Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Rådmannen si oppsummering

Rekneskap
Rådmannen legg fram rekneskapen for 2018 med eit mindreforbruk (overskot) for drifta på 26,3 millionar kr.

Netto driftsresultat blei 41,9 millionar kr, tilsvarande 3,0 % av driftsinntektene. Det er betre enn målsettinga på 1,5 %, og ei betring frå 31 millionar i 2017. Skatteinntektene blei 8,6 millionar høgare enn budsjettert. Høgare nasjonal skattevekst enn budsjettert gav 5,6 millionar ekstra i inntektsutjamning i rammetilskotet.
Netto finansutgifter blei 7,7 millionar lågare enn budsjettert grunna høgare innskot som følgje av forsinka framdrift på investeringane og andre eingongsinntekter.

Skatteinntektene blei 545,6 millionar mot budsjett på 537 millionar. Veksten blei på 3,65 % mot budsjettert 2 %. For landet samla blei veksten på 3,7 % mot budsjettert 1,2 %. Betra skatteinngang skuldast truleg at talet på ledige fall frå 305 i januar til 192 i desember. Etter fleire år med mange arbeidsledige og svak skatteutvikling er talet på arbeidsledige no lågt, men skatteinntektene veks likevel ikkje tilsvarande nedgangen i ledige.

Investeringsrekneskapen er gjort opp med vesentleg mindre bruk av lånemiddel enn budsjettert. Årsaka er forsinka framdrift på mange prosjekt.

Demografi
Klepp kommune hadde ein vekst på 137 personar i 2018. Veksten på 0,7 % er svakare enn forventa og lågare enn veksten i 2017 på 0,9 %. Klepp hadde 19 354 innbyggjarar ved utgangen av 2018.
Det blei fødde 220 barn i 2018, mot 243 i 2017. Netto utvandring blei 1. Det er første gong sidan 2001 at det har vore netto utflytting. Netto innanlands flytting blei 22, det er 9 fleire enn i 2017.

Sidan 2014 har det vore ein nedgang i barnetalet. Dette har gitt utfordringar i forhold til dimensjonering av barnehagetilbodet. I ein 5 års periode har talet gått ned med 140 barn.

Dei demografiske endringane i befolkninga dei neste åra vil kreva at helse og velferdstenestene kan leverast på nye måtar. Behov, ønskjer og krav til kvalitet, skal ivaretas i ein befolkning som aukar. Samtidig er det færre personar som kan gi tenestene.

Organisering
1. august blei barnehage, helseteneste, barnevern, PPT, grunnskule, Eirik Raude senter og kulturskulen slått saman til tenesteområdet Barn og unge. Føremålet er å få til betre fagleg samhandling til beste for barn og unge.

Beredskap
Det er utarbeidd ny ROS-analyse og beredskapsplan. Desse skal gjere kommunen betre i stand til å handtere krisesituasjonar. I 2019 skal det arrangerast øvingar for kommunen si kriseleiing.

Sentrumsutvikling
Det blei hausten 2018 gjort mulighetsstudier om nytt kommunehus med kulturfunksjonar og ny kyrkje, samt aktivitetspark. Arbeidet ga grunnlag for ein områdeplan som er under utarbeiding. Det blei gjort skisser på nybygg, samt rehabilitering av rådhuset med tilbygg. Formannskapet vedtok at skissene for aktivitetsparken skulle leggjast til grunn for vidare regulering og prosjektering av aktivitetsparken. Det er i økonomiplanen lagt inn middel til oppstart av aktivitetsparken med isflate i 2019 og det vil bli lagt frem ny kalkyle våren 2019. Aktivitetsparken vil vera eit viktig bidrag for å skape liv og aktivitet i sentrum, samt ein viktig møteplass for alle innbyggjarane og besøkande heile året.

Digitalisering
Klepp vedtok i 2017 ein ny digitaliseringsstrategi, og det blir arbeidd saman med andre kommunar i regionen for å utvikla tenestene. Det er i 2018 tatt i bruk nasjonalt utvikla løysingar for betre elektroniske tenester på fleire område.

