Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Barnevern

Formål og målgruppe
  • Målgruppe
    Lova rettar seg mot alle barn under 18 år som bur og oppheld seg i kommunen.
    Dersom barnet har mottatt tiltak før fylte 18 år og samtykker til vidare hjelp, kan tiltak videreførast inntil fylte 23 år.
  • Føremål i lov om barnevernstenester §1-1:
    Å sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skada helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.
  • Kommunen sitt overordna mål for tenesta
    Vi gir tenester med vekt på tidleg innsats og førebygging, identifiserer og avdekker omsorgssvikt og åtferdsvanskar, for å avhjelpa dei vanskane som barn/familiar står i. Vi skal saman med andre gi gode og samordna tenester.

 

Status
  • Stor arbeidsmengd på saksbehandlarane i barnevernet. Frå 1.8.2018 blei barnevernet styrka med 2 stillingar.
  • Ressursar tilsvarande 2,33 stilling er overført til ei felles tiltaksavdeling for Klepp, Hå og Time, drive av Time kommune. 

 

Nøkkeltal
Nøkkeltal Klepp Kostragr.7 Time
Kvalitet Del av undersøkingar i barnevern med behandlingstid over tre månader 18 % 10 % 4 % 7 %
  Stillingar med fagutdanning i barnevern per 1000 barn 0-17 år 3,3 4,1 3,4 3,4
Prioritering

Netto driftsutgifter pr. innbyggar 0-17 år 

6074 8715 7168 7223
 

Del netto driftsutgifter til saksbehandling 

28,6 % 30,1 %  31,8 % 22,1 %
Dekningsgrad Del av barn med barnevernstiltak ift. innbyggarar 0-17 år 2,4 % 3,1 % 2,8 % 2,8 %
 

Del barn med melding ift. innbyggarar 0-17 år

4,4 % - 4,6 % 4,6 %
Einingskostnader Brutto driftsutg per barn som er plassert av barnevernet (funksj 252) 331721 398760 340921 308783
  Brutto driftsutgifter per barn som ikkje er plassert av barnevernet (251) 60252 31830 33051 45079
Rangeringar Kommunebarometeret - Tjenesten si rangering, siste rapport 2018 169 131 55 83
Teoretisk innsparingspotensial (mill kr) samanlikna med (Negativt tal betyr Klepp har lågare kostnader) Beste kvartil K.gr 7 Gj.snitt K.gr 7 Time
Barnevern 0,6 -4,3 -7,1 0,8

 

 

Budsjettfordeling
Budsjettfordeling R2017 B2018 B2019 B2020 B2021 B2022
Barn og unge 0 0 29004 29004 29004 29004
Helse og velferd 28520 30484 1089 1089 1089 1089
Lokal utvikling 240 0 0 0 0 0
SUM 28759 30484 30093 30093 30093 30093
Avskrivingskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

 

Utfordringar
  • Sikra ein rett terskel for å melda saker til barnevernet.
  • Sikra barn sin medverknad i saker som angår dei.
  • Sikra at barnet sin familie eller nettverk blir vurdert som fosterheim.

 

Mål
Mål Indikator Forrige resultat Mål for 2019 Mål innan 2021
Halda meldingsfristar Rapportering til Fylkesmannen. Eiga rapportering 100 % 100 % 100 %
Halda fristar i undersøkingssaker Rapportering til Fylkesmannen. Eiga rapportering    91 % 95 %  100 % 
Alle barn skal ha aktive tiltaksplanar  Rapportering til Fylkesmannen. Eiga rapportering   78 % 85 %  100 %
Alle fosterbarn skal ha oppfølging i tråd med myndighetskrav  Rapportering til Fylkesmannen. Eiga rapportering    90 % 95 %  100 % 

 

Kvalitative mål
  • Alle barn over 7 år skal ha høve til å uttala seg i eiga sak.
  • Trekka brukarerfaringar inn i utvikling av tenesta.
  • Barneverntenesta skal jobba aktivt for å auka bruk av familieråd som metode.
  • Etablera gode, tverrfaglege tiltakskjeder i kommunen.

 

Virkemiddel
  • Styrka kompetanse i høve til samtalar med barn.
  • Brukarundersøking.
  • Sikra kompetanse i bruk av metoden familieråd.
  • Barnevernet skal jobba aktivt ut mot skular og barnehagar for å senka terskelen i høve til å melda saker til barnevernstenesta.