Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Prioriterte driftsendringar

I tabellen finnes oversikt over endringar og prioriteringar foreslått av økonomiutvalet i samband med salderinga.

Prioriterte driftsendringar
Salderingsforslag 2016 2017 2018 2019
Diverse forslag        
Auka stilling varaordfører 170 170 170 170
Det vart i samband med valet fremja forslag om auke av stillinga som varaordførar til 35 %, ei auke på 13 %.
Val 500 700 0 700
Det avviklast stortingsval i 2017 og kommuneval i 2019.  I tillegg kjem folkerøystinga om kommunesamanslåing i 2016.
Tilskot trussamfunn 1140 180 180 30
Som følge av auke i løyvingane til Kyrkja må og tilskot til andre trusamfunn aukast. Både drifts- og investeringsutgifter inngår i utrekninga og beløpet varierer difor frå år til år.
Ikt- styrking som vedtatt 800 800 800 800
Auke av ressursane til IKT i samsvar med AMU-3/15
Lærlingar - auke til målsetting 2 pr 1000 innbyggere 100 400 700 700
Klepp har ei målsetting om å ha 2 lærlingar pr. 1000 innbyggjare.  Utrekninga legg til grunn at ein får 38 lærlingar i 2019.  Det er lagt til grunn forventa noke vakanser.
Idrettskonsulent 300 400    
I samband med behandlinga av 1. tertialrapport for 2015 vart administrasjonen bedne om å vurdera innarbeiding av stilling som idrettskonsulent.  Økonomiutvalet har innarbeida ei prosjektstilling frå 2016 med evaluering i 2017.
Lokaler kyrkje 200 200 200 200
Formannskapet vedtok i F-sak 12/15 auka midler for 2015 til lokaler for Bore Sokn grunna lite plass i eksisterande lokale.  Auka er ikkje innarbeid i økonomiplanen.
Midlar til tiltak mot barnefattigdom 300 400    
 
         
Vidareførde forslag og vedlikehald        
Omstillingsmidler Helse og velferd     -500 -500
Det vart løyva 500.000,- for 2015-17 i vedteken handlingsplan.  Desse vert trekt ut av ramma igjen i 2018.
Auka tilskot Brannvern   1500 3000 4500
Syner til saka om framtidig brannordning og venta auka kostnadar, samt etaten sine kommentarar kring brannvern.
Auka vedlikehald Bygg 2000 500 1000 1000
Driftskonsekvensar av auka areal på bygg i investeringsplanen.  Deler av vedlikehaldsmidla flyttast fram til 2016 som følge av konjungtursituasjonen og for å betre resultatet i slutten av økonomiplanperioden.
Auka vedlikehald Grøntanlegg   200 200 200
Driftskonsekvensar som følgje av auka grøntareal i investeringsplanen. 
Vedlikehald Kyrkjegarder 200 400 400 400
Driftskonsekvensar som følgje av ny kyrkjegard på Klepp og underbudsjettering dei siste åra.
Auka andel barnehagelærarar i barnehagane   313 1063 1813
Det er lagt opp til ei styrking av den faglege kompetansen i barnehagane slik at halvparten av dei tilsette i barnehagane er utdanna barnehagelærarar i 2020. Klepp har for tiden lågare del en lovens minimumskrav. Fleire tilsette er i gang med studier og ein reknar med at lovens minimumskrav på 33 % vert nådd hausten 2016 (finansiert i ramma), og at opptrappinga til 50 % vert gjort ved 5 nye barnehagelærarer i året frå 2017.
         
Regjeringas satsingar og endringar        
Satsing helsestasjon og skulehelse 1268 1268 1268 1268
Regjeringa har lagt inn 200 millionar til kommunane samla til ytterlegare opptrapping av satsinga på helsestasjon og skulehelsetenesta. Klepp sin del av dette er utrekna til 1,2 millionar.  Midla inngår i dei frie midla i rammetilskotet.  Midla tilførast tjenesterområdet velferd.  Nærare disponering av midla vert gjort av oppvekstgruppa.
Satsing rus og psykiatri 1414 1414 1414 1414
Regjeringa har  lagt inn 400 millionar til kommunane samla til yttelerlegare opptrapping av satsinga på rus og psykiatri.  Klepp sin del av dette er utrekna til 1,4 millionar. Midla inngår i dei frie midla i rammetilskotet.  Middla vert tilført tenesterområdet helse og velferd til styrking av rus og psykiatri.
Fleksibelt barnehageopptak 1785 1785 1785 1785
Regjeringa har lagt inn 400 millionar til kommunane samla i samband med innføring av fleksibelt barnehageopptak. Middla tilførast etat for skule og barnehage.
Naturfagtime 267 267 267 267
Regjeringa har lagt inn midler til dekking av ein auka time i naturfag på eit av trinna 5-7 frå hausten 2016.  Heilårsverknad vert løyva i statsbudsjett for 2017.  Middla tilførast ramma til etat for skule og barnehage.
Minstekrav foreldrebetaling 551 551 551 551
Regjeringa har tilført midler for heilårsverknaden av ny forskrift for foreldrebetaling i barnehage som var iverksatt frå 1. mai 2015.   Middla tilførast ramma til etat for skule og barnehage.
Makspris barnehager - auka administrasjonskostnader 0 0 0 0
Det vart gitt eit eingongstilskot til dette i 2015.  Tilskotet er ikkje innarbeid i ramma og har difor ikkje verknad for etaten i 2016.
Gratis kjernetid barnehage - helårsverknad 186 186 186 186
Regjeringa har lagt inn kompensasjon for heilårsvikeknaden av innføringa av gratis kjernetid.  Ordninga gjeld frå 1. august 2015.  Midla tilførast ramma for etat for skule og barnehage.
Likeverd private og kommunale barnehager 619 619 619 619
I samband med gjennomgang av finansieringsordninga for private barnehager har regjeringa lagt til grunn at dei private barnehagane nå skal kompenserast 100 % samanlikna med det kommunale, mot 98 % som gjeld nå.  Regjeringa har rekna og lagt inn kompensasjon som vert fordelt via dei fri midlane til kommunane.  Midla tilførast etat for skule og barnehage.
Endring finansiering av private barnehager -1163 -1163 -1163 -1163

