Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Ordførarens forord

Regionen og Klepp har sidan førre budsjett vart vedteke opplevd store endringar i oljenæringa, fleire utan arbeid og redusert folkevekst. Landet og regionen er inne i ei tid med store endringar som påverkar kommunen sitt handlingsrom. Utviklinga dei neste åra er meir usikre enn på lenge. Dette gjer det vanskelegare å planleggja. Me må ta stilling til kva prognosar me skal tru på og ha vilje til å endre planar og prioriteringar dersom det ikkje vert som venta.

Folkeveksten i Klepp har roa seg dei siste to åra. Prognosane for dei neste åra ligg på mellom 1 og 2,5 %. Dette er lågare enn det har sett ut tidlegare, og det er uvisst korleis veksten vert både i flytting og fødselstal. Vi trur at veksten tar seg opp i slutten av perioden, men er forberedt på at det ikkje vert slik. Sandnes Øst er tenkt til å ta seg av veksten i regionen i lag med Bybandet Sør. Blir det noko av Sandnes Øst? Blir Bybandet Sør det einaste store regionale vekstområdet?

Kommunestyret ser at etatane/tenesteområdet arbeider grundig med prioriteringar og innsparingar slik dei har venta. Budsjettrammane vert haldne og avdelingane har i stor grad fått eit økonomisk handlingsrom. Det er gjort prioriteringar og val som gjer det muleg å gje gode tenester til innbyggjarane, og samtidig vera klar for nye utfordringar som kjem.

Dette er utfordringar som alle kommunar må arbeida seg gjennom. Andelen eldre innbyggjarar skal stige, folk lever lenger, folk vil gjerne bu heime lenger og kommunen må tilby tenestane på ein annan måte. Gjerne ein mindre invaderande måte enn før. Det krev at ein tenkjer nytt. Her kjem blant anna velferdsteknologi inn.

I kommunestyret si innstilling til budsjett og handlingsplan er det fordelt 1,25 mrd kroner til drift av kommunen sine tenester. Om lag halvparten av dette går til skule og barnehage. I tillegg er det lagt opp til om lag 140 mill kroner i investeringar årleg dei fire neste åra. Her er det både stort og smått. Dei største investeringane i perioden er på skular. Vardheia skule vert bygd saman med Time kommune i slutten av perioden. Det er avsett løyvingar til løysing av skuleutfordringane på Kleppe og Bore. Alternativa er mange og val av løysing vert avklart i eiga sak i februar 2016.

Det er lagt opp til stram drift, med minkande overskot, lågt låneopptak og hard nedbetaling på lån. Det har vore viktig for kommunestyret å sørga for ein sunn økonomi som gjer kommunen i stand til å ta større investeringar som kjem i slutten av perioden og åra etter det.

Klepp har svært høg andel barn og unge innbyggjarar. Det er dei som skal rustast for framtida, med både barnehage, skulegang, helse, fritid og støttetenester som ppt og barnevern. Eldrebølgja kjem og til Klepp, men lengre frem enn denne planperioden. Kommunen hevdar seg godt på mange tenesteområde når ein måler mot andre kommunar.

Regjeringa har lagt opp til ei satsing på barnehage, fleire timar i skulen, rus, og helsestasjon/skulehelseteneste. Dette passar godt med utfordringane i Klepp. Me treng sårt ei styrking av jordmortenesta og det andre arbeidet som helsestasjon og skulehelsetenesta gjer. Det er mange som slit med rusavhengighet, og det er stort behov for å møta dei endå betre. Brukarstyrt personleg assistent er ei ordning som ikkje er så mykje etterspurt endå, men som er ein god løysing for menneske som treng mange tenester frå kommunen.

Kommunestyret si innstilling betyr framleis stramme rammer i alle etatar/tenesteområda. Det krev omstilling internt, endring av forventningar, og nye løysingar. Nokre som allereie er tenkt ut, og andre som må koma. Men ei stram styring vil gjera kommunen i stand til å ta dei utfordringane som kjem, og det vil gje innbyggjarane trygghet for at dei får hjelp når dei treng det.

 


For kommunestyret

Ane Mari Braut Nese

Ordførar