<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Kommuneplanen sine målsettinger

Eit sunt og inkluderande lokalsamfunn

Klepp kommune skal vere eit samfunn der innbyggjarane kjenner seg trygge. Inkludering og integrering er viktig. For at innbyggjarane skal oppleva tilhørighet, må alle kjenna at det er bruk for dei. Slike ikkje-materielle verdiar, saman med god fysisk planlegging og utforming, vil danna basis for trivelege og gode oppvekst- og bumiljø. Frivillig arbeid er ein viktig bærebjelke i lokalsamfunnet.

Slik vil me ha det:
• God oversikt over dei faktorane i kommunen som påverkar helsetilstanden til innbyggjarane.
• Alle skal bu trygt og ha gode møteplassar.
• Kommunale tenester skal bygga på prinsippet om sosial utjamning.
• Rekruttera godt og ha mange frivillige samarbeidspartnarar.

Barn og unge i første rekke

Barn og unge skal prioriterast jf kommunevisjonen. Dette inneber at barn og unge skal ha gode oppvekst- og læringsvilkår og gode fritidstilbod. Kommunen skal særleg via merksemd til barn og unge som av ulike grunnar står i fare for å utvikla vanskar. Tidleg oppdaging og tidlege tiltak er viktig.

Slik vil me ha det:

• Tidleg oppdaging og tilpassa tiltak er på plass med god samhandling med dei føresette.
• Oppvekstvilkåra til born og unge i kommunen er gode.
• Læringsresultata syner framgang.
• Kultur og fritidstilboda har breidde og kvalitet.

Tydeleg miljøprofil

Livsgrunnlag og trivsel er avhengig av miljøet rundt oss. Produksjon av matvarer med høg kvalitet er vikig i kommunen. Vern av matjord skal difor vega tungt i arealforvaltinga.
Klimautfordringane og tap av biologisk mangfald er blant dei største globale utfordringane i dag. Klepp skal gjennom si planlegging og forvaltning vera med på å ta sin del av ansvaret for desse utfordringane. Klepp skal vere bevisst sin rolle som forbrukar med tanke på ressursbruk og berekraft.

Slik vil me ha det:

• Fleire enn før går eller syklar til skule og arbeid.
• Produksjonen av matvarer frå landbruket i Klepp skal auka.
• Gode innsamlings- og gjenvinningsordningar for avfall.
• Energiforbruket i kommunale bygg skal reduserast pr. m2.

Ein sunn økonomi som sikrar handlingsrom

Økonomi er eit middel for å kunna etablera og oppretthalda dei kommunale tenestetilboda til innbyggarar og brukarar. Å ha ein sunn økonomi inneber m.a. at kommunen kan tåla svingingar i inntekts- og utgiftsgrunnlaget - utan at det truer tenestetilbodet. Å styra økonomien og ressursbruken er ein nøkkelfaktor, gjennom løpande rapportering og måling av kostnadseffektivitet. Stram styring og kloke økonomiske val gir handlingsrom. 

Slik vil me ha det:
• Netto driftsresultat på minst 1,5 % av driftsinntektene.
• Mindre enn 70 % av investeringane vert finansiert med lån.
• Lånegjelda skal vera mindre enn 60 % av driftsinntektene.
• Disposisjonsfonda skal vera meir enn 5 % av driftsinntektene.

Nyskaping og samhandling

Ein effektiv kommune bør vera nytenkande og ta i bruk ny teknologi i jakta på gode løysingar. Dei gode løysingane finn ein og saman med gode samarbeidspartnarar i interkommunalt og regionalt samarbeid.

Slik vil me ha det:

• Innbyggarane får raskt svar på sine henvendingar på nett og e-post.
• Kommunen sine e-tenester skal opplevast som effektive og gode av både innbyggarar og tilsette.
• Kommunen hentar idear og utviklar tenestetilbodet i samarbeid med andre aktørar.