Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Grunnskule

Formål og målgruppe
  • Målgruppe:
    Elevane i skulen og deira føresette 
  • Føremål i Opplæringslova:
    § 1-1. Formålet med opplæringa
  • Kommunale mål:
    Bidra til å utvikla kunnskapsnysgjerrige og kreative barn:
    • Ha hovudfokus på læringa og utviklinga til barn og elevar i barnehagane og skulane.
    • Framleis vektlegga dei grunnleggande kunnskapane, med særleg vekt på leseopplæringa.
    • Framleis ha tydeleg handling og aksjon i forhold til godt læringsmiljø og mobbing og mobbesaker.

 

Status
  • Klepp og Jærskulen har to hovudmål: å betra læringsresultata og få betre rekruttering. Utviklingsområda og måla er konkretiserte i skulane sine utviklingsplanar. Måla for Jærskulen skal evaluerast våren 2019.
  • Den årlege elevundersøkinga til Utdanningsdirektoratet viser at elevar i all hovudsak trivst godt i Kleppskulen. 
  • Klepp ligg blant toppkommunane i Rogaland  også i år i forhold til å satsa på «Kompetanse for kvalitet». Forventinga er at dette over tid vil syna att på elevane si læring. 
  • Det er behov for betre spesialpedagogisk kompetanse til psykisk utviklingshemma elevar. Orstad læringssenter har fått overført to stillingar frå skulane til å gje opplæring og rettleiing på skulane.
  • Jærskulen følger opp, og Klepp er også med, på staten si satsing på godt og trygt læringsmiljø og arbeid mot mobbing. Nytt system på skulane sine nettsider gjer det enkelt å melda frå om mobbing. 
  • Det er tilført midlar frå staten til 11 lærarstillingar for 1. - 4. klasse til tidleg hjelp i norsk og matematikk frå skuleåret 2017/18. Det er vidareført i 2018/2019. 
  • Omorganisering av spesialundervisninga er i gang, jfr. vedtak i kommunestyret og  Devoldrapporten. Målet er betre  tilpassa opplæring og intensiv undervisning. Opplæringslova § 1.4. - Tidleg innsats på 1. til 4. trinn vart endra 1.8. 
  • Alle elevar og tilsette har fått læringsbrett og impelemnteringa har vore ei god. Motivasjonen for læring er betre, og ein ser at elevar som har slite med skrivevanskar og spesielle behov, lykkast betre.
  • Lesetrøkk-prosjektet er godt i gang, og foreldre er med og gir innspel til korleis ein kan få tips til motivasjon og oppfølging av barna i heimen. Arbeid med tiltak blir vidareført i 2019.
  • Jærskulen og Kleppskulen har starta ein prosess rundt nye læreplanar og fagfornyinga. Nye læreplanar vil vera klare for elevane hausten 2020.
  • Klepp kommune si lærardekning ligg innanfor den nye lærarnorma frå 1.8.18.

 

Tal på elevar i skulen
Tal på elevar 2017 2018 2019 2020 2021 2022
Elevar i skulen 2706 2744 2787 2812 2828 2825

 

Nøkkeltal
Nøkkeltal Klepp Kostragr.7 Time
Kvalitet Lærartettleik ordinær undervisning, 1.-10. tr. (elev pr. lærar) 14,8 17,4  17,7 15,2
Den nye lærarnorma tek utgangspukt i "Lærartettleik ordinær undervisning"
  Lærartettleik, inkl. spes.ped og særsk.norsk 1.-10. trinn 12,5 14,2  14,2 12,8 
  Lærartettleik, inkl. spes.ped og særsk.norsk 1.-4. trinn 11,7 13,6  13,9 12,8
  Lærartettleik, inkl. spes.ped og særsk.norsk 5.-7. trinn 12,4 13,7  13,4 13,6
  Lærartettleik, inkl. spes.ped og særsk.norsk 8.-10. trinn  13,7 15,5  15,7 11,7
  Lærartettleik viser tal berre for off. skular        
Einingskostnader Korr. brutto driftsutg. skulesektor (202,215,222,223), pr. elev 117358 118260 108688 117694
Rangeringar Kommunebarometeret - Tenesta si rangering siste rapport 2018 167 190 92 284
Teoretisk innsparingspotensial (mill kr) samanlikna med (Negativt tal betyr Klepp har lågare kostnader) Beste kvartil K.gr 7 Gj.snitt K.gr 7 Time
Grunnskule 11,5 -20,7 6,7 0,4

 

 

Budsjettfordeling
Budsjettfordeling R2017 B2018 B2019 B2020 B2021 B2022
Barn og unge 238282 251189 245057 245057 245057 245057
Helse og velferd 153 0 0 0 0 0
Lokal utvikling 229 0 0 0 0 0
SUM 238663 251189 245057 245057 245057 245057
Avskrivingskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

 

Utfordringar
  • Gje betre tilpassa opplæring og intensiv opplæring 1. – 4. trinn.
  • Vidareutvikla eit spesialpedagogisk tilbod i kommunen sine barnehagar og skular.
  • Skapa eit trygt og godt læringsmiljø for alle elevar i Kleppskulen.
  • Heva resultata i lesing for kvar elev.
  • Utvikla arbeidslivsfag på ungdomsskulane.

 

Mål
Mål Indikator Siste resultat Mål for 2019 Mål innan 2022
Grunnskulepoeng  Karakter alle faga  40,6  41,0  41,5
Snitt for landet er 41,8
Eksamen norsk  Karakter i hovudmål  3,4  3,6  3,7
Snitt for landet er 3,5
Eksamen matematikk  Karakter eksamen  3,6  3,7  3,8
Snitt for landet er 3,6
Ingen aktivitetsplanar  0 aktivitetsplanar  36  20  0
Frå 1.8.2017 tok ny § 9A til å gjelda. Dersom eleven ikkje har eit trygt skulemiljø, kan han/ho eller foreldra seia ifrå/klaga. Skulane har då handlingsplikt inna 1 veke.

 

Kvalitative mål
  • Styrka det faglege fokuset for å auka læringsutbytet til elevane.
  • Gje læring og meistring til kvar elev ut frå sine føresetnader.

 

Virkemiddel
  • Ekstra oppfølgingsmøte frå skuleeigar med skular som kunne hatt betre resultat.
  • Jærskulesamarbeidet og nettverka mellom skuleleiarar og lærarar.
  • Skulane sine eigne analysar og utviklingsplanar.
  • Sterk satsing på «Kompetanse for kvalitet».
  • Styrka det tverrfaglege samarbeidet kring barn og unge som har læringsutfordringar.

 

Betalingssatsar SFO
Betalingssatsar SFO Sats pr. mnd. pr. 01.08.2018 Sats pr. mnd. frå 01.08.2019
Opphald    
5 dagar pr. veke 2865 2935
3 dagar pr. veke 1740 1785
Tillegg morgontilbod 365 375
Matpengar 220/135 225/135
For SFO betaler ein 11 månader, juli er betalingsfri.