<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Status og utfordringar

For etaten:

  • For å nå målet om meir læring for alle, må alle avdelingane vera lærande og ha ein kultur for stadig forbetring
  • Leiarane er sentrale i utviklinga av lærande organisasjonar og ansvarlege for læringsutbyttet i brei forstand for born og elevar. Desse er derfor organiserte i nettverk i Klepp for barnehagen der også dei private barnehagane er med. Rektorane er organiserte i nettverk i Jærskulen.
  • Klepp har mange minoritetsspråkelege born og elevar. Behovet for opplæring og støtte er aukande.
  • Tiltak har blitt sett i gang for å få til tidlegare oppdaging og tiltak. Dette kan utviklast vidare samstundes som utfordringa med omorganiseringa for å gje den tidlege hjelpa må halda fram.
  • Etaten har intensivert arbeidet mot trakassering og mobbing.
  • Det er ein svak framgang i tilsetjinga av godkjente barnehagelærarar. Det blir arbeidd i Jærskulen med rekrutteringstiltak. Stipend til tilsette i Klepp som vil ta barnehagelærarutdanning har gitt gode resultat.
  • Sjukefråveret: Det er godt fokus på førebyggande arbeid.

Barnehage:

  • Det er stort fokus på arbeidet med mandatet til barnehagane, og kva dette tydar for barnesyn og vaksenrolla. Arbeidet med ny plan for kvalitetsutvikling i Kleppbarnehagane er i gang, og vil bli sluttført våren 2016.
  • Det er gjort eit godt arbeid med å rekruttera barnehagelærarar dei siste åra. Blant anna ved å gje fagarbeidarar/assistentar stipend for å ta barnehagelærarutdanning. I år har og 3 stk kome med på den nasjonale stipendordninga. Desse skal ta barnehagelærarutdanning ved DMMH samstundes som dei arbeidar i barnehagane.
  • For å auka kompetansen og for andre grupper i barnehagane, er det inngått eit samarbeid med nabokommunane. Det blir lagt til rette for at assistentar med lang erfaring, men utan formell utdanning, kan ta fagarbeidarutdanning. Dette har kommunane fått tilskot frå Fylkesmannen til.
  • Barnetalet har no flata ut, og prognosane seiar at det vil halda seg stabilt dei neste åra. Utfordringa blir å ha nok plassar når utvida rett til barnehage blir innført.

Skule:

  • Læringsresultata på nasjonale prøver og eksamen ligg på eller like under landsnitt. Det er likevel vanskeleg å finna raude trådar; resultata varierer frå år til år både på trinna og mellom skulane. Det må arbeidast vidare med å sikra grunnleggjande kunnskap. Foreldra må i større grad delta i dette forbetringsarbeidet. Det er sterkt samsvar mellom foreldre sine forventningar til barnet/ungdommen og dei resultata som blir oppnådd.
  • Elevar frå Klepp kjem ikkje godt nok ut i forhold til gjennomføring av vidaregåande skule. Det blir arbeidd med tiltak både internt, ut mot foreldra og mot vidaregåande opplæring.
  • Elev- og foreldreundersøkingar syner at brukarane er godt nøgde. Motivasjonen for skule og utdanning burde likevel vore høgare for ein del elevar i kommunen.
  • Etaten bidreg aktivt til å realisera intensjonane for Jærskulen. Det interkommunale samarbeidet innan skulesektoren er omfattande og aktivt.
  • Etaten har utnytta ordninga for vidareutdanning av lærarar (”Kompetanse for kvalitet”) maksimalt.
  • Klepp har mål om 0 registrerte mobbesaker. Måltala for 1. og 2. tertialrapport syner anfall mobbesaker i Klepp er noko høgare enn på same tid i fjor. Talet saker er imidlertid lågare enn ved utgangen av 2014. Antal nye saker i 1. og 2. tertial er 1 mindre enn same tid i fjor.
  • Elevtalet har vore stabilt den siste perioden. I den komande perioden vil elevtalet auka. Kleppe skule og Bore skule har kapasitetsproblem. Sak om dette vil bli behandla på nyåret 2016.

Andre avdelingar:

  • Kulturskulen driv godt kvalitetsarbeid i opplæringa, og rammeauken i handlingsplanen i fjor på kr 500 000 bidreg til at det har blitt 70 nye plassar, og at ventelista er redusert til ca 20 elevar.
  • PPT har hatt stor utskifting i personalet og arbeider med å få til meir systemretta arbeid i barnehagar og skular.
  • Eirik Raude-senteret har gjort eit framifrå arbeid med elevar som slit med seg sjølv og læringssituasjonen. Frå 1.8.15 blir ERS drive i eit samarbeid med Time kommune i nye lokale på Borsheim.