Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Prioriterte investeringar (2B)

Oppstillinga viser forslag til investeringsplan med kommentarar.

Investeringar 2016-2019
Prosjekt 2016 2017 2018 2019
IKT - felles   4000 4000 4000 4000

Vidareføring av midla til IKT system og utstyr.  Vekst i aktivitet og teknologiske endringar gjer behov for fornying og investering.  Ein reknar med fornying av programlisensar til Microsoft i 2016. Truleg vil det verta rimelegare å leiga enn å kjøpa desse.  Det er difor overført 1 mill. i frå investerings til driftsbudsjettet i samsvar med vedtak i 2015.

IKT folkevalde       300

Det er sett av midler i samband med val av nye folkevalde i neste valperiode.

Telefoni/IP/kabling 1000      
Vidareføring av tidlegare løyvde midlar.  
Eigenkapitaltilskot KLP 2600 2700 2800 3000
Kapitalen i KLP veks. Som eigar må me årleg tilføra selskapet eigenkapital.
Flyktningbustader  26500 26500 26500 26500
Kommunestyret gjorde i 2013 vedtak om å ta opp inntil 10 mill kr i lån til kjøp av bustader i samband med flykningmottaket. Det er usikker kor store tilskot ein vil få dei neste åra og ramma for kjøp av bustader er i budsjettet auka med 10 millionar. Anslag på tilskot er justert ned frå 40 % til 20 % for både tidlegare vedtekne bustader og dei som ev vedteke i K.sak 52/15 ØKT MOTTAK AV FLYKTNINGER I 2015 OG 2016
Bustader funksjonshemma 20000 13000    

Det er lagt opp til kjøp av nokre bustader til menneske med psykisk utviklingshemming over fleire år. Målet er å finna løysingar som gjer god integrering i bumilø og i minst muleg grad utløyser behov for nye basar med heildøgnsbemanning.

Boligsosial handlingsplan   5000 5000  
Det er sett av midlar til kjøp av bustader i samband med boligsosial handlingsplan.
IKT - skular og barnehagar 2000 2200 2400 2600

Vidareføring og opptrapping på 10 % av IKT i skular og barnehagar i planperioden. Investeringane følgjer godkjend IKT-plan. 

Fellespost skulene (uteområde, søppel, brann og klima) 2300 2300 2300 2300

Løyving på skulesektoren med tiltak for søppelsikring, inneklima/brannsikring, og tiltak for elevar med rørslehemming (UU-tiltak).

Engelsvoll rehab/tilbygg  8000      
Vidareføring av løyving frå hp 2015-18 på 3 000, og tillagt 5 000 for forventa meirforbruk som varsla tidlegare.
Skuleutfordring og idrettshall  1000 3000 50000 100000
Det er lagt inn midler til framtidig skuleløysing. Val av løysing vert avklart i eiga sak. Det et og lagt til grunn ein ny idrettshall enten i samband med ny skule eller på annan stad.
Mellombels løysing skulelokal   3000    
Det vert truleg nødvendig med mellombels løysingar fram til skuleutfordringa vert løyst og det er lagt inn noko middel til dette i 2017.
Uteområde skular 2000 2000 2000 2000
Vidareføring av løyving for tilrettelegging og opprusting av uteområda på skulane.
Vardheia ungdomsskule  15000   4000 30000
K.sak 59/14 FELLES UNGDOMSSKULE TIME OG KLEPP.  Time kommune har gjort avtale om kjøp av tomt og Klepp sin del av dette er innarbeidd i 2016.
Soveskur barnehagar  400 200    
Det er behov for utvendig plass under tak når barna skal sove i fleire av barnehagane.
Midlertidige tiltak barnehage  600     500

Det er i vedteken plan lagt til grunn bygging av ny stor barnehage for å auke antal plassar og erstatte barnehagene på Bore og Myrsnipa. Nye tal viser auka kostnader samanlikna med eksisterande plan, og nedgang i venta barnetal.  Ny barnehage på Sporafjell er teke ut av planen i denn omgang, og det er behov for midlertidige tiltak i 2016 samt planmidler i slutten av perioden.

Tomt barnehage Sporafjell 8200      
K.sak 34/15 GRUNNINNLØYSING - BARNEHAGETOMT SPORAFJELL
Avlastning og barnebustad     1000 14000

Denne blei flytta frå Kleppestemmen til 1.etg, Sirkelen, vår/sommar 2014. Planen om å byggja ny avlastningsbustad ble derfor flytta fram i tid. Det ble bede om ein årlig tilbakemelding ift drift og kapasitet. Pr dags dato fungerar drifta i Sirkelen greitt. Det vert gjennomført brukerundersøkelse i 2015/16 for å avklare brukarane sine erfaringar.  Det er lagt inn midlert til eventuell bygging i slutten av perioden. Eventuell bygging vert vurdert i samband med rullering av planen.

Gravplass Kleppe   12000    

Planlagde arbeid med ny kyrkjegard Kleppe i 2016/17 er:

• Full opparbeiding av øvre del av gravplassen med plen, beplantning, lys og vannpostar.
• Hekk for å dele øvre og nedre del av plassen.
• Støyvoll mot Orrevegen.
• Steingardar hele.
• Interne vegar på gravplassen med forbindelse mot Kleppeloen.
• Servicebygg og parkeringsplass.

Arbeida i 2016/2017 er kostnadsrekna til 25 mill. Rådmannen legg til grunn at 13 mill blir rebudsjettert i 2016 frå tidlegare år, og fører opp 12 mill i 2017.  Det vil koma kostnader før nedre del av gravplassen skal takast i bruk, men det ligg truleg fleire 10-år inn i framtida.

