Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Økonomiske føresetnader

Makroøkonomiske føresetnader

I nasjonalbudsjettet for 2019 har regjeringa lagt anlsage i tabellen under grunn.  Veksten i offentlig sektor viser ein nedgang i volumvekst frå 1,6 til 1,5 %.  Det er venta ein vekst i sysselsetting på 1,3 %, ein ledighetsrate på 3,7 %, og ein årslønnsvekst på 3,25 %.  Det siste er ei auke frå 2,8 % i 2018.  Konsumprisveksten er anslått til 1,5 % og pengemarknadsrenta er venta å bli 1,4 % i 2019, litt høgare enn anlag i marknaden og innarbeida i kommunens anslag.

Hovedtall nasjonalbudsjett

 

Rente

Rentenivået har dei siste åra vore historisk lågt både ut frå kort historikk og i et perspektiv på fleire 100 år.  Nedgangen skuldast både lågare inflasjon dei siste 10-åra og endra demografiske forhold. Sentralbankane i mellom anna USA og Europa har i etterkant av finanskrisa i 2008 brukt ekstraordinære verkemiddel for å redusere rentenivået og stimulere veksten i økonomien.

Lange fastrenter i var på det lågaste sommaren 2016. Norsk 10-årsrente er no på 2,4 % og amerikansk 10-årsrente er på 3,28 %

Noregs bank heva styringsrenta i september, og har varsla fleire aukingar dei neste åra. Styringsrenta er pt. på 0,75 % 

Marknaden prisar 8. oktober 2018 ein oppgang i Nibor frå 1,05 % i dag til 1,97 % i 2022 og 2,4 % i 2028.  Dette er ei auke i frå sist økonomiplan.  Det må difor leggjast eit høgare anslag til grunn for lånegjelda.

Renter er budsjettert ut frå følgjande forutsetningar:

  • Sist kjente og forventa markadsrente.
  • Fastrente på lån med fast rente, overgang til flytande rente ved utgang av fastrenteperiode.
  • For lån i Kommunalbanken og KLP er gjeldande marginpåslag lagt til grunn.
  • For lån i Husbanken er gjeldande rente i husbanken justert for forventa renteauke i perioden.

Forventa marknadsrente ved utgangen av året:

2019

2020

2021

2022

1,38 %

1,62 %

1,82 %

1,97 %

 

Figuren under viser Norges bank sin prognose for styringsrenta og "sannsynlighetsvifte".

Norges Bank renteprognose

Figuren under viser marknadsforventningane på lange renter samt ending siste år.

Renteutvikling

 

Statsbudsjett

Regjeringa har lagt fram eit kommuneopplegg for 2018 slik tabellen frå statsbudsjettet viser.

Kommuneopplegget

Nokre hovudpunkt i budsjettforslaget:

  • Det blir lagt opp til ein realvekst i frie inntekter for kommunesektoren på bortimot 2,6 mrd. kr eller 0,7 %. Alt går til (primær)kommunane. Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå i 2018 i revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2018.
  • Veksten i kommunesektorens samla inntekter  i 2019 er rekna til 1,9 mrd. kr, tilsvarande 0,4 %. 
  • Realveksten byggjer på anslått kostnadsvekst i kommunesektoren (deflator) i 2019 på 2,8 %.
  • Skatteøyret blir sett ned frå 11,8 til 11,55 %.
  • Skatteoverslaget for 2018 er oppjustert med 2,1  mrd. for kommunane i høve til Kommuneproposisjonen/RNB i vår.

Veksten på 2,6 milliarder i frie inntekter fordeler seg slik (2018):

  • 1,6 (2,2) mrd. til dekning av meirutgifter til demografi/folketal.
  • 0,5 (0,4) mrd. til auka pensjonskostnadar.
  • 0,6 (0,8) mrd. satsingar.
  • 0,0 (0,4) mrd. i auka lokalt handlingsrom.

Inntekta er i nedre del av signala gitt i kommuneproposisjonen i mai.

Regjeringa ventar meirskattevekst på 2,1 milliardar for kommunane i 2018 samanlikna med anslaga i mai.  Meirskatteveksten vert forklart med ekstraordinært store uttak av utbytte og som truleg skuldast tilpassing til skattereforma.  Det er vanleg praksis at meirskattevekst frå mai og ut året ikkje blir vidareført året etter, og veksten «trekkes» difor inn.

