Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Kyrkje og trussamfunn

Målgruppa er alle innbyggjarar i kommunen som tilhøyrer den norske kyrkja eller andre trussamfunn, og alle som vert gravlagt i kommunen og deira næraste.  Alle trudomssamfunn er er organisert som eige rettsubjekt.  Kommunen sitt økonomiske ansvar er heimla i Kirkelovens §15 og Trudomssamfunn §19.  Gravplassane vert forvalta av kyrkjeleg fellesråd. Praktisk drift vert utført av kommunen i samsvar med tenesteytingsavtale.

 

Status på målsettingar i økonomiplanen

 Ny kyrkjegard på Kleppe

  • Viser til kommentarar under investeringane.

Avklara kyrkjegard på Orstad

  • Det er avsett planmiddel i økonomiplanen 2019-2022.

Avklara når ny kyrkje på Kleppe skal stå klar, kommunen sitt tilskot og finansieringsløysing

  • Kommunestyret vedtok i desember 2017 lokalisering av ny kyrkje i sentrum. 
  • Det vart gjennomført grunnundersøkingar i 2018 som grunnlag for val av framtidig løysing.
  • Det vart utarbeidd 2 mulighetsstudier/paralelloppdrag presentert på folkemøte.  Eit som viser ombyggjing av dagens rådhus med kyrkje, og eit med riving av dagens rådhus og ny kyrkje og kommunehus.  

 

Framtidsutsikter
  • Den Norske Kyrkja vart eige rettsubjekt frå 1. januar 2017.  Utviklinga dei komande åra vert truleg prega av endringar og tilpasningar til dette.  Kommunen må vere forberedt på at det på sikt vert endringar i samhandling og avtalar.
  • Forslag til ny lov om trussamfunn er til vurdering i regjeringa.  Lova vil truleg medføra endringar i finasieringa av kyrkja, gravplassane og andre trussamfunn.
  • I Klepp vert utgreiing av kyrkja og kommunehus sett høgt på dagsordenen og sak om økonomi, løysing og framdrift m.m. vert lagt fram våren 2019.

 

Nøkkeltal
Nøkkeltal Klepp 2016 Klepp 2017 Klepp 2018 Kostragr.7 Time
Kvalitet Døypte i prosent av antal fødde 88,1% 76,5% 84,1% 57,7% 45,7% 65,8%
  Konfirmerte i prosent av 15 åringar 77,4% 91,2% 75,6% 58,6% 53,7% 74,6%
  Medlemmer i trussamfunn utanfor Kyrkja 11,8% 11,6% 12,2% 11,0% 9,6% 8,9%
Prioritering Netto driftsutg. kyrkje og trussamfunn i % av totale netto driftsutg. 1,2% 1,1% 1,2% 1,1% 1,1% 1,3%
  Netto driftsutg. kyrkje pr. innbyggar 466 503 544 526 563 655
Teoretisk innsparingspotensiale samanlikna med Beste kvartil Kostragr.7 Gj.snitt Kostragr.7 Time
Kyrkje (mill kr) 1,4 0,7 -0,1 -1,8

 

Budsjettfordeling
Budsjettfordeling Rekneskap 2017 Rekneskap 2018 Vedteke budsjett 2018 Justert budsjett 2018 Avvik 2018
Kyrkje 9677 11953 11948 11948 5
Sentraladministrasjonen (tilskot andre trussamfunn) 1105 0 0 0 0
Sum budsjettposter 10781 11953 11948 11948 5
Avskrivingar, fordelingar mm 0 0      
SUM 10781 11953