Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Kommunehelse

Målgruppe er alle innbyggarane i kommunen. Tenestene skal levera tilbod etter lov om kommunehelse. Kommunehelselova §1-1

I Klepp er hovudansvaret for kommunehelse lagt til hovudutval for helse og velferd, hovudutval for barn og unge, tenesteområdet helse og velferd og tenesteområdet barn og unge.

 

Viktige vedtak
Viktige vedtak i 2018 Saksframlegg Protokoll

Helse og velferd fram mot 2025. Utvikling av tenestene i helse og velferd

HV - 8/18 HV - 8/18

Ny avtale om vertskommunesamarbeid om Jæren øyeblikkeleg hjelp er inngått

HV - 16/18 HV - 16/18 

Satsinger, prioriteringar og utfordringar i helse og velferd i 2019

HV - 23/18 HV - 23/18
Ny organisering av tenester til barn og unge HV - 26/18 HV - 26/18 
Oppvekstplan 2018-2026 SB 22/18 SB 22/18

 

Kommuneplanen sine mål

Klepp gir helsetenester med vekt på tidleg innsats og førebygging, brukarmedverknad, satsing på familie og nettverk, samhandling og nye arbeidsmåtar

 

Status på mål i økonomiplanen
Mål
Målsetting Indikator Resultat 2018 Mål 2018 Mål innan 2021
NAV skal gje tenester med fokus på aktivitet og arbeid for personar mellom 18-30 år

Tal på dagar vi kan tilby tenesten

 Veien i arbeid (VIA) er etablert som tilbod. 

3 dagar pr veke

5 dagar pr veke

Fleire gruppebaserte tilbod i helsetenestene

Tal og breidde

+ 16 har etablert 3 gruppetilbod

Nye grupper på helsestasjonen

Tilbod om 2 nye  grupper

Utvikla lågterskel tilbodet rask psykisk helse hjelp(På Jæren)

+16 er en teneste til unge med psykiske- og andre utfordringar.
Nye grupper på helsestasjonen: 5 foreldrekurs, 1 gruppe førstegangsfødande, 1 gruppe barselterapi og oppstart av 4 vekers gruppekonsultasjon
Avslutta opptrening etter funksjonstap til ingen hjelp

Statistikk

38 %

60 %

60 %

Kvardagsrehabilitering har på grunn av gode resultat blitt utvida til å gjelda fleire brukargrupper. Derfor kan vi ikkje forventa at like mange som tidlegare skal klara seg heilt utan hjelp etter opptrening. Tala er med andre ord ikkje samanlignbare, og måltal (indikator) bør reviderast.

 

Meir førebyggande tenester.

  • Det er satsa meir på undervisning og gruppetilbod, fleire nye tilbod er oppretta for menneske med lettare psykiske lidingar.

Førebu fullelektronisk arkiv i journalsystemet.

  • Det er innhenta erfaringar frå Time kommune som har fullelektronisk arkiv.
  • Fullelektronisk arkiv kan ikkje settast i gang før vår dataleverandøren (Acos) har lagt til rette for bruk av NOARK 5, anslått i 2019.

Gode pasientforløp.

  • Det er utarbeidd eit felles verdigrunnlag for recoverybaserte tenester (fokus på forbetring / tilfriskning) for alle kommunar i Rogaland og Sunnhordaland.

Framtidsretta drift av legevakta i samsvar med nye retningsliner.

  • Legevakta oppfyller krava i akuttforskrifta pr i dag med hensyn til samhandling, kompetanse og øving med andre nødetatar.
  • Svarer på 93% av henvendingane innan 2 minutt (forskriftskravet er 80%).
  • Legeberedskapen er marginal deler av døgnet, særleg om natta.

Innbyggarane har lett tilgang til informasjon og veit kor dei kan få råd og rettleiing.

  • «Eg treng råd»-knappen skal vidareutviklast og haldast oppdatert slik at all informasjon skal vera lett tilgjengeleg.

Lågterskeltilbodet Rask psykisk helsehjelp er på plass.