Regjerina sine satsingar

Helse og omsorg

Det blir føreslått 50 mill. nye kroner til rekruttering av psykologar i kommunane —tilsv. 125 nye psykologar. Totalt 205 mill. kr. Frå 1. januar 2020 er det lovfesta at alle kommunar skal ha psykologkompetanse. Det har vore ein solid auke i rekrutteringa av psykologar i kommunane frå 2013-2018. I 2013 hadde 95 kommunar psykolog, i dag er talet 287. Talet på psykologar i norske kommunar har auka frå 130 til 503 i løpet av 5 år. Dette har gitt etablering av fleire lågterskeltilbod, betre førebyggjande helsearbeid og meir samarbeid med andre kommunale tenester og med spesialist-helsetenesta.

Regjeringa føreslår 25 mill. kroner til å styrkja rekrutteringa til og stabiliteten i allmennlegetenesta, til saman 39 mill. kr i 2019. Det skal kunna gis tilskot både til nyoppretta avtaleheimlar, faste stillingar og eksisterande heimlar/stillingar der det er rekrutteringsutfordringar.

Regjeringa føreslår 50 mill. kr for å leggja til rette for oppretting av 450 nye plassar i dagaktivitetstilbod for demente, inkl. auka tilskotssats i 2019. Som oppfølging av Stortingets vedtak 463 (2017-2018) har regjeringa heva tilskotssatsen frå 30 % til 50 % ved oppretting av nye plassar i 2019. Målet er å byggja ut tenestetilbodet før plikta for kommunane til å tilby eit dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens tek til å gjelda frå 1. januar 2020.

Det skal innførast betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar i psykisk helsevern og TSB (Tverrfagleg Spesialisert Behandling av ruslidingar) i 2019. Det blir derfor føreslått å flytta 185 mill. kr frå regionale helseføretak til kommuneramma. Når kommunane får plikt til å betala for utskrivingsklare pasientar også frå desse fagområda, blir psykisk helse og rus likestilt med somatikk. Forskrifta blir endra slik at betalingsplikta vil gjelda for opphaldskommunen.

Det blir føreslått 281 mill. kr til Opptrappingsplan for rusfeltet. Av dette 200 mill. kr gjennom styrking av kommunanes frie inntekter og 81 mill. kr gjennom ein tverrdepartemental oppfølging av opptrappingsplanen.

Regjeringa føreslår 100 mill. kroner til opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering som ein del av kommunanes frie inntekter. Med dette så har Regjeringa følgt opp målsetjinga om 300 mill. kr i stimuleringsmidlar til opptrappingsplanen i perioden 2017-2019.

Barnehage og skule

Tidleg innsats i barnehage og skole er langt meir føremålstenleg enn å kompensera forskjellar seinare i opplæringsløpet. Regjeringa satsar derfor vidare på dette feltet.

Barnehage

Regjeringa føreslår å utvida dagens ordning med gratis kjernetid for 3-, 4- og 5-åringer til også å omfatta 2-åringar. Forslaget vil gi familiar med låg inntekt eit rimelegare barnehagetilbod og bidra til auka barnehagebruk for familiar med låg inntekt, og betra integreringa og språkopplæringa blant minoritetsspråklege barn.

I tillegg foreslår regjeringa om lag 10 mill. kr til å oppretta nye studieplassar for barnehagelærarar. Dette vil bidra til å auka tilgangen på barnehagelærarar.

Maksimal foreldrebetaling aukar med 50 kr per månad frå 1. aug. 2019.

Lærarnorm

Sidan 2015 er det løyvt betydelege øyremerka midlar som har sikra fleire lærarar i grunnskulen. Hausten 2018 blei lærarnorma i grunnskolen innført, og totalt blei det løyvt 1,4 mrd. i 2018. I 2019 føreslår regjeringa å vidareføra den øyremerka løyvinga til fleire lærarårsverk med 1 468 mill. kroner. I tillegg er 200 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane grunngitt med ei særskilt satsing på tidleg innsats i skulen, som blant anna kan nyttast til fleire lærarårsverk ved opptrappinga av lærarnorma hausten 2019.

Både dei 200 mill. kronene av veksten i frie inntekter og om lag 1 mrd. kr av den øyremerka løyvinga vil bli fordelt til kommunane etter grunnskolenøkkelen. Dette gjer det mogleg å auka lærartettleiken også i kommunar som alt oppfyller kravet i lærarnorma.  Klepp vil truleg mistra 1,7 millionar i tilskot som følge av denne fordelinga av tilskota.

Dei 200 millionane i rammetilskotet er i forlik med Krf flytt over til den øyremerka delen.  Komite behandlinga vil truleg avgjere om Klepp då får ein del av dei.

 

Skatt

 Skatteutvikling

 

Rammetilskot

Rammetilskotet er utrekna med grunnlag i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett og prognosar på folketal slik det er omtalt under folketalsutviklinga. For nasjonal folkevekst er SSB sine utrekningar for KS lagt til grunn.