Gravplass Orstad        1000
Det er sett av midlar til gravplass på Orstad i slutten av perioden og etter at gravplassen på Kleppe er gjort klar.
Kyrkjelydsal Orre  6400      

Det er tatt løyvinga til ny kyrkjelydssal på Orre med 3,4 mill kr i 2016, og resten 3 mill kr i 2017. Dette i samsvar med hp 14-17. 

Ny kyrkje Kleppe 1000 1000 1000 1000 
Vidareføring av løyving. Arbeidet med avklaring om plassering av kyrkja pågår gjennom reguleringsarbeid. For tida har ikkje Klepp kommune økonomisk evne til å løfte ei ny kyrkje på Kleppe. Det bør etter 2016 vurderast om ein har grunnlag for å utarbeida ein intensjonsavtale mellom Klepp kyrkjelege fellesråd og Klepp kommune om ramme for bygging og finansiering.
Trafikksikring 400 400 400 400

Det er lagt inn 400 000 kr kvart år til trafikksikring som før.

Sentrum/Meieriet 7000 1000 1000 1000

Det er sett av 5 millioner til riving av meieriet i 2016, samt middel til sentrumsplan og trafikksikring.

Klimaplan/ENØK 1000 1000 1000 1000

Vil bli nytta i samsvar med vedteken klima- og miljøplan.

Diverse grunnerverv 1500 1500 1500 1500

Rammeløyving som blir nytta i samråd med Kommunestyret.

Veg utbyggingsavtale Sporafjell 12000      
Kommunestyret godkjende i eigne saker i 2015 bidrag til bygging av Boreringen mot Sporafjell (netto ca 12 mill kr) og til bidrag til utbygging område 12 og 18 på Orstad (netto 1 mill) . Dette er innarbeidd i budsjettforslaget. K.sak 13/15
Veg utbyggingsavtale Orstad 1000      
Kommunestyret godkjende i eigne saker i 2015 bidrag til bygging av Boreringen mot Sporafjell (netto ca 12 mill kr) og til bidrag til utbygging område 12 og 18 på Orstad (netto 1 mill) . Dette er innarbeidd i budsjettforslaget. K.sak 61/15
Rådhus/bibliotek - ombygging 1000 1000    
Biblioteket i rådhuset har ei stor og samansett brukargruppe. Det er planar om nærare knyting mellom biblioteket og publikumsmottaket ved å ta i bruk vestibylen i Rådhuset. Endelege planar for publiumsmottaket er ikkje klare, men foreløpige kalkylar tyder på at vi kan få gjort mykje for 2 mill kr. Det er ført opp 1 mill kr kvart år i 2016 og 2017.
Veglys 300 300 300 300

Omlegging til armaturar i gatelysa til lågenergi/LED ser ut til å vera eit godt miljøtiltak som kan vera  økonomisk interessant. Rådmannen har drøfta med Klepp Energi AS oppretting av ei administrativ gruppe som ser på praktiske og økonomiske sider ved ei slik omlegging. Gruppa bør koma med sine tilrådingar før sommaren 2016.

Maskinkjøp LU 600 600 600 600

Det er lagt inn 600 000 kr årleg til utskifting av bilar og maskinar. 

Turstiar/friluftsliv 200 200 200 200

200 000 kr i året etter prioritering i Lokal utvikling.

Gang og sykkelveg Lalandsvegen 3000 15000    

Det er sett av middel til gang og sykkeleveg på Lalandsvegen.  Reguleringsplan vil truleg bli ferdigbehandla i løpet av få månader, og kalkylane så langt tyder på at avsett beløp er tilstrekkeleg for den strekninga som ligg inne i reguleringsplanen. Fordelinga av middla er justert i samsvar med venta fremdrift.

Leikeplasser - utstyr 2000 2000 1000 1000
Nasjonale krav til leikeplassar gjer at vi nå er i gang med å fjerne utstyr på ei lang rekke leikeplassar. Det er ønskeleg å kunne erstatte dette på dei viktigaste/mest brukte leikeplassane. Det blir derfor ført opp 2 mill kr kvart år i 2016 og 2017. Deretter 1 mill kvart år. Vi er og i gang med å sjå på alternative måtar å leggje til rette for leik der natur og fri aktivitet er meir i fokus. Siktemålet er at dette skal redusere behovet for innkjøp av dyre stativ.
Gebyrfinansierte investeringar (VAR)        
Nye VA-prosjekt 8000 8000 8000 8000

Investeringane innan VAR-området er budsjettert i samlepost Nye VA-anlegg. I rekneskapen vil dette bli delt på ulike prosjekt. Tiltaka blir prioriterte gjennom kommunedelplanane ”Vann inn” og ”Vann ut”. Dei viktigaste tiltaka i 2016 er:

• Flaumsikring Kleppekanalen
• Flaumsikring Tu
• Vatn til næringsområde Tu
• Ny vannleidning Særheim - Grøvå
• Kloakkering for å redusere avrenning til Figgjoelva (Sveinsvoll)

         
Sum gebyrfinansierte 8000 8000 8000 8000
Sum investering eks. gebyrfinansierte 131000 99900 107000 193200
Sum investering 139000 107900 115000 201200

Tal i raudt er nye frå vedteken plan.
Tal i blått er endre frå vedteken plan.
Tal i sort er uendra frå vedteken plan.

Alle tal i heile 1.000,-.