  • Fekk ikkje tilskot i 2018, så dette tilbodet er ikkje starta opp.

 

Framtidsutsikter
  • Sak om framtidig legevakt skal politisk behandlast i 2019 ut frå krav i ny rettleiar til akuttforskrifta.
  • Utgreia mulighet for interkommunalt butilbod for menneske med psykisk liding og rusutfordringar.
  • Følga opp Ny Start Jæren, interkommunalt prosjekt som prøver ut nye arbeidsmåtar til menneske med rusutfordringar i alle fasar; før, under og etter behandling.
  • Klepp har fått midlar frå Regionalt forskingsfond til interkommunalt samarbeid om ettervern.
  • Må planlegga for å ivareta fleire oppgåver innan  habilitering og rehabilitering.

  • Helsestasjonen:
    • Ny handlingsplan for barselomsorgen i Helse Vest sitt nedslagsfelt vil utfordra kommunen til å legga om tenestetilbodet i samarbeid med andre kommunar.
    • Skulestartundersøking i 1. klasse frå skuleåret 2019/20 i staden for 5-årskontroll.
    • BUP Bryne og jærkommunane skal inn i eit pilotprosjekt for pakkeforløp psykisk helse barn og unge.
    • Samhandling i barnehagar og skular kring barn og unge, for å sikra rett hjelp til rett barn i rett tid, er ei prioritert oppgåve.
    • Medverknad og medborgarskap skal på dagsorden i alle tenester for barn og unge.
    • Fleirfagleg kompetanse i overgangsarbeid mellom grunnskule og vidaregåande opplæring skal sikrast ytterligare.

 

Nøkkeltal
Nøkkeltal Klepp 2016 Klepp 2017 Klepp 2018 Kostragr.7 Time
Kvalitet Helsesøster  58,2 60,6  62,9  84,0  84,5 46,2 
Helsesøster - avtalte årsverk per 10.000 innbyggarar 0-5 år
  Jordmor  12,5 12,5 12,8 14,5 16 11,1
Jordmor - avtalte årsverk per 10.000 innbyggarar 0-5 år
  Fysioterapeut 6,4 6,3 6,3 8,5 6,7 8,2
Fysioterapeut - avtalte årsverk per 10.000 innbyggarar
  Ergoterapeut  4,1 4,2 4,0 3,7 6,3 5,1
Ergoterapeut - årsverk per 10.000 innbyggarar
Prioritering Førebygging, helsestasjon- og skulehelseteneste 7072 8007  9813  10206  10701 5200 
Indikatoren viser netto driftsutgifter til førebygging, helsestasjon- og skulehelseteneste per innbyggar 0-5 år.
  Førebyggande arbeid, helse per innbyggar 146 149 215 198 83 226
Indikatoren viser nettodriftsutg til førebyggande arbeid, helse i kronerpr innbygger, konsern
Dekningsgrad Barn undersøkt innan 8. leveuke 104 % 94 % 108 % 101 % 100 % 106 %
  Barn undersøkt ved 2-års alder 93 % 94 % 98 % 96 % 104 % 103 %
Einingskostnader Fastlege konsultasjoner per person i legens praksis kommune 2,8 2,8        
Fastlegekonsultasjoner per person i legens praksiskommune viser gjennomsnittlig antall konsultasjoner per person på kommunenivå
Rangeringer Kommunebarometeret 262 192        
Teoretisk innsparinspotensiale samanlikna med Beste kvartil Kostragr.7 Gj.snitt Kostragr.7 Time
Kommunehelse (mill kr) -0,1 -0,7 -4,3 7,3

 

Budsjettfordeling
Budsjettfordeling Rekneskap 2017 Rekneskap 2018 Vedteke budsjett 2018 Justert budsjett 2018 Avvik 2018
Helse og velferd 39810 42333 39513 42376 -43
Lokal utvikling 926 102 0 124 -22
Sum budsjettposter 40737 42435 39513 42500 -65
Avskrivingar, fordelingar mm. 698 1848      
Avskrivningskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.
SUM 41434 44283