Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Budsjettramme og endringar Lokal utvikling

Budsjettramme og endringar, Lokal utvikling
Budsjettramme 2016 2017 2018 2019
Vedteken budsjettramme 81367 81367 81367 81367
Løns- og pensjonskompensasjon 1625 1625 1625 1625
Prisjusteringar 536 536 536 536
Interne omfordelingar -1670 -1670 -1670 -1670
Nasjonale oppgåveendringar        
Tidlegare vedteke endringstiltak 308 308 308 308
Endringstiltak økonomiutval 2261 2561 4161 5661
Sum ramme 84427 84727 86327 87827

 

Kommentarar:
Det er gjort ein ”teknisk” endring som påverkar ressursbruken. Personaloppgåvene er sentraliserte og ressursane er overførte til sentraladministrasjonen.

I budsjettet er innarbeidd forslag til tilskott til Brannvesenet Sør-Rogaland for 2016 der tilskottsnivået er oppjustert med 3 % samanlikna med 2015.

Selskapet har sendt over eit budsjettforslag der det blir lagt opp til ein auke i budsjett 2016 samanlikna med inneverande år på i overkant av 8 %. Rådmennene i dei største eigarkommunane har signalisert at selskapet ikkje kan rekne med større rammeauke enn dekning for løns- og prisauke. Dette reflekterer eigarkommunane sitt økonomiske handlingsrom. I budsjettforslaget er overføringane til Brannselskapet justert opp med 3 % i 2016.

Kommunestyret godkjende i sak 33/14 ny finansieringsmodell for Brann- og redningsvesenet i Sør-Rogaland som inneber tilnærma dobling av Klepp kommune sine utgifter til brannvesenet over ein 5-årsperiode. I tillegg til dette kjem ekstra husleige for hovudbrannstasjonen. Det er lagt inn auka løyvingar frå og med 2017 til dekning av desse kostnadene. Ut frå det kostnadsbildet vi har i dag er det lagt inn 1,5 mill i 2017, 3 mill i 2018 og 4,5 mill i 2019.

I samband med behandling av tertialrapport 1 i kommunestyret (sak 43/15) blei det gjort følgande vedtak:
”Kommunestyret ber om at midlar til administrative ressursar på idrettsområdet blir behandla i samband med Handlingsplanen i haust.”
Klepp kommune har ikkje administrativt tilsette med idrett som hovudoppgåve. Idrettssakene er fordelte mellom kulturavdelinga og vedlikehaldsavdelinga.