Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Økonomiske målsettingar og analysar

Netto driftsresultat

Netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter 

Netto driftsresultat held seg kring målsettinga i planperioden.  Resultatet er noko betre enn målsettinga i 2019 og 2020, og ligg noko under i 2021 og 2022 når driftsutgiftane, renteutgiftane og avdraga stig.  Det meste av netto driftsresultat er nytta til finansiering av investeringar for å begrense låneveksten.

Dei siste åra har resultata betra seg og blitt betre enn budsjettert.  Dette skuldast i stor grad at nasjonale skatteinntektar har blitt oppjustert i løpet av budsjettåret som følgje av endra anslag frå finansdepartementet.

Historisk har driftsresultata i kommunane variert ein del frå år til år.  Det skuldast både variasjonar i inntektar, men rekneskapstala vert også påvirka av om avdelingane i har middel til gode som vert avsett til fond (styrkar resultatet) eller brukar av desse fonda (svekkar resultatet).

Lånefinansiering

 Lånefinasiering i % av finansieringsbehov

Som følgje av gode driftsresultat og overføring til investeringar i starten av planperioden vert lånefinansieringa sin del av samla finansiering betre enn målsettinga i hele perioden. 

Klepp har historisk hatt ein høgare del av invisteringane finansiert med lån enn Hå, Time og Gjesdal. På den andre sida har Klepp hatt raskare nedbetaling av låna.

 

Netto lånegjeld

 Netto lånegjeld i % av brutto driftsinntektar

Netto lånegjeld stig over "taket" som er vedteke. Årsaka er investeringsnivået i perioden.  Auka lån medførar auka utgiftar til renter og avdrag og svekka driftsresultat mot slutten av perioden.

Samanlikna med gjelda i Hå, Time og Gjesdal er netto gjeld lågare i 2018, men aukar opp mot dagens nivå i dei andre kommunane.  Gjesdal har vore ein av kommunane i regionen med høgast gjeld og som difor har redusert gjeldsnivået dei siste åra.

 

Disposisjonsfond

 Disposisjonsfond i % av brutto driftsinntekter

Disposisjonfonda er høgare enn målsettinga på 5 %.  Årsaka er mindreforbruk i avdelingane som har blitt avsett til hovudutvala sine disposisjonsfond, og samla mindreforbruk som har blitt avsett til sentralt disposisjonsfond. 

Det ligg inne noko bruk av disposisjonsfonda i 2018 og i planperioden 2019-2022.  Truleg blir bruken noko større som følgje av at hovudutvala og avdelingane sin bruk av fonda ikkje alltid er innarbeida i budsjettforslaget, men vert fremja som eigne sakar seinare.

Disposisjonsfonda i Klepp er ved utgangen av 2017 høgare enn i dei andre kommunane.