Byggesak, oppmåling og landsbruksarkivet vil i 2019 bli fulldigitalisert. Innføring av system for forvalting og drift av dei kommunale bygg er tatt i bruk og vil vera i full drift i løpet av 2019. Meiråpent bibliotek fungerer godt, og nytt biblioteksystem tas i bruk i 2019.
I 2019 tas «Aktiv kommune» i bruk og det vil kunne gje oversikt over og moglegheit for leige av kommunale lokaler.
Frilager blei innført i slutten av 2018 og her kan ein enkelt låne fritids- og idrettsutstyr. Digitale vassmålarar vert skifta gradvis ut og vil gje betre oversikt over forbruk av vatn.

Teknologi vil få større plass i tenestene. Nye arbeidsmetodar og nye tenesteformer må til for at kommunen skal kunna møta nye og auka behov dei komande åra.
Teknologi kan gje innbyggjarane større fridom og moglegheit til å styra kvardagen. På den måten vil teknologi bygga opp under sjølvstende, aktivitet og eit sosialt liv. Teknologi kan forenkla arbeidsprosessar og betra kommunikasjon og samhandling. Utfordringa er å tenka nytt, ta i bruk ny kunnskap, arbeida på nye måtar og organisera arbeidet annleis enn før.

Samarbeid på tvers
I plan- og utviklingsarbeid legg vi til rette for dialog med innbyggar, lag og organisasjonar, næringsliv for å få kunnskap og innspel til løysingar.

Utfordringane handlar om å finna nye arbeidsmåtar, og å aktivera ressursane som finns for å skapa nye løysingar.

Tenesteutvikling
Førebygging, tidleg innsats og aktivitet er sentralt i all tenesteutvikling. Klepp arbeider med nye samarbeidsformer som involverer familiar, nettverk og frivillige meir i tenestene.

Vedtaket om tidleg innsats og tilpassa opplæring framfor spesialundervisning har vore ein viktig del av arbeidet for å utvikla tenesteområdet barn og unge.
Målet er at ulike fagkompetansar, også innanfor helse og velferd, skal koma tidleg inn i samhandling med dei som arbeider dagleg med barn og elevar i barnehagane og skulane.

Det har blitt arbeidd godt systematisk rundt ungdomsutfordringar både på gruppe- og individnivå. Arbeidet starta hausten 2018, og har allereie hatt mange positive følger - spesielt for enkeltungdom.

Kommunen må ta i bruk arbeidsformer og utforska grenseområdet for kva som er kommunale oppgåver, og kva tid oppgåver kan løysast av andre. Forventningar må avklarast, og dei kommunale kjerneoppgåvene må utformast i lag med innbyggarar, brukarar, pårørande, frivillige og politikarar.

Kvalitet, kontroll og etikk
Klepp bruker elektronisk kvalitetssystem for samling av rutinar og rapportering av avvik og varsling. Sentrale etiske verdiar fastset i etikkreglementet at kommunen sine tilsette skal vera opne og ærlege, visa respekt og ha lik behandling av alle.

Tilsette
Av dei 1490 fast tilsette i kommunen er 1249 kvinner og 241 menn (83,8% kvinner). 43,6 % av dei tilsette jobbar deltid, ei nedgang frå 45,5 % i 2015. Det var 30 lærlingar ved slutten av 2018.
Sjukefråværet var i 2018 på 7,0 %. Dette er ned 0,2 % frå 2017, men over målsettinga på 6 %. Det er viktig med godt arbeid i avdelingane for å skapa arbeidsglede og førebyggja sjukefråvær.

Klepp kommune arbeider gjennom sin personal- og rekrutteringspolitikk for å fremja likestilling og å hindra diskriminering på bakgrunn av kjønn, etnisk bakgrunn, nedsett funksjonsevne, alder og seksuell orientering.

Framtidsutsikter
Endra samansetting av befolkninga fører til endring i tenester og prioriteringar mellom desse. Det er venta trongare økonomiske rammer samtidig som behovet for kommunale tenester aukar. Fleire statlege normer for bemanning gir mindre handlingsrom for å tilpassa tenester og bruk av økonomiske middel. Det blir viktig å sikra og utvikla kompetanse på digitalisering, omstilling, tenesteutvikling m.m. for å ta i bruk smarte løysingar i samfunnsutviklinga for våre innbyggjarar.

Takk til alle tilsette, folkevalde, lag og organisasjonar for stor innsats i 2018.


Kleppe, 31. mars 2019


Torild Lende Fjermestad
Rådmann