Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Næring

Formål og målgruppe
  • Målgruppe:
    Næringsdrivande, sysseltsette og innbyggjarar i Klepp kommune samt framtidige generasjonar som er påverka av arealbruken i kommunen.
  • Føremål
    • Føremål i jordlova: Å leggja tilhøva til rette slik at arealressursane kan verta brukt på den måten som er mest gagnleg for samfunnet og dei som har yrket sitt i landbruket.
    • Sikra landbruksjord som grunnlag for eksisterande og auka matproduksjon og samstundes ta vare på natur, miljø og kulturlandskapet.
  • Kommunale mål:
    • Produksjon av matvarer frå landbruket i Klepp skal auka
    • Redusere netto pendling til og frå Klepp

 

Status
  • Uvisse kring sysselsettingsutviklinga og arbeidsinnvandring.
  • Ledighetstala for Klepp har hatt ei positiv utvikling siste året, og arbeidsløysa er nå nede i  2,2 % av arbeidsstyrken ved utgangen av juli 2018.
  • Per 2017 er det registrert ca. 2000 verksemder og cirka 8200 sysselsette i kommunen.
  • Fordeling av arbeidsplassar pr sektor i Klepp

 

Nøkkeltal
Nøkkeltal Klepp Kostragr.7 Time
Prioritering Netto driftsutg. til tilrettelegging og bistand næringslivet i % av totalt. 0,2%   0,1% 0,3%  0,1% 
  Netto driftsutg. til landbruksforvaltning 144 108 158 148
NæringsNM Rangering Nærings NM 2017 (NHO) 35   51 78
I NHOs Nærings-NM, som er ei årleg rangering av næringslivet i kommunane utarbeida av Telemarksforskning, viser at Klepp næringsliv har gjort det bra i ei årrekke. I 2016 blei Klepp kåra som nummer 18 av alle kommunar i Noreg.
Teoretisk innsparingspotensial (mill kr) samanlikna med (Negativt tal betyr Klepp har lågare kostnader) Beste kvartil K.gr 7 Gj.snitt K.gr 7 Time
Næringsforv. og konsesjonskraft 1,8 1,0 -2,1 0,3

  

Budsjettfordeling
Budsjettfordeling R2017 B2018 B2019 B2020 B2021 B2022
Sentraladministrasjonen 2116 2689 2588 2588 2588 2588
Lokal utvikling 2259 2424 2371 2371 2371 2371
SUM 4375 5113 4959 4959 4959 4959
Avskrivningskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

 

Utfordringar
  • Aktivitet innafor petroleumsrelaterte næringar har utvikla seg positivt det siste året, men på lengre sikt er det nødvendig at næringslivet i regionen omstiller deler av verksemda til alternative næringar.
  • Kommunen har ein viktig posisjon som den største sysselsettaren i Klepp, og som planmyndigheit og arealforvaltar. Av den grunn har også kommunen ei sentral rolle i utviklinga av det lokale næringslivet.  
  • Saksbehandlingstid i landbruksavdelinga - spesielt i krevjande bruksrasjonaliseringssaker.
  • Avklara korleis næringsarbeidet skal organiserast og prioriterast dei neste åra.
  • Meir digitalisering av søknadsprosessar og saksbehandling innanfor landbrukssektoren krev i ein overgangsperiode opplæring og noko meirarbeid.

 

Mål
Mål Indikator Forrige resultat Mål for 201 Mål innen 2021
Alle søknader som skal vidare til Landbruksdirektoratet skal behandlast og vidaresendast av kommunen innan oppsette fristar. Tal saker som er ubehandla over frist  0 0 0

 

Kvalitative mål
  • God kontakt med næringsdrivande, næringsforening, Greater Stavanger og andre organisasjonar som er viktige for å utvikla eit variert og godt næringsliv og høg sysselsetting.
  • Redusera forvaltningsmessige feil og feil saks- og søknadsbehandling etter lov- og regelverk.
  • Sikra at saksbehandlingsfristar vert etterlevd.
  • Ha fokus på kommunikasjon og klar språkleg framstilling i skriftlege saker for å auka forståinga hjå mottakarane.

 

Virkemiddel
  • Effektive saksbehandlingsrutinar.
  • God kontakt med aktørane i næringslivet.

 

Betalingssatsar
Betalingssatsar 2018 2019
Delingssaker etter jordlova 2000 2000
Konsesjonssaker - adm behandling 1875 2500
Konsesjonssaker - politisk behandling 5000 5000