Regjeringa har foreslått ny ordning for finansiering av dei private barnehagane. Ordninga er ei viareføring av den eksisterande modellen kor tilskot reknast ut frå kommunens utgifter i rekneskapet 2 år før tilskottet. Det er no lagt opp til at dei private skal kompenserast tilsvarande ein pensjonssats på 13 %, mot kommunens sats (pt 16 %), samt ein ny modell for utrektning av tilskot til kapitalutgifter. Den nye modellen reduserer kommunanes samla kostander og regjeringa trekk kommunane for forventa innsparing.  Middla vert trekt frå ramma til etat for skule og barnehage.

Brukarstyrt personleg assistent - heilårsverknad 707 707 707 707
Regjeringa har innarbeida midler for å dekkja heilårsverknaden av ordninga som blei innført frå 2015. Middla vert tilført ramma til etat for skule og barnehage.
Ø-hjelp 3466 3466 3466 3466
Øyeblikkeleg hjelp har vore finansiert via 2 øyremerka tilskot. Ett frå departementet til kommunane og eit som har gått til helseforetaka, for så å ha vore overført til kommunane. Frå 2016 er begge desse tilskota innarbeidd i rammetilskotet og forsvinn som inntekt i ramma til tjenesteområdet helse og velferd. Middla vert tilført ramma til tjenesteområdet helse og velferd.
Vedlikeholdstilskudd -2200      
Regjeringa har foreslått eit tilskot på 200 millionar til ekstra vedlikehald på skular og helseboligar i 2015. Midla er øyremerka kommunar i vestlandsfylka som følgje av nedgangen i oljesektoren, og må betalast tilbake dersom dei ikkje vert brukt.  Midla er disponert i neste pkt.  Middla er budsjettert som inntekt og utgift i ramma til etat for lokal utvikling.
Vedlikehold 2200      
 Viser til kommentar over.
Kemner reduserte kostnader -1198 -2054 -2054 -2054
Regjeringa foreslår at kemnaren vert overført til staten og flytta til Stavanger frå 1. juni 2015.  Regjeringa har vurdert samla utgifter kommunene har til dette, og trekt kommunan via rammetilskotet.  For Klepp ligg årskostnaden for Kemnaren på 2.058.000,- pr år, mot eit trekk med heilårsverknad frå 2017 utgjer 3,8 millionar, eit tap på omlag 1,7 millionar årleg som følge av at Klepp har hatt lågare kostnader enn regjeringas utrekning og fordelinga legg til grunn.  Middla er trukke frå ramma til sentraladministrasjonen.
Husbanken - digitalt verktøy -39 -39 -39 -39
Regjeringa trekk kommunane for 39.000,- for å finansiera eit web-basert system for søknad om Startlån. Det er venta ei innsparing for kommunane når dette vert satt i drift.  Middla er trukket frå ramma til etat for lokal uvikling.
         
Sum salderingsforslag eks. renter og avdrag 13573 13170 14220 17020
Auka rente nye investeringar 1763 3179 5079 8739
Auka renteutgiftar for å dekke finasieringa av investeringane i investeringsoversikta.
Auka avdrag nye investeringar 2204 6016 9605 15103
Auka avdragsutgifter for å dekka finansieringa av investeringane i investeringsoversikta.
Sum salderingsforslag inkl. renter og avdrag 17539 22365 28903 40861

Tal i raudt er nye frå vedteken plan.
Tal i blått er endra frå vedteken plan.
Tal i sort er uendra frå vedteken plan

Alle tal i heile 1.000,-.