Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Etat for lokal utvikling

Etat for lokal utvikling har ansvaret for bygging og vedlikehald av felles kommunal infrastruktur. Etaten har også ansvaret for kulturområdet, arealbruk og arealplanlegging.

Hovudmål
Etat for lokal utvikling har ansvar for tenester over eit breitt spekter, og vil dermed ha arbeidsområde som påverkar alle dei fem hovudmåla i kommuneplan 2014 - 2025. Eit særleg ansvar har etaten for målet ”Tydeleg miljøprofil”. Landbruksforvaltning, planarbeid og arealforvaltning, samferdsel, VAR, eigedomsdrift og park har viktige oppgåver i arbeidet for eit betre fysisk miljø.
Lokal utvikling har og viktige oppgåver innan ”Barn og unge i første rekke”. Kulturavdelinga har ansvar for eigne tiltak for barn- og unge, og prioriterer barn og ungdom gjennom tilskot til lag og organisasjonar.


Lokal utvikling vil i 2016 ha særleg fokus på:

  • Kulturelle samlingsplassar på tvers av alder og kulturell bakgrunn
  • Betre planberedskap innan arealplanlegging, vatn og avløp slik at vi tek rette avgjerder
  • Tilrettelegging for sykling og anna friluftsliv
  • Redusere vedlikehaldsetterslepet på kommunen sine eigedomar
  • Forbetring av standarden på leikeplassane
  • Effektivisere saksbehandlinga slik at søkarar får raskare svar