Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Barnehage

Formål og målgruppe
  • Målgruppa:
    Barn i førskulealder i Klepp kommune
  • Føremål i barnehagelova (Lov om barnehager):
    § 1. Formål
  • Kommunale mål
    Tidleg oppdaging og tidleg hjelp for barn og elevar
    • Samhandla tverrfagleg og tverretatleg for å oppdaga hjelpebehov hos barn og elevar og å setja inn tiltak tidlegast råd.
    • Omlegging til meir intensiv spesialundervisning og hyppig evaluering.
    • Prioritera ressursar på tidleg opplæring, særleg for barn/unge med minoritetsspråkleg bakgrunn.

 

Status
  • Verkemidla for å få fleire barnehagelærarar har hatt effekt. Ny pedagognorm vart innført frå august 2018 og det har derfor vore behov for fleire barnehagelærarar. Det er barnehagelærarar i dei fleste stillingane, og nokre barnehagar ligg over minstenorma og nærmar seg 50 % dekning. Det vil vere behov for fleire barnehagelærarar og behov for ytterlegare satsing på utdanning av eigne tilsette for å nå målet om 50 % dekning.
  • 18,5 stillingar i barnehagane er øyremerka spesialpedagogisk hjelp og anna ekstra hjelp barn i barnehagealder har behov for.
  • Klepp kommune har ei stilling som er prioritert til språkopplæring for barn med minoritetsspråkleg bakgrunn. Denne stillinga er finansiert av staten.

 

Tal på barn i barnehage
Tal på barn i barnehage 2017 2018 2019 2020 2021 2022
Barn i barnehagane i Klepp  1268 1226 1215 1219 1215 1222
 

 

Nøkkeltal
Nøkkeltal Klepp Kostragr.7 Time
Kvalitet Del barnehagelærarar i % av grunnbemanninga 32,9 % 34,9 % 33,6 % 30,9 %
  Del tilsette med barnehagelærearutdanning i kommunale barnehagar 34,7 %   35,1 % 33,2 %
  Del tilsette barne og ungdomsarbeidarar i kommunale barnehagar 19,5 %   20 % 24,3 %
Prioritering Netto driftsutgifter per innbyggar 1-5 år 135023 136827 137449 120843
Dekningsgrad Del barn 1-5 år med barnehageplass 92,2 % 91,6 % 89,5 % 83,5 %
  Del minoritetsspr.barn i barneh. i forhold til innvandrarbarn 1-5 år 80,1 % 81,5 % 75,7 % 72,8 %
Einingskostnader

Korr. brutto driftsutgifter i kr pr. barn i komm.
bhg. per korr. opph.time (kr)

61 60 64 60
Rangeringar

Kommunebarometeret - Tenesta si rangering siste rapport 2018

357 292 384 420

Teoretisk innsparingspotensial (mill kr) samanlikna med (Negativt tal betyr Klepp har lågare kostnader)

Beste kvartil K.gr 7 Gj.snitt K.gr 7 Time

Barnehage

10,4 0,7 0,2 13,0

 

 

Budsjettfordeling
Budsjettfordeling R2017 B2018 B2019 B2020 B2021 B2022
Barn og unge 171840 179421 174925 174925 174925 174925
Helse og velferd 25 0 0 0 0 0
SUM 171865 179421 174925 174925 174925 174925

Avskrivingskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.

 

Utfordringar
  • Til ei kvar tid ha nok kvalifisert personale.
  • Tilpassa kapasitet til endringar i barnetalet.
  • Vidareutvikla eit spesialpedagogisk tilbod i kommunen sine barnehagar og skular.
  • Tidleg innsats.
  • Leggja om PPT si teneste og fagteamet sin innsats mot barnehagane til meir direkte rettleiing.

 

Mål
Mål Indikator Siste resultat Mål for 2019 Mål innan 2022
Auke den formelle kompetansen for personalet i barnehagane Del barnehagelærarar  34,7 %  45 %  50 %
  Del barne- og ungdomsarbeidarar (evt. anna relevant utdanning)  19,5 %  30 %  50 %
Halda fram med høg dekningsgrad Dekningsgrad 1-5 år  92,1 %  93,5 %  95 %
  Dekningsgrad minoirtetsspråklege barn 1-5 år  80,1 %  85 %  95 %

 

Kvalitative mål
  • Tidleg innsats
  •  Meir læring for alle
    • Livskompetanse og danning
    • Leik
    • Undring, utforsking og magi
    • Språk

 

Virkemiddel
  • Legge til rette for at dei som er i stillingar, kan ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeider, barnehagelærarutdanning og relevant vidareutdanning.
  • Etaten sin kompetanseplan som inneheld ei vidare satsing på språk og autoritative vaksne.
  • Implementera «Plan for kvalitetsutvikling 2018-2020»
  • Barnehagane sine utviklingsplanar som bygger på ny rammeplan og den overordna reviderte planen for kvalitetsutvikling, barnehagane sine ståstadsanalysar, foreldreundersøkingar og samtalar med barna.
  • Auka trøkk på språk og leseglede saman med foreldra.

 

Betalingssatsar barnehage
Betalingssatsar Sats pr. mnd. pr. 01.08.2018 Sats pr. mnd. frå 01.01.2019
Opphald    
5 dagar pr. veke 3201  makspris

Makspris blir vedtatt av Stortinget. Forslaget i Statsbudsjettet er kr 2.990,- pr mnd (11 mnd) frå 1.1.2019 og kr 3.040,- pr mnd (11 mnd) frå 1.8.2019.
For barnehageopphald betaler ein 10 månader, juli og august er betalingsfrie.
Nasjonal makspris 2018 er 2.910 kr/mnd ved 11 mnd betaling. Klepp brukar 3.201 kr/mnd og 10 mnd betaling.
Klepp kommune følger dei nasjonalt vedtekne moderasjonsordningane.

4 dagar pr. veke 2737  85,5 % av makspris
Prisen på delte plassar er %vis høgare, pga. høgare kostnader ved delte plassar.
3 dagar pr. veke 2260  70,6 % av makspris
2 dagar pr. veke 1780  55,6 % av makspris
Matpengar    
5 dagar pr. veke 315 320
4 dagar pr. veke 252 256
3 dagar pr. veke 189 192
2 dagar pr. veke 126 128