Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Samferdsel

Formål og målgruppe
  • Målgruppe:
    Brukarar av kommunale vegar.
  • Lovverk:
    Veglov og Vegtrafikkloven
    Veglova § 1 a. Formålet med denne lova er å tryggje planlegging, bygging, vedlikehald og drift av offentlege og private vegar, slik at trafikken på dei kan gå på eit vis som trafikantane og samfunnet til ei kvar tid kan vere tente med.
  • Kommunale mål:
    Fleire enn før går eller syklar til skule og arbeid. 
    Klepp kommune støttar nullvisjonen til statens vegvesen, og trafikksikkerhetsarbeidet i kommunen byggjer om denne.
    Klepp kommune skal arbeida for å verta ein "trafikksikker kommune".

 

Status
  • Klepp kommune eig og drifter 91,4 km asfaltert veg, 9,6 km grusveg, 37 km gang- og sykkelvegar og 476 offentlege parkeringsplassar.
  • Standarden på desse vegane varierer. Det er gjort registrering og analysearbeid som syner at dagens nivå på vegdrift er litt for låg til å oppretthalda standarden. Dei seinare åra er det også overteke 10% meir vegareal utan tilsvarande auke i driftsmidler.

 

Nøkkeltal
Nøkkeltal Klepp Kostragr.7 Time
Kvalitet Andel kommunale vegar og gater utan fast dekke 10,8% 29,7% -1,7% 2,6%
  Av kulturminnehensyn har ikkje Postvegen fast dekke, som dreg opp talet for Klepp.
Prioritet Gang- og sykkelveg i km som er eit kommunalt ansvar pr. 10 000 innb 19 17 13 25
Enhetskostnader/ produktivitet Bto. dr.utg. ekskl. avskrivingar i kr pr. km kommunal veg og gate 78637 89329 87925 51909
  Bto. dr.utg. i kr til gatebelysn. pr. lyspunkt, kommunal veg og gate 854 631 627 778
Teoretisk innsparingspotensial (mill kr) samanlikna med (Negativt tal betyr Klepp har lågare kostnader) Beste kvartil K.gr 7 Gj.snitt K.gr 7 Time
Samferdsel 3,2  -1,3 0,6 0,2

  

Budsjettfordeling
Budsjettfordeling R2017 B2018 B2019 B2020 B2021 B2022
Lokal utvikling 6417 5891 7760 5660 5660 5896
Sentraladministrasjonen 0 500 500 500 0 0
SUM 6417 6391 8260 6160 5660 5896
Avskrivingskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

 

Utfordringar
  • Ha eit hensiktsmessig system for å registrera talet på syklistar.
  • Ha ein trafikktryggleiksplan som er ajour.
  • Skaffa betre dokumentasjon på den fysisk tilstanden på det kommunale vegnettet.
  • Samle vegdata, utfordringar og tiltak på vegnettet i ein hovudplan veg.
  • Driftsmidlar til nye vegelement som overdras vederlagsfritt til kommunen i forbindelse med utbyggingsavtaler.

 

Mål
Mål Indikator Forrige resultat Mål for 2019 Mål innen 2022
Fleire brukar sykkel til jobb og fritid. Punkt for automatisk telling. 0 Etablera tellepunkt. Statistikk brukast til å fremme sykling.

 

Kvalitative mål
  • Betre oversyn over tilstanden på det kommunale vegnettet.
  • Oppretthalde definert vegstandard
  • Betre og meir energieffektive veglys.  
  • Oppnå status som "trafikksikker kommune"

 

Virkemiddel
  • Etablera vegdatabase for kommunalt vegnett.
  • Starta arbeidet med hovudplan veg.
  • Analysera vegtilstand og finna optimalt nivå for drift og vedlikehald jmfr LU 59/18
  • Gjeldande trafikktryggleiksplan for perioden 2017-2020
  • Overgang til LED-lys.
  • Barnetråkk kartlegging