Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Grunnskule

Målgruppa for desse tenestene er elevane i skulen og deira føresette. Tenesta skal levere tilbod etter Opplæringslova. I Klepp er hovudansvaret for skulane lagt til Hovudutval for barn og unge, og Tenesteområdet barn og unge.

Viktige vedtak
Viktige vedtak i 2018 Saksframlegg Protokoll
Kvalitet og utvikling i Jærskulen - Tilstandsrapport 2017 KSAK 14/18 KSAK 14/18
Ny modell for organisering av spesialundervisning - Tidleg innsats KSAK 38/18 KSAK 38/18
Avtale felles ungdomsskule og idrettshall i Vardheia - Klepp og Time KSAK 44/18 KSAK 44/18
Drifts- og ressursanalyse - barn og unge  KSAK 72/18 KSAK 72/18
Oppvekstplan 2018-2026 SB 22/18 SB 22/18

 

Kommuneplanen sine mål

Bidra til å utvikla kunnskapsnysgjerrige og kreative barn og elevar:

  • Ha hovudfokus på læringa og utviklinga til barn og elevar i barnehagane og skulane.
  • Framleis vektleggja dei grunnleggjande kunnskapane, med særleg vekt på leseopplæringa.
  • Styrka opplæring for minoritetsspråklege elevar vidare.
  • Framleis ha tydeleg handling og aksjon i forhold til godt læringsmiljø og mobbing og mobbesaker.

 

Status på mål i økonomiplanen
Målsetting
Målsetting Indikator Resultat 2018 Mål 2018 Mål innan 2021
Grunnskulepoeng Karakter i alle fag 40,6 41,0 41,5
Eksamen norsk Karakter i hovudmål 3,4 3,5 3,6
Eksamen matematikk Karakter eksamen 3,6 3,5 3,6
Aktivitetsplanar 0 aktivitetsplanar 64 20  0
Ny §9A tok til å gjelda 01.08.2017. Det betyr at skulane må lage aktivitetsplan når elevar og foreldra melder om krenking, mobbing eller at elevane ikkje har eit godt og trygt læringsmiljø. 

  

Styrka det faglege fokuset for å auka læringsutbytet til elevane

  • Resultata i lesing har ikkje vore gode nok. Dette året er det utvikla eit mykje nærare samarbeid med biblioteket og kommunalt foreldreutval. Det må  arbeidast vidare med lærarane sin kompetanse og praksis innan lesing.
  • 52 lærarar gjennomfører dette skuleåret vidareutdanning gjennom ordninga "Kompetanse for kvalitet". Dette året er pedagogisk bruk av læringsteknologi, matematikk, norsk og engelsk prioritert. 
  • To lærarar har gjennomført utdanning som lærarspesialist i matematikk på ungdomssteget.  Ein lærar har starta utdanning som lærarspesialist i digital kompetanse/læringsteknologi.
  • Tilstandsrapporten for Jærskulen fortel korleis stoda er i Klepp kommune innanfor ulike indikatorar.

  Gje læring og meistring til kvar elev ut frå sine føresetnader.

  • To skular deltek i det nasjonale prosjektet; Inkluderande barnehage og skulemiljø. 
  • Skulane har saman med barnevernet, helsestasjonen og PPT starta arbeidet med ein ny modell for tidleg innsats.
  • Alle elevane i Klepp kommune har no læringsbrett. Det rapporterast om meir læring, meistring og motivasjon rundt læringa. 
  • For å styrka gjennomføring av vidaregåande opplæring har Klepp satsa sterkt på «Glidelåsen» kor elevar får støtte og hjelp for å gjennomføra skulegangen, og «Los» som er ein funksjon for å oppdaga utfordringar i grunnskulen for så å losa elevar og føresette inn i rett spor for hjelp og støtte.

     

Betra tilbodet til minoritetsspråklege elevar.

  • Det har vore tilsyn på alle skular. Nye rutinar har lagt grunnlaget for betra tilbud. 

