Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Rådmannens kommentar til budsjettskissa

Økonomiplanen for 2019-2022 er framleis prega av nokre av trendane vi har sett dei siste åra. Redusert skatteinntekt, lave fødselstal og låg tilflytting. 

Skatteinntekta for kvar innbyggjar har gått ned frå 105 % av landsgjennomsnittet i 2013, til 93 % i 2018. Årsaka er fleire arbeidsledige og nedgang i løn som følgje av mange har gått frå gode løner i oljeindustrien til anna næring. Talet på ledige er redusert vesentleg det siste år, og skatteinntektene viser noko teikn til betring, men er ikkje på dei nivå vi hadde nokre år tilbake.  Utviklinga i planperioden ser noko betre ut, men skal vi finansiere vedtekne investeringar og veksten i talet på eldre så må både kapasitet og kvalitet reduserast på eksisterande tenester og arbeid med omstilling og digitalisering ha stort fokus. 

Den kraftige folketalsveksten Klepp har hatt etter århundreskiftet er redusert vesentleg, og utviklinga dei neste åra vert vanskeleg å rekna ut, spesielt for barn i barnehagealder. Årleg revidering av økonomiplanen er difor viktig for å tilpasse tenestetilbod og økonomi til endringane som Klepp-samfunnet går gjennom.

For skule og barnehage er Klepp tilpassa nye nasjonale normer.  Klepp er truleg den kommunen i landet med flest grupper/klasser som følge av språkdeling.  Kostnaden til dette er anslått til 18 millionar.  Klepp fekk i 2018 3,8 millionar i skjønnsmiddel frå fylkesmannen til dette. Regjeringa sin kompensasjon for nye nasjonale normer medfører at Klepp går glipp av om lag 1,7 millionar i kompensasjon som følge av språkdelinga.

Eldrebølga er i ferd med å koma til Klepp også. Gjennomgang viser at ein har god kapasitet i bygga i denne planperioden og fram mot 2025. Gjennomgang viser og at Klepp har høg ressursbruk og kvalitet i pleie- og omsorgstenesta. Det er sett i gang arbeid med meir detaljert gjennomgang av ressursbruken for å rusta tenesta for vekst i brukarar dei neste åra. Samtidig som utgiftene til nye eksisterande tenester må ned må kapasiteten i drifta aukast i planperioden.

Tida vi er inne i er prega av auka fokus på digitalisering. Samarbeid med andre kommunar og staten er viktig i dette. Digitaliseringa vil også påverka arbeidsmåtar og kapasitet i organisasjonen. Rådmannen legg til grunn at ein kan redusere ressursbruk i mellom anna administrasjon. Flytting og samordning av oppgåver må då sjåast på og ein legg opp til å redusere administrative årsverk gjennom naturleg avgang.

Investeringsplanen er krevjande og vil bryte målsettinga om at låna ikkje skal være høgare enn 70 % av driftsinntekta. Gjelda vert vanskelegare å bera når inntekta ikkje veks like mykje. I tillegg legg tidlegare val i utbygging av skular og bustader sterke føringar på kva det er rom for å prioritera i planperioden. Bore skule, Kleppe skule, Vardheia skule og «Kleppelunden» skule er vedteke for å løyse kapasitetsbehova.

Rådmannen ønskjer økonomiutvalet lykke til i arbeidet med økonomiplanen og håpar budsjettskissa er eit god grunnlag for det vidare arbeidet.