Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Barnevern

Målet for barneverntenesta er å sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skada deira helse og utvikling, får nødvendig omsorg og beskyttelse til rett tid. Tiltak kan treffast overfor alle barn under 18 år. Tiltak som er iverksette før barnet fyller 18 år kan oppretthaldast eller erstattast av andre tiltak dersom ungdommen samtykker til dette. 

Tenesta skal levere tilbod etter Lov om barnevernstenester. I Klepp er hovudansvaret for barnevernet lagt til Hovudutval for barn og unge, og Tenesteområdet barn og unge.  

 

Viktige vedtak
Viktige vedtak i 2018 Saksframlegg Protokoll
Oppvekstplan 2018-2026 SB 22/18 SB 22/18

 

Kommuneplanen sine mål

Vi gir tenester med vekt på tidleg innsats og førebygging, identifisera og avdekka omsorgssvikt og atferdsvanskar. Vi skal saman med andre tenester gi gode og samordna tenester.

 

Status på mål i økonomiplanen
Målsetting
Målsetting Indikator Resultat 2018 Mål 2018 Mål innan 2021
Halda meldingsfristar Rapportering til fylkesmannen. 

100 %

100 % 100 %
Halda fristar i undersøkingssaker Rapportering til fylkesmannen. 91 % 100 % 100 %
Lagt stor vekt på å halda fristar.  
Alle barn skal ha aktive tiltaksplanar Rapportering til fylkesmannen. 77 % 100 % 100 %
Alle fosterbarn skal ha oppfølging i tråd med myndighetskrav Rapportering til fylkesmannen. 90 % 100 % 100 %

 

Styrka tenesta med 2 årsverk

  • Nytilsette var på plass i juni 2018. Har derfor ikkje full årseffekt av desse tilsettingane i 2018. 

Alle barn over 7 år skal ha høve til å uttala seg i eiga sak 

  • Alle barn over 7 år blir snakka med i eiga sak. Tenesta jobbar med å få på plass rutinar som gjer det enkelt å visa dette.  

Trekka brukarerfaringar inn i utviklinga av tenesta 

  • Tenesta har ikkje gjennomført noko form for brukarundersøking i 2018. 

Barneverntenesta skal jobba aktivt for å auka bruk av familieråd som metode 

  • Tenesta har i 2018 brukt familieråd i to saker.

Barneverntenesta skal jobba aktivt ut mot skular og barnehagar for å senka terskelen i høve til å melda saker til barneverntenesta

  • Omorganisering frå 01.08.18 har ført til tettare samhandling mellom barnevern og barnehagar/skular.   

Etablera gode, tverrfaglege tiltakskjeder i kommunen 

  • 01.08.18 starta eit systematisk arbeid for å etablera tverrfaglege tiltakskjeder i kommunen. 

 

Framtidsutsikter
  • Omorganisering til Tenesteområdet barn og unge skal føra til tettare samhandling rundt barn og unge i kommunen. 
  • Systematikken i brukarmedverknad må styrkast. 
  • Rett kompetanse i avdelinga skal mellom anna sikrast ved å utarbeida ein kompetanseplan på bakgrunn av analyse i avdelinga. 
  • Barn med hjelpetiltak må ha ein tiltaksplan og denne skal evaluerast. 

 

Nøkkeltal
Nøkkeltal Klepp 2016 Klepp 2017 Klepp 2018 Kostragr.7 Time
Kvalitet Undersøkingar med behandlingstid over tre månader 15 % 18 % 19 % 11 % 6 % 3 %
Del av undersøkingar i barnevern med behandlingstid over tre månader
  Stillingar med fagutdanning per 1000 barn  2,5 3,3 2,9 4,2 3,4 3,4
Stillingar med fagutdanning i barnevern per 1000 barn 0-17år
Prioritering

Driftsutgifter per innbyggar 0-17 år 

5756 6074 6617 9555 7733 6603
Netto driftsutgifter per innbyggar 0-17 år  
 

Driftsutgifter til saksbehandling 

27,6 % 28,6 % 28,5 % 29,8 % 27,3 % 23,9 %
Del netto driftsutgifter til saksbehandling 
Dekningsgrad Barn med barnevernstiltak 2,2 % 2,4 % 3 % 2,9 % 2,5 % 2,6 %
Del av barn med barnevernstiltak i forhold til innbyggarar 0-17 år
 

Barn med melding

4,6 % 4,4 % 4,2 % 4,8 % 4,4 % 4,9 %
 Barn med melding ift. antal innbyggarar 0 - 17 år
Einingskostnader Driftsutgifter per barn som er plassert av barnevernet  300596 331721 363932 421854 434121 276885
Brutto driftsutg per barn som er plassert av barnevernet (funksjon 252) 
  Driftsutgifter per barn som ikkje er plassert av barnevernet 46779 60252 42448 32780 57189 34923
Brutto driftsutgifter per barn som ikkje er plassert av barnevernet (funksjon 252) 
Rangeringar Kommunebarometeret 309 169        
Teoretisk innsparingspotensiale samanlikna med Beste kvartil Kostragr.7 Gj.snitt Kostragr.7 Time
Barnevern (mill kr) -3,0 -8,8 -6,9 -0,9

 

Budsjettfordeling
Budsjettfordeling Rekneskap 2017 Rekneskap 2018 Vedteke budsjett 2018 Justert budsjett 2018 Avvik 2018
Helse og velferd 28520 30550 29775 30500 50
Lokal utvikling 240 19 0 16 3
Sum budsjettposter 28759 30568 29775 30516 53
Avskrivingar, fordelingar mm. 87 293      
Avskrivningskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.
SUM 28846 30862