Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Sosiale tenester

Målgruppe

Alle vaksne innbyggarar i kommunen og barna deira. Alle flyktningar som kjem til kommunen gjennom avtale med IMDi og familiegjenforeiningar. 

 

Lova sitt formål

Lov om sosiale tjenester i NAV §1, Introduksjonslova

 

Kommunen sitt overordna mål
  • Finna gode tiltak knytt til innføring av lovfesta aktivitetsplikt for vaksne under 25 år.
  • Tilby arbeidsledige oppfølging, og gjennomføra tiltak for å gjera overgangen til nytt arbeid kortast muleg.

 

Viktige vedtak i Helse og velferd 2017
Viktige vedtak i helse og velferd 2017 Saksframlegg Protokoll
Muleg samanslåing av NAV-kontor i Klepp og Time  6/17
6/17
Ny organisering av bustadsosialt arbeid.  30/17

30/17

 

Målsetting
Målsetting Indikator Resultat 2017 Mål 2017 Mål innen 2020
Redusera andel under 25 år som mottek sosialhjelp Statistikk 6,4% 4,86% 4,05%
Det var fortsatt utfordringar i arbeidsmarkedet i 2017. Dei unge er i snitt kortare tid på sosialhjelp og kvar enkelt får lågare utbetalingar.
Andel flyktningar over i arbeid eller utdanning ved avslutning av introduksjonsprogrammet Statistikk 39% 30% 65%
Frå 2016 til 2017 auka delen av flyktningar som gjekk over i utdanning eller arbeid frå 11% til 39%.  Hovuddelen gjekk over i utdanning, ikkje i jobb.  Det har vore store endringar i flyktningetenesta dei siste 2 åra for å betre dette resultatet, men mykje gjennstår.  Det er venta færre nye flyktningar dei neste åra, og større del av ressursane kan brukast på dei som har kome dei siste åra.
Andel flyktningar i eiga eigd/leigd bustad etter 3 år Intern statistikk   30% 70%

 Det var i 2017 ikkje behov for å kjøpa nye bustader til tross for høg busetting

 

Kvalitative målsettingar

Fullt utvikla introduksjonsprogram både når det gjeld omfang og kvalitet.

  • Tenesten har vidareutvikla programfaga i omfang og kvalitet gjennom 2017. Det vart og nytta språkpraksis og arbeidspraksis i større omfang enn tidlegare

Utvikla metodar for god kvalitet i brukararbeid i NAV og flyktningetenesten.

  • Alle tilsette i NAV deltek i rettleiingsgrupper for å auka kvaliteten på tenestene. Det er utvikla faste punkt for evaluering av eigen praksis.
  • Fleire tilsette går jamleg på kurs i motiverande intervju (samtaleteknikk)

Vidareutvikla NAV si samhandling med andre kommunale tenester for å bidra til heilskaplege og saumlause tenester.

  • NAV og psykisk helse/rus driftar  aktivitetsplikta saman.
  • NAV har søkt og fått utviklingsmidlar for betre samhandling med bustadkontoret.
  • Det er utvikla godt smarbeid mellom NAV og Miljøtenesten for å redusera kø og ventetid inn til Jæren industripartner (VTA - varig tilrettelagt arbeid)
  • Bustadkontor vart etablert i september

Utvikla kommunale verkemiddel opp mot aktivitet for å gjera overgangen til arbeid kortare.

  • Aktivitetsplikt er innført med gode verkemiddel. Flyktningtenesta legg vekt på at fleire flyktningar har språkpraksis og arbeidspraksis. Samhandlinga mellom NAV og flyktningetenesta er forbetra på dette området. 

Implementera tilfriskning (recovery) i tenestene – Kva er viktig for meg?

  • Erfaringskonsulent er tilsett i 0,8 årsverk.
  • 3 unge, frivillege brukarar er rekruttert. Dei fortel om sin betringsprosess ved hjelp av kva er viktig for meg. 

Bygga opp rustenesta i samsvar med opptrappingplan frå regjering

  • Pluss 18-prosjektet er hovudinnhaldet i denne satsinga for Klepp. Det er eit samarbeid mellom Avdeling psykisk helse og rus og NAV. 

 

Nøkkeltal
Nøkkeltal Klepp 2015 Klepp 2016 Klepp 2017 Kostragr.7 Time
Kvalitet Mottakere av kvalifiseringsstønad per 1000 innbyg 20-66 år 2,2 1,6  1,6 - 3,3

1,9

  Gjennomsnittlig utbetaling pr stønadsmånad 9632 9649 9088 - 7644 8446
Prioritering Nettodriftsutgifter til sosialtenesta pr innbygj 20-66 år 2333 3012 3124 2850 3065 2667
  Netto driftsutgifter til råd, rettleing og sos.foreb arb pr innb 20-66 år 1005 1268 1346 1110 921 524
Dekningsgrad Del av sosialhjelpsmottakarar i forhold til innbyggjarar 1,7 2% 2,1% - 2,4% 2,1%
  Andel sosialhjelpsmottakarar 18-24 år, av innb. 18-24 år 5,4% 6,4% 5,4% - 5,4% 5,5%
Enhetskostnader Brutto driftsutgifter pr. sosialhjelpsmottakar i kroner 88355 95568 106825 - 88541 78005
  Brutto driftsutgifter til økonomis sosialhjelp pr mottakar 46806 44547 46132 43439  49505 52631
Rangeringer Kommunebarometeret 330 280        
Teoretisk innsparinspotensiale samanlikna med Beste kvartil Kostragr.7 Gj.snitt Kostragr.7 Time
Sosiale tjenester (mill kr) 10,2 11,1 1,4 9,1

 

Budsjettfordeling
Budsjettfordeling Rekneskap 2016 Rekneskap 2017 Vedteke budsjett 2017 Justert budsjett 2017 Avvik 2017
Sentraladministrasjonen 4004 4208 4817 4915 -707
Helse og velferd 35262 31584 26867 31859 -275
Lokal utvikling 121 367 0 0 367
Avskrivingar, fordelingar mm. -3707 -4220 0 0 0
Avskrivningskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.
SUM 35680 31939 31684 36774 -4835

 

Framtidsutsikter
  • Kommunen skal ta imot færre flyktningar i 2018 enn i dei siste åra. Det får konsekvensar for korleis tenesten skal dimensjonerast i åra framover
  • Det vert stilt høgare krav framover til gjennomføring og overgang til arbeid etter introduksjonsprogrammet.
  • Kommunen har lågare arbeidsløyse, men samstundes fleire sjukemelde, på arbeidsavklaring og uføre
  • Det vil i løpet av 2018 og 2019 bli innført teknologiske løysingar som gjer det  mogleg å søkja sosialhjelp digitalt (Digisos)