Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Økonomiske mål, resultat og analyse

Netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter

Netto driftsresultat har stort sett vore over målsettinga fram til 2014, og er venta å ligge over også i 2015. Målsetting vert vanskelegare å nå i planperioden som følgje av lågare vekst enn lagt til grunn i tidlegare planar.  For å nå målsettinga på 1,5 % må inntekter aukast, utgiftar reduserast eller investeringsnivået tas ned.  Sett i lys av den usikre økonomiske situasjonen, usikker vekst i folketalet dei neste åra, rask nedbetaling av gjelda og disponible reserver er det likevel forsvarleg med fallande driftsresultat dei neste åra.

Teknisk berekningsutval har fram til nå tilrådd minimum 1,75 % i resultatgrad. Denne tilrådinga vart nedjustert frå 3 % i november 2014 som følgje av at Mva-kompensasjonen på investeringane, som vart innført i 2004, frå 2014 vert inntektsført i investeringsbudsjettet.

Netto driftsresultat

Lånefinansiering

Målsetting er at maksimalt 70 % av investeringane skal vera finansiert med lån. I anslaget er det høgare som følgje av auka investeringsnivå på investeringar utan tilskot, og litt som følgje av lågare tilskot frå Husbanken på kjøp av bustader. Det er i slutten av perioden lagt opp til sal av tomteområder for å redusere låneopptaket.

Lånefinansiering

Lånegjeld i % av brutto driftsinntekter

Lånegjelda i Klepp er moderat sett i høve til dei andre kommunane. Gjelda har vore lågare enn målsettinga fram til 2014. Kommunestyret har heva målsettinga til 60 % for å vera i samsvar med faktisk nivå i vedteken plan for 2015-18.  Netto lånegjeld held seg under den grensa fram til 2019 og vil stige vesentleg i 2020.

Riksrevisjonen har i sin gjennomgang av låneopptaka i kommunene dei siste åra signalisert uro over høge låneopptak og veksande kommunegjeld.  Riksrevisjonen vurderer ei gjeldsgrad over 75 % til å være "Høg".

Netto lånegjeld

Disposisjonsfonda

Klepp har meir disponible fondsmidlar enn dei fleste av kommunane kring oss. Desse vert halde som reserve mot skattesvikt  dei enkelte budsjettåra.

Disposisjonsfond