Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Plan, kulturminner, natur og nærmiljø

Formål og målgruppe
  • Loven sitt føremål
  • Kommunale målettingar:
    • Alle skal bu trygt og ha gode møteplasser.
    • Oppvekstvilkåra til barn og unge i kommunen er gode.
    • Fleire enn før går eller syklar til skule og barnehage.

 

Status
  • Kommuneplan – ajour – sist revidert i 2014.
  • Planstrategi skal reviderast i 2019.
  • Starta regulering av barne- og avlastningsbustad.
  • Starta områderegulering av kommunehus, kyrkje og aktivitetspark og detaljregulering av skule ved Kleppelunden og Jærvegen sør i Kleppe sentrum.
  • Figgjovassdraget er i klar miljømessig betring. Orrevassdraget har betra seg, men er framleis på eit uakseptabelt nivå. Kystvatnet har god kvalitet.
  • Naturmangfaldet og kulturminna er under press i kommunen.
  • Kommunedelplan for fysisk aktivitet blei vedteken i 2018. Tiltaksliste er innarbeida i investeringsplan.
  • Revisjon av klimaplan pågår.
  • Revisjon av kulturminneplan pågår.
  • Arbeid med parkeringsstrategi for Kleppe sentrum er starta opp.
  • Arbeid med å få oversikt over tilstand, behovet for oppgradering og rett driftsnivå for kommunale lekeplasser
  • Arbeid med å få oversikt over tilstand, behov for skjøtselplanar og grad av skjøtsel for kommunale friområder

 

Nøkkeltal
Nøkkeltal Klepp Kostragr.7 Time
Prioritering Netto driftsutgifter til plansaksbehandling per innbyggar 86 182 245 149
  Netto driftsutgifter til rekreasjon i tettsteder per innbyggar 264 113 543 380
Enhetskostnader/ produktivitet Gj.snittlig saksbehandlingstid for byggesaker med 12 ukers frist. Kalenderdagar 34 42 32 31
  Gjennomsnittleg saksbeh.tid byggesaker med 3 ukers frist. Kalenderdager 16 20 19 20
Rangeringer Kommunebarometeret - Tjenestens rangering siste rapport 2018 (Område saksbehandling) 181 236 184 229
Teoretisk innsparingspotensial (mill kr) samanlikna med (Negativt tal betyr Klepp har lågare kostnader) Beste kvartil K.gr 7 Gj.snitt K.gr 7 Time
Plan, kulturminner, natur og nærmiljø 1,0 -1,1 -11,1 -4,4

 

 

Budsjettfordeling
Budsjettfordeling R2017 B2018 B2019 B2020 B2021 B2022
Lokal utvikling 8438 8365 4569 4569 4569 4569
Avskrivingskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

 

Utfordringar
  • Sikre ei god samfunnsplanlegging når veksten er lågare enn før. Det kan krevja eit anna engasjement frå kommunen for å sikre gode løysingar.
  • Ha framdrift på overordna transportplanlegging – dobbeltspor og vegprosjekt.
  • God planlegging og styring av utviklinga av Kleppe sentrum.
  • Aukande mengde krevjande klagesaker og reduserte gebyrinntekter.
  • Skapa attraktive leikeplassar og finna rett nivå på skjøtsel av friområda.
  • Nå miljømål for vasskvalitet i Orre- og Figgjovassdraget
  • Manglande planar for skjøtsel av friområda.
  • Overgang til kjemikaliefri ugrasbekjempelse på offentlege areal.
  • Synleggjere kulturminna i kommunen.
  • Redusera utslepp av klimagassar.
  • Ivareta klimaomsyn i planar og byggeprosjekt.
  • Systematisk arbeid med tilsyn skal etablerast innanfor gjeldande ressursar.
  • Krevjande fortettingssaker

 

Mål
Mål Indikator Forrige resultat Mål for 2019 Mål innen 2022
Opprusta leikeplassar Antal  3 4  16
Utarbeida skjøteselsplanar Antal  - 4  16

 

Kvalitative mål
  • God service gjennom høg kompetanse.
  • Ta i bruk digitalt byggesaksarkiv og gjera tilgjengeleg for innbyggjarane.
  • Ivareta offentlege interesser under behandling av private utbyggingsplanar.
  • Trygge og attraktive leikeplassar/lokale møtepunkt.
  • Gjera Klepphistoria kjent og kulturminner tilgjengeleg.
  • Redusera tap av naturmangfald.
  • God økologisk tilstand i vassdraga.
  • Fortetting med god bukvalitet i eksisterande bustadområde.
  • Fleire folk i Kleppe sentrum i leik og fritid.
  • Ivareta barna sine kvardagsbehov i planarbeid.
  • Etablera ein aktivitetspark i sentrum som er attraktiv for heile kommunen.
  • Redusere klimagassutslepp.

 

Virkemiddel
  • Praktisere tverrfagleg samarbeid om planoppgåvene.
  • Ha høg kompetanse på samfunnsplanlegging.
  • Leggja til rette for brei medverknad i planarbeid.
  • Arbeida med reduksjon i næringstilførslar til vassdraga frå avlaup, industri og landbruk.
  • Arbeida med frivillige miljøtiltak i landbruket.
  • Oppretthalde høg kompetanse gjennom eigenproduksjon av planar og tenester.
  • Sikra god planlegging gjennom revidert planstrategi.
  • Skilting, framkomoelighet og marknadsføring av kulturminner.

 

 

Betalingssatsar

Forskrift om gebyrregulativ byggjesak 2019 
Gebyr for forvaltningsoppgåver etter matrikkellova 2019
Gebyrsatsar Plan 2019