Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Budsjettet på 1-2-3

Prosessen i Klepp

Budsjettet og økonomiplanen i Klepp vert lagt fram av økonomiutvalet med bakgrunn i ei skisse frå rådmannen.  Rådmannen si budsjettskisse vert presentert 22. oktober og økonomiutvalet drøftar budsjett og økonomiplanen 22. oktober, 5. november og gjer si salderte innstilling den 12. november..  Forslag frå økonomiutvalet vert sendt på høyring til hovudutvala og andre.  Formannskapet si innstilling til kommunestyret vert gjort 26. november som vedtek budsjett og økonomiplanen 17. desember.

Saksganga kan følgjast på første sida i økonomiplanen.  Nettsida vert oppdatert undervegs i prosessen.

Økonomisk status

Budsjett og økonomiplanen er prega av stramme økonomiske rammar.  Det er i regjeringa sitt forslag ikkje lagt inn nye middel som kan disponerast lokalt, samtidig er det omlegginger i andre tilskot som medfører mindre disponible middel.  Skatteinntektene viser små tekn til betring, og folketalsveksten ser ut til å betre seg litt.  

Rekneskapen for 2018 vil truleg gje eit mindreforbruk samla på om lag 11 millionar mellom anna fordi skatteinntektene i Klepp og for landet vert høgare enn budsjettert.  Auka i nasjonal skattevekst som ble varsla i statsbudsjettet 8. oktober vert ikkje vidareført i 2019, og mindreforbruket gjer difor ikkje rom for auke i driftsutgiftene.  Tenesteområda merkar no innsparingane som har vært gjort dei siste åra, og det er venta meirforbruk for fleire av desse, men ikkje større enn at dei i 2018 vert dekka av fond/mindreforbruk frå tidlegare år.

Investeringsplanen er prega av skuleutbyggingar på Bore, Kleppe, Vardheia og «Kleppeloen», samt avlastningsbustad og «Foreldreinitiativet». Kyrkje/«Kommunehuset» er forskjøvet til 2022-24, men at planlegginga held fram, og at det vert tatt ein investeringsbeslutning våren 2019.

Drifta er prega av stramme prioriteringar og tilpassing av kapasitet til endra folketal i ulike brukargrupper.  Barnehagekapasiteten er redusert og talet på tilsette er tilpassa nytt forslag til norm for tilsette.  Auka tal og behov til brukarar av omsorgstenestene medfører styrking av tilbod og kapasitet.

For å løyse dette vert omstillingar nødvendige.  Det er mellom anna lagt om til omstilling og frigjere ressursar i omsorgstenestene og administrasjon.  Nedlegging av Horpestad og Vasshus skule vil og gje innsparingar i planperioden.

Økonomiske mål

Lånegjelda veks høgare enn målsettinga, mens driftsresultat, lånefinansieringsdelen og disposisjonfonda er betre enn målsettinga.