Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Plan, kulturminne, natur og nærmiljø

Lova sitt føremål
  • Plan og bygningslova gir heimel for arbeidet med arealplanar og byggesaksbehandling. I føremålsparagrafen § 1-1.1 står lovens formål.
  • Oppmåling arbeider med heimel i matrikkellova.
  • Lov om produktkontroll gir rammer for park sitt arbeid på leikeplasser og uteområde.

 

Kommunale målsettingar knytta til miljø
  • Alle skal bu trygt og ha gode møteplassar. Oppvekstvilkåra til barn og unge i kommunen er gode.
  • Ei rekke lover er relevante for miljøarbeidet. I Klepp er det for tida mest fokus på Naturmangfaldslova, Forurensningslova og Vassforskrifta. 

 

Viktige vedtak
Viktige vedtak Saksframlegg Protokoll
Endring langsiktig grense jordvern FSAK 3/17 FSAK 3/17
Kommunal planstrategi 2015-2019 KSAK 14/17 KSAK 14/17
Ny barneskule i Kleppekrinsen – val av tomt KSAK 22/17 KSAK 22/17
Kommunedelplan Kleppe sentrum KSAK 30/17 KSAK 30/17
Sluttbehandling – detaljergulering for næringsområde 14 – Voll KSAK 43/17 KSAK 43/17
Sluttbehandling – områderegulering for Nyland – Kleppe KSAK 44/17 KSAK 44/17
Kommunehus KSAK 62/17 KSAK 62/17
Ny idrettshall – tomtealternativ KSAK 63/17 KSAK 63/17
Aktivitetspark Kleppe – arbeidsopplegg KSAK 64/17 KSAK 64/17

 

Målsetting
Målsetting Indikator Resultat 2017 Mål 2017 Mål innen 2020
Opprusta leikeplassar Antal 3 4 16
Nyleg avslutta leikeplasskontroll viser at det er stor behov for vedlikehald. Midler
til rehabilitering av leikeplassar blei frå og med 2018 redusert frå 2 til 1
mill. kroner årleg. Det vil gje store utfordringar i fht. å nå måla framover.
Utarbeida skjøtselsplanar Antal 1 16
På grunn av vakant stilling har det ikkje vore ressursar til å utarbeida så mange
skjøtelsplanar som ein hadde mål om. Auka ressursar til skjøtsel i budsjettet
for 2018 vil bidra positivt, og det er mål om å nå talet på 4 i 2018.

 

Kvalitative målsettingar

God service gjennom høg kompetanse.

  • Aukande grad av kompleksitet i fagfelta, og ein legg opp til jamnleg oppdatering gjennom kurs og kompetanseutvikling.

Ivareta offentlege interesser under behandling av private utbyggingsplanar.

  • Ein har vidareutvikla dialogen med utbyggjarar. Mellom anna vart oppstartsmøte i samband med reguleringsplanar innført i 2017. Det bidreg til dialog i tidleg fase. Kommunen legg vekt på å vera løysingsorientert.

Trygge og attraktive leikeplassar/lokale møtepunkt. Rett nivå på skjøtsel av friområda.

  • Det er gjort noko i fht. leikeplassar og møtepunkt. Dette må følgjast opp vidare gjennom planar for sentrum, utvikling av andre område og vedlikehaldstiltak. Noko ekstra skjøtsel har vore gjort med sysselsettingsmidlar, men innsatsen må aukast framover.

Redusera tap av naturmangfald.

  • Naturmangfaldet i Klepp utanfor verneområda er knytta til kulturlandskapet; udyrka mark og restareal. Nydyrking og anna omdisponering av slike areal vil redusera leveområda for plante- og dyreartar. I 2017 blei det godkjent nydyrka 108 dekar. Det høgste talet sidan 2009.

 

Andre kommentarar
  • Oppdatering av ortofoto og kart i 2017
  • Omfattande arbeid med å klarere arkiv for digitalisering
  • Tilråding frå Statens vegvesen til departementet om å leggje til grunn indre korridor for E39
  • Kommunedelplan for fysisk aktivitet 2018-2029 er utarbeidd, og vil bli lagt fram for endeleg behandling i 2018
  • Statens vegvesen utarbeidde planprogram for Fv.44 Braut – Re
  • Store utviklingsmuligheter i statsjonsområda, men dette var krevjande når avklaringar for dobbeltspor ikkje kom vidare
  • Byggesak hadde i 2017 eit underskot på 307 000, noko som er vesentleg lågare enn året før. Underskuddet er dekka av etat for lokal utvikling sitt overskuddsfond. Oppmåling hadde eit overskot på 44 000 i 2017. Midlane er sett av til eit fond som totalt er på om lag 1,5 mill. kroner. Ein planlegg å gjennomføre ekstraordinære oppgåver dei neste tre åra, der desse midlane blir nytta.

 

Nøkkeltal
Nøkkeltal Klepp 2015 Klepp 2016 Klepp 2017 Kostragr.7 Time
Prioritering Netto driftsutgifter til plansaksbehandling per innbyggar 70 95 86 182 245 149
  Netto driftsutgifter til rekreasjon i tettsteder per innbyggar 240 282 264 113 543 380
Dekningsgrad Samla lengde av turvegar, turstiar og skiløyper (km) 20 - - 234 - -
Enhetskostnader/ produktivitet Gj.snittlig saksbehandlingstid for byggesaker med 12 ukers frist. Kalenderdagar 57 35 - - - -
  Gj.snittlig saksbehandlingstid for oppretting av grunneigedom. Kalenderdagar 31 52 - - - -
  Gjennomsnittleg saksbeh.tid for private forslag til detaljreg. Kalenderdagar 270 150 90 - 126 122
Rangeringer Kommunebarometeret 206 120        
Teoretisk innsparinspotensiale samanlikna med Beste kvartil Kostragr.7 Gj.snitt Kostragr.7 Time
Plan, kulturminner, natur og nærmiljø (mill kr) 1,0 -1,1 -11,1 -4,4

 

 

Budsjettfordeling
Budsjettfordeling Rekneskap 2016 Rekneskap 2017 Vedteke budsjett 2017 Justert budsjett 2017 Avvik 2017
Lokal utvikling 8257 8438 7432 7689 749
Avskrivingar, fordelingar mm. 1760 1205 0 0 1205
Avskrivingskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.
SUM 10017 9644 7432 7689 1955

 

Framtidsutsikter
  • Ventar framleis høg aktivitet knytt til arealplanarbeid og utvikling av nærmiljø og bumiljø
  • Vurdering av framtidig utbyggingsareal opp imot vekst i folketal og nytt jordvernmål
  • Avklaringar knytt til vidare sentrumsutvikling; kommunehus, kyrkje, aktivitetspark, idrettshall og isbane
  • Revisjon av reigonalplan Jæren vil gje føringar for framtidig utvikling innanfor areal og transport
  • Digitalisering av byggesaksarkiv, landbruksarkiv og oppmålingsarkiv
  • Utarbeiding av parkeringsstrategi for Klepp sentrum
  • Revisjon av klimaplan for Klepp kommune
  • Avklaringar om moglege samarbeidsområde knytt til landbruksforvaltning med nabokommunar (i Jærrådet)
  • Eventuelle endringar i kommunalt ansvar for eigedomsoppmåling
  • Utarbeide forvaltningsplan for Figgjovassdraget og følgje opp med tiltak
  • Overgang frå kommunal til sentral lagring hjå Kartverket av kommunen sine kartbasar
  • Innføring av nytt saksbehandlingssystem for byggesaksbehandling