 

Framtidsutsikter
  • Det kjem ny læreplan i 2020. Dette vil bli eit verdiløft der folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og bærekraftig utvikling er tverrfaglege tema i alle fag.
  • Barn og unge er i dialog med lesesenteret om eit samarbeid rundt lesing – begynneropplæringa. Det vil bli oppstart hausten 2019 eller våren 2020. 
  • Overgangar er sårbare. Kommunen vil difor revidera og laga ein samla oversikt for alle overgangar i barn og unge sitt liv, samt avklara ansvarsforhold og innhald i dette arbeidet. 
  • Det kan bli utfordringar med rekruttering av lærarar i tida framover. I dag er det 34 lærarar over 60 år. I 2021 er det ingen som går ut av lærarutdanninga ettersom lærarutdanninga vart omgjort. I 2025 må lærarar ha 30 studiepoeng (barneskulen) og 60 studiepoeng (ungdomsskulen) i faga norsk, matematikk og engelsk. Fleire manglar dette. 
  • Kompetansen i PPT skal koma nærare barn og unge der dei er, altså i barnehage og skule. Arbeidet skjer i tett samarbeid med barnehagar og skular, og målet er at rette barn, skal få rett hjelp til rett tid. 

 

Nøkkeltal
Nøkkeltal Klepp 2016 Klepp 2017 Klepp 2018 Kostragr.7 Time
Kvalitet Lærartettleik ordinær undervisning, 1.-10. trinn 14,3 14,8 16,3   17,6 16,9
Blir også kalla "Gruppestørrelse 2".      
  Lærartettleik ordinær undervisning, 1. - 4. trinn     13,6   16,2 14,9
 Normtalet for 1. - 4. trinn er 16 for skuleåret 2018/19 og 15 for skuleåret 2019/20
  Lærartettleik ordinær undervisning, 5. - 7. trinn     15,5   18,2 19,6
  Normtalet for 5. - 7. trinn er 21 for skuleåret 2018/19 og 20 for skuleåret 2019/20    
  Lærartettleik ordinær undervisning, 8. - 10. trinn     22,8   19,2 17,8
 Normtalet for 8. - 10. trinn er 21 for skuleåret 2018/19 og 20 for skuleåret 2019/20
  Lærartettleik inkl. spes.ped og særskilt norsk,1. - 10. trinn  12,2 12,5 13,1 14,1 14,4 14
Einingskostnader Driftsutgifter per elev 113421 117358 122363 123118 113379 120492
Korrigerte brutto driftsutgifter skulesektor (202,215,222,223), per elev
Rangeringar Kommunebarometeret 171 167        
Teoretisk innsparinspotensiale samanlikna med Beste kvartil Kostragr.7 Gj.snitt Kostragr. 7 Time
Grunnskule (mill kr) 11,1 -23,3 6,5 -0,8

 

Tal på elevar i skulen
Tal på elevar i skulen 2016 2017 2018
Elevar i skulen 2724 2706 2752

 

Tal på saker til PPT  (inkl. alder 0-99 år)
Tal på saker til PPT (inkl. alder 0-99 år) Nye saker - totalt  Av desse er:   
2017 134

 

82 gutar/menn
52 jenter/kvinner 
2018 135

Barnehage

28 gutar
16 jenter

Skule

51 gutar
21 jenter

Vaksne

19 personar

 

 

Budsjettfordeling
Budsjettfordeling Rekneskap 2017 Rekneskap 2018 Vedteke budsjett 2018 Justert budsjett 2018 Avvik 2018
Barn og unge 238282 246917 242505 251049 -4132
Helse og velferd  153 3  0  0  3
Lokal utvikling  229  113  0  113  0
Sum budsjettposter 238663 247033 242505 251162 -4129
Avskrivingar, fordelingar mm  4860  4723      
Avskrivningskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.
SUM 243523 251756