Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Tenesteområde helse og velferd

Tenesteområde vert leia av kommunalsjefen og består av NAV, Inngangen, Institusjon, Miljøtenesta, Heimetenesta og Barn og helse

Mål og strategi
Hovudmål: Meir med fleire - helse og velferd i ei ny tid.

Målsettinger fra målkart

  • God oversikt over dei faktorane i kommunen som påverkar helsetilstanden til innbyggarane.
  • Alle skal bu trygt og ha gode møteplassar
  • Kommunale tenester skal bygga på prinsippet om sosial utjamning
  • Rekruttera godt og ha mange frivillige

Handlingsmål i planperioden

Brukarmedverknad

  • Iverksetta nye arbeidsmetodar som i større grad ivaretek brukarmedverknad. Arbeidsmetodane skal vera kunnskaps- og forskingsbaserte.
  • Brukermedverknad skal inn i alle nye tiltak
  • Legga til rette for brukarutval/brukarforum for fleire grupper, nav og flyktningetenesta prioritert

Familie og nettverk

  • Nytta pårørande og familie sine erfaring i undervisning av tilsette
  • Iverksetta kompetansetiltak som gjer tilsette i betre stand til å samarbeida med familie og nettverk
  • Oppretta pårørandekontaktar i alle avdelinger i institusjonstenesta – avklara arbeidsformer og oppgavefordeling
  • Gjennomføra pårørande og/eller brukarundersøking i heimetenesta

Frivillig innsats

  • Gjennomføra prosjektet Frivillig innsats (innovasjonsmidlar Fylkesmannen) og legga til rette for implementering i drift.
  • Avklara oppgåver og ansvar mellom frivillige og profesjonelle
  • Sørga for at informasjon om frivillige oppgåver er lett tilgjengelege
  • Organisera opplæring og veiledning for frivillige, og legga til rette for gode møteplassar
  • Bygga struktur og nettverk mellom frivilligsentral, aktuelle organisasjonar, kyrkja og det offentlege

Velferdsteknologi

  • Vera pådrivarar slik at innbyggarar og eigne tilsette kjenner til muligheiter ved velferdsteknologiske  løysingar (demoleiligheit mm)
  • Ta teknologi i bruk der det er hensiktsmessig (eks nanolæring, språkopplæring, trening friskliv)
  • Legga til rette for at det, der det er muleg, kan søkast elektronisk på alle tenester innan helse og velferd – så snart det er mulig

Samhandling

  • Prøva ut nye samhandlingsformer
  • Legga til rette for auka samhandling mellom kommunar, private og frivillige organisasjonar
  • Vidareutvikla og oppretta planlagde samhandlingstiltak knytt til samhandlingsreformen, eks interkommunalt kompetansesenter
  • Delta i samarbeidsprosjekt med universitet, høgskular og næringsliv

Tidleg innsats og førebygging

  • Utarbeida overordna plan for barn og unges psykiske helse.
  • Revidera plan mot vald i nære relasjonar
  • Følga opp tiltaka i Bustadsosial handlingsplan 2015 – 2017, årlig politisk rapportering
  • Redusera andelen sosialhjelpsmottakarar, og sørga for at mottakarar av økonomisk sosialhjelp er i arbeidsretta aktivitet
  • Gjennomføra ungdomsprosjektet Ny vri,- fråfall i vidaregåande skule (innovasjonsmidlar Fylkesmannen)

 Nye arbeidsmåtar

  • Vidareutvikla kompetanseplanar i tråd med Taktskifte
  • Sørga for at tilsette har kunnskap om andre aktørar sine roller og fagområde, og skapa arenaer for nye arbeidsmåtar