Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Økonomisk analyse og måloppnåing

Netto driftsresultat på minst 1,5 % av driftsinntektene

 

Netto driftsresultat

  • Netto driftsresulat vart på 42 millionar, tilsvarande 3 % i 2018.  Dette er betre enn målsettinga på 1,5 % og betre enn budsjetterte 6 millionar.  
  • Den viktigaste forklaringa er betre skatteinntekter i Klepp, auka rammetilskot som følgje av auka skatteinntekter for landet samla, lågare netto renteutgifter og meirinntekter/lågare utgifter til flyktningar.
  • Hå hadde eit vesentleg betra resultat.  Resultatet i 2017 var lågt i Hå grunna ekstra avdragsbetalingar
  • Time sitt resultat er vesentleg svekka.
  • Landstala (ikkje vist i figuren) viser eit resultat på 2,5 %, ei nedgang frå 2017.

 

Lånegjelda skal vera mindre enn 60 % av driftsinntektene

 

Netto lånegjeld 

  • Lånegjelda i Klepp held seg stabil målt mot driftsinntektene, og ligg ved utgangen av 2018 lågare enn målsettinga og overslaga i budsjett 2018.  
  • Årsaka er at låneopptaket vart redusert med 102 millionar grunna forsinka framdrift på investeringane.  Med vedteken investeringsplan for 2019 vil gjelda i 2019 bli høgare enn målsettinga.
  • Hå og Time ligg nå omlag likt i lånegjeld.  Hå har hatt ei vesentleg auke i lånegjelda dei siste åra grunna store investeringar.

 

Disposisjonsfonda skal vera meir enn 5 % av driftsinntektene

 

 Disposisjonsfond 

  • Disposisjonsfonda vart redusert i 2018 i samsvar med budsjettert bruk. 
  • Disposisjonsfonda er no samla på 11,9 % av driftsinntektene, mot ei målsetting på 5 %. 
  • Det vart brukt omlag 21,6 millionar av disposisjonsfond til finansiering av investeringane i samsvar med vedtak og fullmaktar.
  • Det vart avsett 0,8 millionar til sentraladministrasjonen sitt disposisjonsfond og 7,1 millionar skule og barnehage sitt disposisjonsfond. Årsaka er mindreforbruk.
  • Det vart brukt 7,6 millionar av helse og velferd sitt disposisjonsfond og 0,9 millionar av lokal utvikling sitt.  Årsaka er meirforbruk i forhold til budsjett. 
  • Det vart avsett 7,2 millionar til fond for flyktningar.
  • Hå har høgaste fond i samanlikninga.  Time har og auka fonda.

 

Mindre enn 70 % av investeringane vert finansiert med lån

 

 Lånefinansiering 

  • Lånefinansieringa sin del av finansieringsbehovet vart på 42 %.  Dette er lågare enn målsettinga og lågare enn budsjetterte 60 %.  Årsaka er vesentleg lågare investeringar enn opprinneleg budsjettert og at mindreforbruket for 2017 vart disponert til redusert låneopptak i mai 2018.
  • Lånefinansieringa sin del av investeringane har vore stabilt dei siste 3 åra.  
  • Time, Gjesdal og Hå ligg på omlag same nivå som Klepp, men har historisk låge under både Klepp si målsetting og faktiske tal.  Spesielt Hå har over tid hatt lite investeringar og brukt overskot frå drifta i finansieringa av investeringane.