Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Ordføraren si innleiing

Klepp kommune er i ein ny situasjon. Og den kan beskrivast med eit ord: ENDRING

Me har hatt fleire år med lågare stigning i skatteinntekter enn før. Me har hatt fleire arbeidsledige enn før. Og færre har flytta te Klepp en årå før. 

Så oppleve me endring igjen. Skatteinntektene steig meir enn venta i 2018. Ledigheten gjekk ned i frå 500 ledige i januar 2017 til under 200 i november 2018.  Men fødsestala går ned, og me ser ikkje noko klar trend for innflytting. 

Me veit me som befolkning vert eldre. At me lever lenger. At me kjem til å trenga meir hjelp lenger frå kommunen. Og at me ikkje på noko vis kan ha nok tilsette til å yte slik hjelp som me gjer i dag til alle som treng hjelp framover. Me må endra kommunen for å kunne hjelpe alle desse likevel. 

Me opplever stadig nye endringer. Både positive og negative. Og kommunen må tilpassast til den nye situasjonen. Igjen og igjen. 

Me som driv med politikk i Klepp og alle dei som arbeider for oss står overfor det same. Me må henga med i stadige endringer. Det er like greit å venne seg til tanken.

Og så må me passe på å snakkast om endringane undervegs, sånn at alle involverte er førebudde på det som kjem. 

Økonomiplanen legg til grunn ei moderat auke i skatteinntekter og ein folkevekst på om lag 1,2 % dei neste åra. Noko må me velja å tru om framtida. Fasiten kjem etterpå. Kvart år justerer me økonomiplanen for å tilpasse kommunen til endå ein endra situasjon. Det skal me gjera framover og.  

Situasjonen akkurat no er slik: 

Talet på barn i barnehage har gått ned dei siste åra, mens talet på skulebarn stig. Talet på eldre aukar også, og vil auka ennå meir etter 2022. Klepp har meir enn nok plassar i barnehage og institusjon, men treng auka skulekapasitet.

Dei neste 4 åra planlegg me i denne økonomiplanen å investere for 861 millionar.

Hovudsatsinga er skular, med 407 millionar. Bore skule vert ferdig påbygd sommaren 2019, utvidinga av Kleppe skule i 2020, ny ungdomsskule i Vardheia skal stå ferdig i 2021 og Kleppeloen skule skal vera klar i 2022.  

Det vert investert 84 millionar i vatn, avløp og overvatn, mellom anna for å gjere Klepp mindre sårbar for flaum i samband med store nedbørsmengdar. 

Me investerer 68 millionar i barne- og avlastningsbustader og bustadar som brukarar i gruppa kan eiga sjølv.

På driftssida blir tilbodet auka med 8 millionar til bukollektivet/avlastningsbustaden og 7,7 millionar til fleire plasser i sjukeheim frå 2020/21. Når me snakker om endringer, er det fort dei negative det blir mest oppmerksomhet rundt. Då er det fort gjort å tru at me kutter i budsjettet. Det gjer me ikkje. Alle etater får meir pengar enn i fjor. Men med ei forventning om at pengane skal fordelast noko annleis enn i fjor. Fordi kommunen er i endring. 

Klepp har ein balansert og sunn økonomi. Budsjettrammene blir holdt. Men innstramminger kvart år dei siste åra har gitt etatane mindre handlingsrom. 

Klepp blir rekna for å ha ei nøktern drift. Men me skal vite at innan enkelte område - som for eksempel eldreomsorg - så er det knapt ein kommune i landet som bruker meir pengar enn Klepp. Det er gjenstand for endring. 

Mange nye tiltak skal i gang for å gje innbyggjarane det dei treng. Men då kan me ikkje gjera både alt det nye og alt det gamle. 

Færre barnehagebarn har ført til at me har tatt ned kapasiteten i barnehage. Det er ein fin måte å seia at me har færre tilsette der akkurat no. For me treng ikkje fleire akkurat no.

Det er sett igang arbeid for å frigjera ressurser innan tenesteområda helse og velferd, barn og unge og i administrasjonen. Så fleire endringar kjem.

Det blir uendeleg viktig å høyre etter, informere, høyre etter igjen og informere endå meir i dei prosessane som kjem. Endringer treng ikkje å vera så vondt om alle involverte forstår kva som ska skje, kvifor det må skje og kjenner at dei har fått seia sitt om korleis det bør bli. 

Me folkevalde har heilheten som ansvar. Heile kommunen skal drivast vidare i uendeleg mange år. Samtidig som me skal grave oss ned i detaljer i små og store saker, så må me ikkje gløyme heilheten og langsiktigheten. Det er vårt ansvar. 

Ei stram styring vil gjera kommunen i stand til å ta dei utfordringane som kjem, og det vil gje innbyggjarane trygghet for at dei får hjelp når dei treng det.

I dette budsjettet blir det fordelt 1,4 mrd kroner til drift av kommunen sine tenester.   Om lag halvparten av dette går til tenesteområde barn og unge. 

Av dei 861 millionane som skal investerast dei neste 4 åra er det verdt å nevne at det inneber ei stor satsing på idrettsflater. Det skal byggjast ny idrettshall i Kleppe sentrum, ein turnhall og idrettshall i Vardheia, gymsalen på Bore vert bytta ut med ein fullverdig idrettshall og det skal byggjast ein gymhall ved Kleppeloen skule. Dette vil gje ei markant kapasitesauke og gje oss innbyggjarane endå fleire muligheter til å halda oss aktive og i form. 

Det som er aller jillast å fortjelja både vaksne og unge om for tida, er aktivitetsparken. Norges råaste aktivitetspark som skal byggjast midt i Kleppe sentrum. Den skal skape live og røre for folk i alle aldrar. Her skal det vera trygt, spennande, avslappende og godt og vera. Og den skal me byggja så fort me kan. Arbeidet starter rett over nyttår. 

I slutten av 4 års perioden skal resten av sentrumsområdet fullførast med ei ny kyrkje og eit nytt kommunehus. Dette området skal vera innbyggjarane sitt sentrum. Innbyggjarane skal vera i sentrum. Det er innbyggjarane sine behov som skal vera styrande for korleis dette skal utformast. 

 

For formannskapet

Ane Mari Braut Nese

Ordførar i Klepp