Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Pleie og omsorg

Målgruppe

Personar med fysisk og psykisk funkjsonssvikt eller sjukdom som gjer at dei treng helsehjelp.

 

Lova sitt formål

Helse- og omsorgstenestelova§1-1

 

Kommunen sitt overordna mål

Vi gir tenester med vekt på tidleg innsats og førebygging, identifisera og avdekka omsorgssvikt og atferdsvanskar. Vi skal saman med andre tenester gi gode og samordna tenester.

 

Viktige vedtak i helse og velferd 2017
Viktige vedtak i helse og velferd 2017 Saksframlegg Protokoll
Middagsservering i institusjon HV 2/17
HV 2/17
Gjennomførte utgreiing av behov for plassar i institusjon, barne- og avlastingsbustad og bustader med heildøgnsbemanning. HV 24/17
HV 24/17
Tilrådingane i utgreiinga vert lagt til grunn for vidare planlegging og utvikling av tenestetilbodet i helse og velferd.
Vedtak om oppstart av pilot- og forskingsprosjekt Ny Start HV 29/17

HV 29/17


 

Målsetting
Målsetting Indikator Resultat 2017 Mål 2017 Mål innen 2020
Pasientar frå SUS som kommunen ikkje tar imot innan frist Statistikk 78 liggedøgn 8 liggedøgn 8 liggedøgn
Tildeling av institusjonsplassar i 2015/2016 til personar med relativt godt funksjonsnivå har gjort at det har vore lite ledig kapasitet i institusjon i 2017. Det har skapt ventelister og vanskar med å ta pasientar heim frå sus når dei er utskrivingsklare.
Antall innbyggjarar over 80 år som er på institusjon Kostra   11% 11%
Ei brukarorientert og effektiv teneste, med høg kvalitet og med høg grad av trivsel for dei tilsette. Tal på undersøkingar 4,2 4,9

5

10 faktor – ny medarbeidarundersøking som gjer at resultata for 2017 ikkje kan samanliknast med tidlegare tal

Nærværsprosent  Visma, Hrm 91,8% 94% 94%
Har hatt høgt langtidsfråvær der fleire har gått ut på maks dato.

 

Kvalitative målsettingar

Ha tenestetilbod med gjennomgåande fokus på meistring og rehabilitering.

  • Deltek i nettverk for gode pasientforløp (vert avslutta i 2018), og recovery nettverk knytta til rus og psykisk helse
  • Alle einingar på Stavanger universitetssjukehus (SUS) samhandlar via elektroniske meldinger (E-meldingar). Kommunen og SUS utarbeider malar for E-meldingar. Malar for kommunikasjon mellom fastlegar og tenestene er utarbeida i nettverk for gode pasientforløp.
  • Miljøtenesta starta opp nytt dagsenter for eldre psykisk utviklingshemma

Ta i bruk ny velferdsteknologi som både kan gje større tryggleik, betra evne til meistring og tilgang på informasjon og rettleiing.

  • 12 personar vart ferdig med velferdsteknologiens ABC.
  • 7 personar har fullført utdanninga Velferdsteknologi på høgskulenivå.
  • Klepp er med i interkommunalt samarbeid om velferdsteknologi, kartlegging, planlegging av felles avtalar om innkjøp av medisinstøtte og digitalt tilsyn

Ta i bruk nye arbeidsmetoder innafor demensomsorga.

  • Arbeidslag demens og Tidleg innsats demens er avslutta.
  • Det er starta med kompetanseteam i heimetenesta, for betre å koordinera tenestene for innbyggarane
  • Demenskoordinatorstilling vart etablert

Gode rutinar for tverrfagleg samarbeid, samt rekruttera og behalda fagfolk i framtida.

  • Samarbeid mellom NAV og psykisk helse om aktivitetsplikt er starta opp tre dagar i veka.
  • Vi har gjennomført prosjekt «Utvikling og utprøving av varslingsapp for å hindra tilbakefall for personar som kjem ut frå langtids rusbehandling» (RAPP 1)
  • Vi fekk midlar til prosjekt  NY START, for å prøva ut nye former for oppfølging av rusmisbrukarar i saman med private aktørar. Prosjektet er i samarbeid med Jærkommunane.  Klepp kommune har prosjektansvar.
  • Vi fekk samstundes regionale forskingsmidlar  til 3 års forsking på kva som er  god og effektiv oppfølging for brukargruppa.

