Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Kultur og idrett

Formål og målgruppe
  • Målgruppe:
    Alle innbyggjarar. Særleg vekt på barn og unge, samt tilrettelegging innan område med særlege behov for innsats.
  • Lovens formål
    • Kulturlova: å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk.
    • Biblioteklova: Folkebibliotekene skal fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet, gjennom aktiv formidling og være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt. Legge vekt på kvalitet, allsidighet og aktualitet.
    • Opplæringslova: § 13-6.Musikk- og kulturskoletilbod
      Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.
  • Kommunale mål:
    • Kultur- og fritidstilboda har breidde og kvalitet.
    • Alle skal bu trygt og ha gode møteplassar.
    • Rekruttera godt og ha mange frivillige samarbeispartnarar.
    • Oppvekstvilkåra til barn og unge i kommunen skal vere gode.

 

Status
  • Meirope bibliotek er innført i 2018
  • Idrettskonsulent 50% gjort fast frå og med 2018
  • Vekst i aktivitet og tal på frivillige ved frivilligsentralen.
  • Nye retningslinjer frivilligsentralen er vedtatt.
  • Generelt god oppslutning om kulturarrangement.
  • Tilskot til Folkepulsen blir videreført.
  • God oppslutning om kulturskulen. Kulturskulen har om lag 430 elevar. 80 av desse er korpselevar. Ventelista er nå nede i  55 elevar. 

 

Nøkkeltal
Nøkkeltal Klepp Kostragr.7 Time
Kvalitet Besøk i folkebibliotek per innbyggar 3,6 3,8 5,0 6,0
  Utlån alle medier frå folkebibliotek per innbyggar 3,6 2,8 3,3 5,8
  Årleg totalt besøk i kommunalt drivne fritidssenter per 1000 innb. 6-20 år 1199 - 1041 1678
Prioritering Netto driftsutgifter for kultursektoren per innbyggar i kroner 1668 1642 1992 1978
  Netto driftsutgifter til aktivitetstilbud barn og unge per innbyggar 6-18 år 906 971 1650 1162
  Netto driftsutg. til komm. musikk- og kulturskular, per. innb. 6-15 år 1819 2239 2459 2153
Dekningsgrad Del av elevar i skulealder i kulturskular av alderen 6-15 år 13,2 13,8 16,1 12,5
Enhetskostnader/ produktivitet Brutto driftsutgifter til bibliotek (f370) per innbyggar 267 275 378 314
  Korr. brutto driftsutg. til komm. musikk- og kulturskular, per brukar 16817 17444 18405 19027
Rangeringer Kommunebarometeret - Tjenestens rangering siste rapport 2018 (Område kultur) 264 293 139 65
Teoretisk innsparingspotensial (mill kr) samanlikna med (Negativt tal betyr Klepp har lågare kostnader) Beste kvartil K.gr 7 Gj.snitt K.gr 7 Time
Kultur og idrett 5,2 0,3 -6,2 -6,0

 

 

Budsjettfordeling
Budsjettfordeling R2017 B2018 B2019 B2020 B2021 B2022
Lokal utvikling 14983 14932 15369 15369 15369 15369
Barn og unge 5139 5792 5404 5404 5404 5404
Helse og velferd 592 1856 0 0 0 0
SUM 20714 22580 20773 20773 20773 20773
Avskrivningskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

 

Utfordringar
  • Klepp manglar eit eigna bygg til kulturføremål i sentrum. Dette må sjåast i samanheng med auka/endra behov for dei fleste kommunale kulturverksemdene. I arbeidet med nytt kommunehus må det finnast løysingar på desse utfordringane.
  • Talet på medlemmer i idretten er lågare enn i nabokommunar, særleg blant ungdom.
  • Rekruttera og behalda barn og unge i kor, korps og musikkaktivitet.
  • Vidareutvikla frivilligsentralen.
  • Auka bruk av meirope bibliotek og utvikling av biblioteket som arena for debatt, arrangement og rettleeing i tråd med intensjonar og mål i ny biblioteklov.
  • Finne ei optimal løysing for nytt kommunehus, som sikrer gode kår for kulturarbeidet som sikrar mangfald, kvalitet og deltaking.
  • Nyanlegg lagsarbeid blir for 2019 auka med kr 100.000 på grunn av tilskot til nybygg Kleppe bedehus. Dette tilskotet må aukas i åra fremover for å kunne nedbetale tilskot på 4 mill over 10 år. Nyanlegg idrett blir tilsvarende redusert.
  • Frå 2020 betaler ein ikkje lengre husleige til Orstadhuset. Midlane på kr 500.000 blir frigjort nytta til utbetaling nyanlegg lagsarbeid og nyanlegg idrett.

 

Mål
Mål Indikator Forrige resultat Mål for 2019 Mål innen 2022
Auka oppslutning i frivillige lag og organisasjonar, særleg blant barn og unge Medlemstal i søknad om driftstilskot - Idrett 5229 5900  
Medlemstal i søknad om driftstilskot - Musikk 355 375  
Medlemstal i søknad om driftstilskot - Andre 2783 2480  
Medlemstal i søknad om driftstilskot - Totalt 8367 8755 9700
Auke i elevtal kulturskule Del av elevar i skulealder i kulturskular av alderen 6-15 år 13,2 %

14 %

15 %

 

Kvalitative mål
  • Auka deltaking i organisert aktivitet og på arrangement blant befolkningsgrupper som elles deltar lite.
  • Kulturskulen sitt tilbod er mangfaldig og i samsvar med etterspurnad. Auka variasjon når det gjeld opplæringstilbod. Kvalitetsundervisning tilpassa kvar einskild elev.
  • Auka mangfald og tal på kvalitetsarrangement.
  • Bidra i planlegging og utforming av kulturdelen av det nye kommunehuset og aktivitetspark
  • Gjennomføra arrangement: Kleppeloen ("Sommarkultur"), fullmånekonsertar, UKM mm.
  • Auka tilgjengelighet og bruk av lokale til kultur og fritidsføremål.
  • Betra systemet for utlån av friluftsutstyr
  • Auka deltaking i frivillig arbeid.
  • Utvikling av biblioteket som møteplass og arena for variert aktivitet og arrangement.

 

Virkemiddel
  • Støtte til prosjektsamarbeid Folkepulsen blir vidareført i 2019.
  • Prosjekt for å styrka opplæring i og rekruttering til skulekorps.
  • Elev/føresatteundersøkingar ved kulturskulen.
  • Meirope bibliotek. Satsing på digitalisering, arrangements- og aktivitetsutvikling.
  • Oppretthalda tilskotsordningar
  • Utvikla større kulturarrangement
  • Innføring av frivilligpris
  • Utvikla kvalitet og aktivitetsbredde på ungdomskultursenteret Axis.
  • Gjennomføra ny Ungdataundersøkiing i 2019. Vurdera resultat og aktivitet knytt til fritidsaktivitet.
  • Vurdere bruk av digital bookingsystem for lokaler - Aktiv kommune.

 

Betalingssatsar    
Symjehallen (Klepphallen) 2018 2019
Barn 30 30
Vaksne 55 55
Klippekort barn (18 klipp) 400 400
Klippekort vaksne (10 klipp) 440 450
Kulturskule Sats pr. semester pr. 01.08.2018 Sats pr. semester frå 01.08.2019
Instrumentopplæring/song (einetimar) 1690 1730
Gruppeopplæring (dans, kunstfag, drama) 1510 1550
Instrumentleige og materialutgift kunstfag 345 355