % 2,1 % 4,7 % 7,6 %
1992 1,9 % 4,0 % 3,8 % 1,8 % 1,2 % 2,0 % 4,8 % 7,6 %
1993 1,9 % 4,1 % 3,9 % 1,8 % 1,2 % 2,0 % 5,1 % 7,7 %
1994 1,8 % 4,3 % 4,1 % 1,9 % 3,5 % 2,1 % 5,8 % 7,8 %
1995 2,1 % 4,4 % 4,3 % 2,1 % 1,9 % 2,4 % 5,9 % 7,8 %
1996 2,3 % 4,4 % 4,4 % 2,2 % 1,6 % 2,4 % 5,6 % 7,8 %
1997 2,3 % 4,4 % 4,5 % 2,1 % 1,6 % 2,2 % 5,4 % 7,7 %
1998 2,4 % 4,5 % 4,7 % 2,3 % 1,5 % 2,3 % 5,6 % 7,9 %
1999 2,5 % 4,9 % 5,0 % 2,6 % 2,0 % 2,6 % 6,1 % 8,5 %
2000 2,7 % 5,2 % 5,3 % 2,8 % 2,3 % 3,0 % 6,1 % 8,6 %
2001 2,9 % 5,2 % 5,5 % 2,9 % 2,6 % 3,0 % 6,1 % 8,3 %
2002 3,0 % 5,3 % 5,7 % 3,1 % 2,8 % 2,9 % 6,2 % 8,5 %
2003 3,2 % 5,5 % 6,1 % 3,2 % 3,3 % 3,3 % 6,5 % 8,7 %
2004 3,4 % 5,7 % 6,3 % 3,3 % 3,7 % 3,4 % 6,6 % 8,7 %
2005 3,6 % 5,9 % 6,5 % 3,5 % 4,1 % 3,5 % 7,0 % 8,9 %
2006 3,9 % 6,2 % 6,9 % 4,0 % 4,0 % 3,8 % 7,3 % 9,4 %
2007 4,6 % 7,0 % 7,3 % 4,4 % 4,5 % 4,5 % 8,2 % 10,4 %
2008 5,7 % 8,1 % 8,0 % 5,2 % 5,5 % 5,6 % 9,3 % 11,8 %
2009 6,7 % 9,1 % 8,8 % 6,0 % 6,9 % 6,8 % 10,4 % 12,9 %
2010 7,8 % 9,9 % 9,5 % 6,6 % 7,8 % 7,6 % 11,2 % 13,9 %
2011 8,7 % 10,9 % 10,2 % 7,1 % 9,3 % 8,1 % 12,0 % 15,1 %
2012 9,7 % 11,7 % 11,0 % 7,5 % 10,2 % 8,6 % 12,7 % 16,0 %
2013 10,5 % 12,8 % 11,7 % 8,6 % 11,5 % 9,4 % 13,9 % 17,3 %
2014 11,3 % 13,6 % 12,4 % 9,2 % 12,5 % 10,4 % 14,9 % 18,0 %
2015 12,1 % 14,2 % 13,0 % 9,8 % 13,1 % 10,8 % 15,9 % 18,6 %
2016 12,5 % 14,5 % 13,4 % 10,1 % 12,8 % 10,9 % 16,3 % 18,6 %
2017 12,5 % 14,5 % 13,8 % 10,3 % 13,1 % 10,9 % 16,0 % 18,4 %
2018 12,5 % 14,6 % 14,1 % 10,0 % 12,7 % 11,0 % 16,1 % 18,5 %

 

Figur 1.6  Innvandrarar etter landbakgrunn (verdensdel) i Klepp, tal per 1.januar
årEuropa unntatt TyrkiaAfrikaAsia med TyrkiaNord-AmerikaSør- og Mellom-AmerikaOseania
1986 109 3 19 18 7 0
1987 123 3 25 25 6 0
1988 135 3 36 26 3 0
1989 142 17 42 26 6 3
1990 128 31 44 18 6 0
1991 117 43 51 14 6 0
1992 117 39 51 16 6 0
1993 115 43 45 19 6 3
1994 111 42 44 16 7 3
1995 152 41 46 16 8 3
1996 173 33 55 17 9 3
1997 180 32 62 16 10 3
1998 204 31 48 16 13 3
1999 210 38 53 18 13 3
2000 216 65 55 15 14 3
2001 248 70 61 15 12 3
2002 244 78 63 14 12 3
2003 273 79 76 15 12 3
2004 283 75 99 18 11 3
2005 305 74 111 19 13 3
2006 336 76 127 20 11 3
2007 437 93 134 19 13 3
2008 587 110 161 19 15 3
2009 757 124 179 22 18 3
2010 936 134 213 21 17 3
2011 1074 131 253 22 24 7
2012 1231 142 291 22 29 7
2013 1392 155 319 19 31 4
2014 1514 179 344 23 32 4
2015 1645 203 358 24 33 4
2016 1689 229 390 27 29 7
2017 1643 233 447 32 30 3
2018 1626 226 476 29 36 8

A001

Talet på innvandrar og flyktningar i kommunen var på om lag 12,5 % av det totale folketalet i Klepp per 01.01.18. Dette utgjer 2401 personar. I Klepp bur det innvandrarar frå om lag 100 land.