Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Status og utfordringar

  • Regjeringa har fremja forslag om å overføre ansvaret for skatteinnkrevjinga til staten. Vert det vedteke vert dei tilsette på Jæren kemnerkontor statleg tilsette og den fysiske plasseringa truleg endra. Kommunen vil miste verdfull kompetanse, og tapar 1,7 millioner som følgje av at me driv tenesta rimelegare enn andre kommunar, og det regjereringa trekk inn av midlar.
  • Forskrifta om innkjøp vil truleg bli forenkla for m.a. mindre innkjøp. Dette håper me reduserer ”byråkratiet” slik at auka fokus vert brukt på gode innkjøp der verdien for kommunen er stor.
  • Bruken av E-faktura aukar og i løpet av dei neste åra vil dette være ”normalen”. Tid brukt på manuelle rutinar vert erstatta med drift, vedlikehald og oppdatering av økonomisystema.

Handlingsmål i planperioden

  • Vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø.
  • God oppfølging av sjukemelde som kan føra til redusert sjukefråvær og god rekruttering.
  • Implementere og vidareutvikle bruk av personalsystema.
  • Kvalitetssikre og vidareutvikle økonomisk kontroll og rapportering.
  • Auka fokus på analysar av verksemda i heile kommunen for å betre og effektivisere velferda til innbyggjarar.
  • Betre kunnskapen og systema for auka tryggleik innan IKT.
  • Bidra til at tilsette og leiarar har eit godt nok kunnskapsnivå i dei elektroniske arbeidsredskapane kommunen nyttar.