Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Folkehelseoversikt 2019-2022

Lov om folkehelse trådde i kraft 01. januar 2012. Føremålet er å fremja folkehelse og utjamna sosiale helseskilnadar. Lova skal sikra at kommunane set i verk tiltak og samordnar folkehelsearbeidet på ein god måte. Folkehelsearbeidet skal vera langsiktig og systematisk arbeid for å vurdera årsaksforhold og konsekvensar ved folkehelsa.

God folkehelse vert skapt gjennom god samfunnsutvikling. Bustad, utdanning, arbeid, fysiske og sosiale miljø, fysisk aktivitet, psykisk helse, skader og ulukker er viktige faktorar for folkehelsa.

"Helse i alt vi gjer" er essensen i folkehelselova. Det betyr at kommunal planlegging skal ha eit tydelig helseperspektiv. Kommunen skal fremja innbyggarane si helse gjennom dei verkemidla som er til rådvelde. Ei helsefremjande samfunnsutvikling betyr å styrka dei positive faktorane blant innbyggarane, redusera dei negative og arbeida for utjamning av sosiale helseskilnader.

Etter "Forskrift om oversikt over folkehelsen" §5 skal kommunen utarbeida eit samla oversiktsdokument kvart fjerde år. Oversikten skal vera eit grunnlagsdokument i planlegging av det langsiktige folkehelsearbeidet. I dette oversiktsarbeidet for Klepp er det lagt mest vekt på å få fram utfordringane. Det betyr at dei positive faktorane, ressursane i kommunen ikkje kjem like tydeleg fram. Det viktigaste her er å syna utfordringsbiletet,- gi tilstrekkelig informasjon for å kunna planlegga og prioritera tiltak komande åra.