Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Folketal og framskrivingar

Veksten i folketalet har stor betydning for inntekter og utgifter.  Veksten har dei siste åra falt. Det er laga ulike prognoser for forventa utvikling.  På bakgrunn av desse er det lagt til grunn ei prognose med vekst på 1 % i 2015, 1,3 % i 2016, 1,5 % i 2017 og 2,4 % i 2018.

Folketalsvekst i Klepp 2000-2015

Folketalsvekst Klepp 2000-2015Folkeveksten er redusert dei siste åra.  Det er spesielt innflyttinga som er lågare, men og fødselsoverskotet er redusert.

Folketalsvekst i kommunar på Jæren 2009-2015

Folketalsvekst Jæren

Utvikling i folketalsvekst på Jæren 2009-2015

Utvikling i folketalsvekst Jæren

Ulike modellar for framskreven folketalsvekst

Modellar for framskrivingDet er svært usikkert kva veksten vert dei neste åra.  Det er difor laga ulike prognosar for å sjå konsekvenane av desse.  Figuren over viser gjennomsnittleg folketalsvekst frå 2016-2025 for dei ulike alternativa.  Alternativa er i dei neste figurane fordelt på alderskulla i samsvar med kriteria i rammetilskotet.

Antal barn i alder 1-5 år

Antal barn 1-5 årDei ulike framskrivningane viser at det mest sannsynleg vert ein nedgang i antall barn i barnehagealder.  Grunnlaget for dette er lågare fødselstal og mindre tilflytting. Antall barn som vert født er saman med netto innflytting dei største faktorane som er mest usikre i prognosane.

Antal barn i alder 6-12 år

Antal barn 6-12 årAntal barn på barnetrinna i skulen stig dei neste åra og avvike mellom dei ulike alternativa er små i planperioden.

Antal barn i alder 13-15 år

Antal barn 13-15 årDet er og vekst i antal ungar på ungdomstrinna etter nokre år med nedgang.

Antal personar i alder 16-22 år

Antal personar i alder 16-22 årAldersgruppa som omfatter ungdom på vidaregåande skule held seg omlag på same nivå. Denne gruppa betyr lite for kommunen sine inntekter og utgifter.

Antal personar i alder 23-66 år

Antal personar 23-66 årGruppa vaksne i arbeidsfør alder vekst jamt dei neste åra.  Denne gruppa er den som vert mest påverka av inn- og utflytting og som gjev det største grunnlaget for skatteinntektene.

Antal personar i alder 67-79 år

Antal personar 67-79 årTalet på dei som er 67-79 år veks markert i perioden for så å avta.  Det viser at kommunen på sikt vil merke "eldrebølga", men at den ligg litt fram i tid.  Talet på personar i gruppa over 67 år er venta å ligge nær prognosa då dei i mindre grad enn andre flytter.

Antal personar i alder 80-89 år

Antal personar 80-89 årAldersgruppa 80-89 veks svakt i denne perioden, men veksten kjem i åra etter denne planperioden.

Antal personar i alder 90 år og over

Antal personar 90+ årAntal personar over 90 år held seg truleg på same nivå som i dag.

Folketal brukt i berekning for rammetilskot 2016-2019

Folketal brukt i berekning for rammetilskot 2016-2019
Folketal pr 1.januar 2015 2016 2017 2018 2019
Folketal pr 1.januar nyttast ved berekning av skatte-/inntektsutjamninga.
Innbyggarar totalt pr 1.januar (framskriven) 18741 18922 19169 19461 19933
Folketalsauke i året % 1,0 % 1,3 % 1,5 % 2,4 %  
Vald modell for vekst  låg middels middels høg  
      
Folketal pr 1.juli 2015 2016 2017 2018  
Folketal pr 1.juli nyttast ved utrekning av utgiftsdelen av rammetilskotet (innbyggertilskot og utgiftsutjamning). Framskrivinga er eit gjennomsnitt av folketal 1.januar inneværande år og 1.januar påfølgande år.
Innbyggarar 0-1 år 517 514 540 569  
Innbyggarar 2-5 år 1158 1120 1105 1107  
Innbyggarar 6-15 år 2772 2822 2860 2928  
Innbyggarar 16-22 år 1896 1913 1919 1916  
Innbyggarar 23-66 år 10515 10619 10769 11006  
Innbyggarar 67-79 år 1492 1570 1631 1671  
Innbyggarar 80-89 år 390 394 398 407  
Innbyggarar 90 år og over 83 84 84 85  
Innbyggarar totalt pr 1.juli 18823 19036 19306 19689  
Auke % 1,0 % 1,1 % 1,4 % 2,0 %