<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Status og utfordringar Lokal utvikling

Lokal utvikling

  • Lokal utvikling opplever aukande gap mellom dei forventningane innbyggjarane har, og det tenestetilbodet etaten kan yta.
  • Særleg gjeld dette innan drift og vedlikehald av uteområde og bygningar. Kommunale bygg og anlegg framstår ein del gonger med dårlegare vedlikehaldsstandard enn det som er vanleg for private bygg, og det er dette me blir samanlikna med.
  • Til vedlikehald av kyrkjegardar har Lokal utvikling både i 2014 og 2015 brukt meir ressursar enn budsjettert. Dersom standarden på kyrkjegardane skal haldast på dagens nivå, må budsjettramma til kyrkjegardar aukast med ca. 200 000,-. (Ansvar 7000, teneste 3930.)
  • Regionalplanen legg opp til at 50 % av ny bustadbygging i Klepp skal skje ved fortetting. Dette er ressurskrevjande både for planavdelinga og for byggesak. I 2015 har kommunestyret vedteke eigne retningslinjer for fortettingssaker, og 2016 vil bli det første heile året desse retningslinjene blir lagde til grunn.
  • Tenestene innan plan, oppmåling, byggesak, landbruk og kommunalteknikk fungerer stort sett bra. Kommunalteknikk har hatt utfordring med permisjonar og fråvær i 2015, men vi ventar at dette blir betre frå 2016.
  • Over tid har talet på klagesaker auka. Det er grunn til å sjå dette i samanheng med auka rettighetsorientering hjå innbyggjarane og auke i talet på fortettingssaker.
  • Lokal utvikling har ein god kartdatabase som er eit godt hjelpemiddel i saksbehandlinga. I 2016 skal det gjennomførast ny flyfotografering i fleire kommunar i vårt område som vil gi oss eit oppdatert kartgrunnlag.
  • Utbetaling av tilskot til nyanlegg innan idrett og lagsarbeid (vanlegvis 1/3 av kostnadene) må ofte fordelast over fleire år, då løyvingane ikkje er tilstrekkelege. Etter utbetalingane i 2015 gjenstår utbetalingar på nær 5 mill kr. I tillegg kjem søknader som blir behandla hausten 15.

 

Sjølvkostområda

Sjølvkostområda innan VAR vert finansiert med gebyr på vatn, avløp, slam og renovasjon. I 2014 vart kostnadene høgare enn gebyrinntektene, og i 2015 ventar ein underskot ved avløp. renovasjon og slam, og overskot på området vatn. Det er varsla stor auke i prisane på vatn og avløp frå IVAR på grunn av høg investeringsaktivitet til leidningsnett og anlegg for vatnbehandling og avløpsrensing.

• På området vatn er det varsla årleg kostnadsauke frå IVAR på om lag 10-20% dei neste tre åra. Gjeldande kommunale gebyr har allereie teke omsyn til den komande kostnadsauken så gebyra treng ikkje aukast tilsvarande, men framleis over vanleg prisvekst.

• På området avløp så har det vore stor kostnadsauke frå IVAR i dei siste åra, og det har blitt eit etterslep i kommunen sine gebyr. Her må det påreknast større gebyrauke dei neste par åra.

• Kostnadene ved renovasjon auker normalt som vanleg prisstigning, men kommunale gebyr har ikkje følgt vanleg prisstigning dei siste åra, og dette må utliknast i 2016.

• Leverandør av slamtenesten gjorde stor auke i satsane i 2014, og pga endra faktureringsrutiner fekk dette heilårseffekt frå 2015. Saman med utilstrekkeleg gebyrauke i 2015 så er det dermed eit etterslep som må takast igjen på gebyr i 2016.


Budsjett til sanering vatn og avløp ligg godt under rådande anbefalingar, og kan måtte aukast i åra framover.

Gebyrnivået på byggjesak ligg under nivået i kommunane rundt oss. Sjølvkostfondet er oppbrukt og lågare byggjeaktivitet kan føre til lågare gebyrinngang. Det er dermed behov for ein større gebyrauke i 2016.