Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Økonomiske føresetnadar

Vekst på 1,4 % i statens løyvingar til kommunane bør gje rom for lokale satsingar.  Svikt i lokale skatteinntekter og auka arbeidsløyse reduserer skatteinntektene og handlingsrommet. Bortfall av veksttilskot reduserer handlingsrommet ennå meir.

Statsbudsjettet - kommunedelen

Regjeringens tall  Landet  Klepp* 
Samlet realvekst  7,3 mrd.   
Realvekst frie inntekter  4,7 mrd.   
Realvekst frie kommunene  4,2 mrd.  14,8 millioner 
Realvekst i %  1,4 %  
Til dekning demografi  1,7 mrd. 6,0 millioner
Til dekning pensjonskostnader  0,9 mrd. 3,1 millioner
Satsinger i frie inntekter  1 mrd.  3,5 millioner 
Fri disponibel vekst 0,8 mrd. 3,0 millioner
Videreføring diverse satsinger  0,8 mrd.  3,0 millioner 
* Tala er rekna til Klepp sin andel av landet før justering for ulik skatteandel, folketal og andre kriteriar i rammetilskotet. Tala er meint som ein illustrasjon. Reelt fell den disponible veksten bort som følgje av bortfall av veksttilskotet i 2017 og "tap" i samband med overføring av Kemner på 1,7 millioner.

Skatteutvikling

Skatteutviklinga i Klepp har vore svak i 2015.  Samla skatteinntekt ligg an til å verta rundt 498 millionar, tilsvarande ein vekst på omlag 1,5 %. I opprinneleg budsjett for 2015 var det lagt til grunn ein vekst på 5,16 % rekna frå faktisk skatteinntektar i 2014. Skatteanslaget vart i rapport for 1. tertial nedjustert til 507 millionar, ein vekst på 3,3 % frå 2014.  Anslaget er uendra i 2. tertialrapport.

Siste opplysningar frå Kemnaren viser at kommunen får ei korrigering av fordelingstal som er 5,4 millionar lågare, og eit oppgjer av margin på 0,7 millionar meir enn i fjor.  Samla er korrigeringa venta å bli negativ i november med 4,7 millioner.  Skattetrekket for lønnstakarane i Klepp har vore svakt hittil i år.  Ved utgangen av september var veksten samla på 2,89 %, mens veksten i september var på 0,38 %.  Det er venta at vekst skattetrekk i november vil vera på nivå med september som følgje av stigande ledighet, lågare sysselsetting og lågare lønnsvekst enn venta.

Med bakgrunn i dette legg ein til grunn ei forventa skattinntekt for Klepp på 498 millionar i 2015.  Dette er lagt til grunn for utrekninga av forventa skatteinntekter og skatteutjamning i planperioden.

Skatteinngang pr sept 2015

Figuren over viser at skatteutviklinga i Klepp er svak samanlikna med resten av fylket og landet, samt eigne og nasjonale prognoser.

Skatt pr innbyggjar i forhold til landet

Samanlikna med andre kommuner i regionen har Klepp låge skatteinntekter pr. innbygger.  Den har vore stigande dei siste åra, men er redusert.  Utviklinga i Klepp og Time har dei siste månadene vært svært lik.

Arbeidsmarknad

Bustadstatistikk