Myndiggjorde medarbeidarar som tar ansvar, er sjølvstendige og faglig dyktige.

  • Starta systematisk arbeid med nærvær og trivsel i nokre avdelingar i miljøtenesta.
  • Vi har system for oppdatering av kompetanse for sjukeheimslegane i følge ny akuttforskrift.

 

Andre kommentarar
  • Helse og velferd gjennomførte ei teneste og ressursanalyse av alle tenester (Devoldrapporten)
  • Jæren øyeblikkeleg hjelp flytta frå Kleppheimen til Sandnes legevakt på Stangeland i april.
  • Etablert samarbeidsrutinar mellom frivillegkoordinator og tenestene.
  • Etablert 27 frivillegkontaktar, ei i kvar avdeling
  • Rekruttert 75 frivillege inn i tenestene
  • Meir bruk av behovsvurdering og god planlegging før oppstart med nye arbeidsmetodar
  • Innbyggarrepresentantar er med i utviklingsarbeid

 

Nøkkeltal
Nøkkeltal Klepp 2015 Klepp 2016 Klepp 2017 Kostragr.7 Time
Kvalitet Andel plassar i brukertilpassa einerom m/eget bad/wc 100% 100% 100%  81% 99% 98,6% 
  Fysioterepitimar pr veke pr bebuar i sjukeheim 0,4 0,37 0,34  0,44 0,40 0,44
Prioritering Nettodriftsutgifter pleie og omsorg per innbygj 67 år 106674 109429 111924  105271 127880 126908
  Nettodriftsutgifter pr innbygj i kroner, pleie og omsorg 11308 12223 12784 15119 14861 14746
Dekningsgrad Del av innbyggjarar 67 år og over som er bebuar på institusjon 3,4% 3,5% 3,6% 3,8% 4,1% 4,7% 
  Mottakarar av heimetenester pr 1000 innb 0 år og oppover 350 367 350 

391

317 364
Enhetskostnader Korrigerte brutto driftsutg pr mottakarar av heimetenester(kr) 279186 291101 306921 244074 290183 274745
  Korrigerte brutto driftsutg, institusjon pr kommunalplass 1099545 1324466 1360818 1134738 1299515  1220750 
Rangeringar Kommunebarometeret 44 120        
Teoretisk innsparinspotensiale samanlikna med Beste kvartil Kostragr.7  Gj.snitt Kostragr.7 Time
Pleie og omsorg (mill kr) 37,7 28,2 -33,2 8,0

 

 

Budsjettfordeling
Budsjettfordeling Rekneskap 2016 Rekneskap 2017 Vedteke budsjett 2017 Justert budsjett 2017 Avvik 2017
Sentraladministrasjonen 4 0 0 0 0
Helse og velferd 214117 222573 209155 214312 8262
Lokal utvikling 2923 4417 3031 3141 1277
Avskrivingar, fordelingar mm. 5390 5085 0 0 5085
Avskrivningskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.
SUM 222433 232076 212186 217452 14624

 

Framtidsutsikter
  • Det vil i framtida stillast nye krav til kompetanse for å gi tilbod til nye brukargrupper
  • Kommunen har fått eit særleg og skjerpa krav til å kunna tilby eigne tenester til pårørande og særleg til barn.
  • Vi må ha fokus på unge som slit psykisk og gje tidlege og heilskaplege tilbod til denne gruppa.
  • Vi må planlegga framtidig bruk av institusjonsplassar og behov for spesialisering av plassar og personale
  • Sirkelen 2. etasje flyttar til Kleppheimen 3. etasje for å gi eit betre tilbod til demente pasientar.
  • Pensjonatet vil gradvis verta avvikla.
  • Nye og endra arbeidsmåtar krev strukturelle endringar i heile Helse og velferd. Oppfølging av Devold rapporten
  • Kommunen vil ha behov for å auke talet på legetimar i institusjonstenesta framover.
  • Bygga opp rustenesta i samsvar med nasjonal opptrappingsplan 2020.
  • Arbeid med nye metodar innafor arbeid, aktivitet og oppfølging i psykisk helse og rustenesta. NY START