Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Ordføraren si innleiing

Då me lagde budsjettet for 2018 hadde vi bak oss fleire år med fleire arbeidsledige og svak skatteutvikling.  Vi så teikn på at sysselsettinga bedra seg, men inntektsutviklinga var enno svak.  Når me no ser at skatteveksten vart høgare enn venta og talet på ledige igjen er lågt, kan vi konkludere med at vi har lagt bak oss «kriseåra» i denne omgang. 
Vi har klart å styra oss gjennom desse og rekneskapen for 2018 viser eit netto driftsresultat på 3 % og eit mindreforbruk på 26 millionar.  Det er ganske bra.

Den økonomiske situasjonen i Klepp er sunn, med eit driftsresultat på 3 %, ei lånegjeld på 53 % og samla disposisjonsfond på 12 %.

Folkeveksten i Klepp har roa seg dei siste åra. Veksten i 2018 vart på 0,7 %, mot venta 1 %.   Talet på fødslar var det lågaste sidan 2005.  Også tilflyttinga var låg, men positiv. 

Ei verksemd som Klepp kommune er stor.  1640 tilsette var det ved utgangen av 2018 fordelt på 1206 årsverk.  Dei tilsette går på jobb kvar dag for å gje tenester til alle 19 354 som er busette i Klepp.  Nokre treng ikkje så mykje tenester, mens andre er avhengige av kommunale tenester for at livet skal fungere på ein verdig måte.

Rapporteringa viser at budsjettramane stort sett vert haldne, og at tenesteområda ennå har eit økonomisk handlingsrom. Leiarar og tilsette skal ha skryt for det, vi er avhengige av at dei får det til. Omstilling og frigjering av ressursar er viktig og krevjande, men også nødvendig for å møta dei nye utfordringane kommunen står overfor og endra behov framover.

For å utvikle og betra tenestene har dei folkevalde behandla ei rekke saker.  Barnehagebruksplan, oppvekstplan, tidleg innsats, barne- og avlastingsbustad, bustadsosial handlingsplan er nokre eksempel.  Vi har også vedteke samla NAV for Time og Klepp og endra organisering med nytt tenesteområde for barn og unge og å gi betre resultat for barn og unge.

At det er stor aktivitet i Klepp ser vi mellom anna i hovudutval for lokal utvikling.  Dei har behandla 101 saker i fjor.

Dei største investeringane i 2018 var på Bore skule med 64 millionar.  Den vert klar når skuleåret 2019/20 startar.  Det har også vore arbeida aktivt med andre større investeringar som kjem framover.  Vardheia ungdomsskule, Kleppeloen skule, Kleppe skule og Kommunehus/kyrkje er saker vi jobbar med.  Rekneskapen viser at mykje av dei avsette midla til investeringane ikkje vart brukt i 2018, men ligger i kjømda til å bli brukt dei neste åra..

Årsrapporten og rekneskapen viser kor mangfaldig den kommunale verksemda er, kva Klepp får til og kva for behov som finnes.  God måte å bli kjent med kommunen, også for påtroppande politikare.

 

For Kommunestyret

Ane Mari Braut Nese
Ordførar