Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Etat for skule og barnehage

Etaten vert leia av kommunalsjefen og består og barnehagane, skulane, PPT, Klepp kulturskule og Eirik Raude-senteret.

Mål og strategi

Hovudmål: "Meir læring for alle"

Mål frå målkart

  • Kommunale tenester skal bygga på prinsippet om sosial utjamning.
  • Tidleg oppdaging og tilpassa tiltak er på plass med god samhandling med dei føresette.
  • Oppvekstvilkåra til born og unge i kommunen er gode.
  • Læringsresultata syner framgang.

 

Delmål frå etaten sin strategi- og handlingsplan:

Ein lærande og utviklingsretta organisasjon.

  • Vidare satsing på nettverksarbeid for Jærskulane og Kleppbarnehagane.
  • Hovudfokus i alle ledd på evaluering av kva gjort – korleis verkar det – kva må evt endrast.
  • Samhandling med foreldra og Kommunalt foreldreutval om kultur for læring i Klepp.
  • Ha kollektiv kunnskapsutvikling som leietråd i utviklingsarbeidet i etaten.

Bidra til å utvikla kunnskapsnysgjerrige og kreative born og elevar.

  • Ha hovudfokus på læringa og utviklinga til born og elevar i barnehagane og skulane.
  • Framleis vektlegga dei grunnleggande kunnskapane.
  • Styrka opplæring for minoritetsspråklege elevar vidare.
  • Framleis ha tydeleg handling og aksjon i forhold til mobbing og mobbesaker.

Tidleg oppdaging og tidleg hjelp for born og elevar

  • Samhandla tverrfagleg og tverretatleg for å oppdaga hjelpebehov hos born og elevar og setja inn tiltak tidlegast råd.
  • Omlegging til meir intensiv spesialundervisning og hyppig evaluering.
  • Prioritera ressursar på tidleg opplæring, særleg for barn/unge med fleirkulturell bakgrunn.

 

Tiltak

  • Avdelingane lagar eigne utviklingsplanar. Her har dei med deira tiltak i forhold til dei aktuelle handlingsmåla. For etaten samla vil dette vera dei viktigaste tiltaka:
  • Tiltaka dekker fleire av handlingsmåla og blir derfor teke samla:
    • Vurdera nye drifts- og organisasjonsformer for å oppretthalda og utvikla kvaliteten i tilbodet til barna og elevane
    • Sikra kapasitet i barnehagane og skulane i samsvar med utviklinga av barne- og elevtal gjennom barnehage- og skulebruksplan.
    • Sikra at alle avdelingane har klare planar for samhandlinga med dei føresette om involvering og samhandling om borna og elevane sitt lærings- og utviklingsarbeid.
    • Prioritera ressursar til tidleg hjelp og opplæring for minoritetsspråklege born og elevar.
    • Legga om arbeidet til PPT mot meir systemretta arbeid og tilpassa opplæring.
    • Gjennomføra gode analysar som grunnlag for forbetringsarbeidet i alle avdelingane. Nytta datagrunnlag og ståstadanalysar når prioriteringar, val og vektleggingar skal gjerast.
    • Samhandla med vidaregåande opplæring, sosialsektoren og kommunalt foreldreutval om innsats for betre gjennomføring i vidaregåande opplæring.
    • Nytta programmet ”Være sammen” som grunnlag for sosial kompetanse og arbeid mot krenking og mobbing i barnehagane.
    • Samhandla med føresette om programmet ”Være saman” med sikte på å få til varme og grensesettande vaksne.
    • Halda på eit læringssyn som omfattar danning, læring, omsorg og trivsel, men samstundes betra læringsresultata i basisfaga.