Utgiftsutjamninga er betra noko i samband med nye kriteriedata og ligg på om lag 98 % av landssnittet.

Regjeringa sine satsingar, verknad for Klepp og disponering er vist i tabell over prioriterte driftstiltak.  I tillegg er årsverknad av tilskot vedtatt i 2018 innarbeidd i rammene.  Endringar mindre enn 100.000,- i statsbudsjettet er ikkje innarbeidd i rammene.  Mindre tiltak er heller ikkje ført opp som driftstiltak.

Klepp får 1,3 millionar av skjønnsmiddel frå fylkesmannen i samband med høge utgifter til ressurskrevjande tenester. Samtidig medfører endringa i ordninga eit bortfall av tilskot på 2 millionar.

For inntektsutjamninga er følgjande lagt til grunn i utrekninga:

  • Skatteanslag for Klepp slik det er omtalt.
  • Skatteanslag for landet i samsvar med regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.
  • Prognose på folketal 1. januar i budsjettåra.

Nasjonalt folketal i prognosar frå SSB/KS. 

 

Risiko

Skatt og rammetilskot
For skatt er det lagt til grunn regjeringa sine utrekningar av forventa skatt for heile landet basert på kjente tal for skatteinntekter ved utgangen av september 2018 og forslag til endringar i skattesatsar og system lagt frem i statsbudsjettet for 2019.  Risiko til nasjonalt anslag er mellom anna: 

  • Endringar som følgje av stortinget si behandling av statsbudsjettet.
  • Endra vekst i sysselsetting og lønsvekst.
  • Korrigeringar på tidlegare skatteår, spesielt skatteoppgjer i november 2018.    

Dei same forholda vil også påverka Klepp sitt eige skatteanslag.  Klepp har dei siste åra opplevd redusert sysselsetting og truleg lågare redusert lønsnivå hjå dei som har bytta arbeid. 

Folkeveksten i 2. halvår 2018 er den faktoren som er mest usikker i anslaget for rammetilskotet for 2019.  Talet på innbyggjarar 1. januar 2019 er grunnlaget for utrekning av skatteutjamninga i rammetilskotet.

Lønsutgifter
Anslaga for løn er basert på regjeringa sitt anslag i nasjonalbudsjettet for 2019.  Resultatet av sentrale lønsforhandlingar for 2019 er ferdig i april/mai.  Klepp har tradisjonelt hatt litt høgare lønsvekst enn kommunane samla grunna ulik samansetnad av yrkesgrupper og sektorar (fleire barn og færre eldre).  Endra lønsvekst vil også påverka skatteinntektene og rammetilskotet.  For å redusere risiko er derfor same føresetnadar lagt til grunn.

Renter og finans
Klepp har liten finansiell risiko til plasseringar. Lån, innskot og plasseringar er i hovudsak knytt opp mot pengemarknadsrenta Nibor.  Med historisk låge renter er truleg risikoen at renta stig meir enn marknadsforventningane tyder på i oktober 2018.  Netto er det venta at ei auke på 1 % vil gje om lag 1,5 millionar i auka rentekostnad for Klepp.  Rådmannen har auka delen av låna som har fastrente siste året i samsvar med fullmaktar.  Truleg verd delen av låna som har fastrente auka meir i 2019.

Pensjon
Utrekningane   for pensjon er basert på opplysningar frå KLP og SPK.  Desse er basert på ei rekke føresetnader frå offentlege reguleringar og eigne vurderingar.  Klepp har ikkje overprøvd desse. Endringar i følgjande faktorar kan gje endring i pensjonsutgifter/kostnadar: 

  • Endra lønnsvekst og G-regulering
  • Avkastning på plasserte middel
  • Endra tal på tilsette/medlemmer av ordninga i Klepp
  • Endringar i offentlege reguleringar

Folketal
Endringar i folketalet i Klepp påverkar inntekter som skatt, rammetilskott, eigenbetalingar m.m.  Det påverkar også etterspørsel/behov for kommunale tenester.  Klepp er inne i ein periode med vesentleg lågare vekst enn dei siste 10-åra.  Spesielt er talet på barn under skulealder usikkert.  Utviklinga dei neste åra er svært usikre og konsekvensane vert vurdert løpande.

Flyktningar
Klepp har ikkje fått førespurnad om mottak av flyktningar neste år.  Det er signalisert vesentleg reduksjon for landet, og at ikkje alle kommunar blir spurt om å ta i mot.  Flyktningetenesta vert finansiert av eigne tilskot til flyktningar.  Vesentleg nedgang i mottak av flyktningar vil medføre behov for vesentleg endring i dette arbeidet.  Det vert lagt fram sak om organisering av dette arbeidet hausten 2018.