Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Driftstiltak

 

Driftstiltak (beløp i 1000 kr) 2019 2020 2021 2022
Reduksjon administrative årsverk, omdisponering kommunikasjonsrådgiver 0 -400 -400 -400
Det er lagt opp til innsparing av 1 årsverk som følgje av samordning av administrative oppgåver frå 2018.  Kommunikasjonsrådgjevar skal ha ansvar for innbyggerservice/servicetorg og alle digitale kommunikasjonplatformar mellom kommunen og innbyggjare.  Internt i organisasjonen vil stillinga ha webredaktøroppgaver og frigjere oppgåver som delvis er lagt til enkeltpersoner utan et heilskapleg ansvar.
Val 850   750  
Avvikling av val i samsvar med kommunestyrets vedtak.
Tilskott busstilbud     -500 -500
Klepp kommune har i samarbeid med Kolumbus fått etablert eit vesentleg forbetra busstilbud mellom Klepp stasjon og Verdalen.  Klepp sin del av finansieringa av dette er 500.000 årleg i tilskot til Kolumbus i åra 2018 til 2020.  Tilskotet fell bort i frå 2021 og vert difor trekt ut av ramma i frå 2021.
Innsparing 0,5 % årlig   -5500 -5500 -5500
Generell innsparing i samsvar med vedteken plan. I denne ligger mellom anna innsparing i samband med nedlegging Vasshus skule.
DigiRogaland - medlemskap 250 250 250 250
Økning kirke som vedtatt 100 100 100 100
Videreført som i vedtatt plan 2018-2021.
Sum fellesområder og kyrkje 1200 -5550 -5300 -6050
Auka andel barnehagelærarar 600 1200 1200 1200
Kommunestyret har vedteke at 50 % av dei tilsette skal være pedagogar.  I tala er det lagt til grunn at andelen vert 45 % i 2019 og 50 % frå 2020.  Vi har nokre pedagogar på dispensasjon og det er usikkert kor stor del ein klarar rekruttera/utdanne.  Faktisk tal vert rapportert i årsmeldinga.  Pr 1/12-2017 var andelen på 32,9 %.
Husleige og reinhald Bore bedehus   -100 -100 -100
Bortfall leige midlertidige lokal når skulen på Bore står klar.
Reduksjon barnehage -500 -1100 -1100 -1100
Reduksjon som følge av redusert barnetal.
Tidlig innsats skole 850 850 850 850
Det vart av regjeringa lagt inn 200 millionar i dei frie midla til kommunane i 2019 som kompensasjon for auka utgifter i samand med ny norm for elevar pr. lærar.  I forlik mellom regjeringa og Krf er desse midla overført til øyremerka tilskott.  Det er uavklart kor mykje Klepp får tildelt av denne posten.  Det er difor reservert 850.000,- på disposisjonsfond til eventuell dekking  av dette fram til dette vert avklart.
Sum barn og unge 950 850 850 850
Ta i bruk nye sykehjemsplasser   3850 7700 7700
Ein legg opp til å åpna 8 nye institusjonplasser i sambane med auka tal på eldre. Samla kostand er rekna til om lag 8 millionar.  Deler av dette er planlagt dekke ved omleggingar i omsorgstenestane.  4 av plassane er tenkt i samarbeid med Time kommune.
Drift nytt bukolektiv/foreldreinitiativ     8350 8350
Bygging av nytt bukollektiv/foreldreinititativ er venta stå ferdig i 2021.  Det er lagt inn middel til løn og drift av tenestane i bustadane når bustadane er solgt og brukarane er flytta inn.  Bemanninga er netto auke i drifta.  Det er planlagt overført nokre årsverk i frå barnebudstad i samband med flytting av brukarar.
Reduksjon Helse og velferd -2000 -4000 -4000 -4000
Overordna analysar frå KS, SDØE, Kommunal og moderniseringsdepartementet og  ressursanalyse (devold rapporten),presentert for kommunestyret, økonomiutvalet og hovudutval, vis rom for endringar og frigjering av ressursar innen helse og velferd. Reduksjonane må sjåast saman med dei andre tiltaka i Helse og velferd,Satsing, prioriteringar og utfordringar i helse og velferd 2019
Ny bruker helse og rus 1000 1000 1000 1000
Det vert tilført 1 million til helse og velferd som kompensasjon for deler av meirutgifter i helse og rus.
Takstoppgjør allmenleger 350 350 350 350
 Regjeringa har lagt inn middel til kompensasjon for auka kostnader som følgje av ny avtale med legane.
Utskrivningsklare pasienter i Psykiatri 640 640 640 640
Det skal innførast betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar i psykisk helsevern og TSB (Tverrfagleg Spesialisert
Behandling av ruslidingar) i 2019. Det blir derfor føreslått å flytta 185 mill. kr frå regionale helseføretak til kommuneramma. Når kommunane får plikt til å betala for utskrivingsklare pasientar også frå desse fagområda, blir psykisk helse og rus likestilt med somatikk. Forskrifta blir endra slik at betalingsplikta vil gjelda for opphaldskommunen.  Talet er Klepp sin del av dette som tilførast helse og velferd.
Opptrappingsplan RUS 570 570 570 570
Det blir føreslått 281 mill. kr til opptrappingsplan for rusfeltet. Av dette 200 mill. kr gjennom styrking av kommunanes
frie inntekter og 81 mill. kr gjennom ein tverrdepartemental oppfølging av opptrappingsplanen.  Talet er Klepp sin del av dette som tilførast helse og velferd.
Opptrappingsplan habilitering og rehabilitering 280 280 280 280

Regjeringa føreslår 100 mill. kroner til opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering som ein del av kommunanes frie inntekter. Med dette så har Regjeringa følgt opp målsetjinga om 300 mill. kr i stimuleringsmidlar til opptrappingsplanen i perioden 2017-2019.  Talet er klepp sin del av dette som tilførast helse og velferd.

Sum helse og velferd 840 2690 14890 14890
Brannvern - økt andel Rogaland brann og redning 1890 3470 5050 5050
Anslag oppdatert med tal frå eierforslag og ajourført eierbrøk 2019-22.  Sjå tekstdelen for nærare opplysningar.
Drift/asfalt veger, gang og sykkestiar 2000      
Middel i 2019 til ta inn noko av etterslep på kommunale vegar.
Sum lokal utvikling 3890 3470 5050 5050
Driftskonsekvenser investeringer -100 400 2560 6106
Sum driftstiltak totalt 6780 1860 18050 20846