Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Næring

Målgruppe

Næringsdrivande, sysselsette og innbyggjarar i Klepp kommune samt framtidige generasjonar som er påverka av arealbruken i kommunen.

 

Kommunale mål
  • Å leggja tilhøva til rette slik at arealressursane kan verta brukt på den måten som er mest gagnleg for samfunnet.
  • Vera blant dei beste på rask saksbehandling for næringsdrivande.
  • Sikra landbruksjord som grunnlag for eksisterande og auka matproduksjon og samstundes ta vare på natur, miljø og kulturlandskapet.

 

Målsetting
Målsetting Indikator Resultat 2017 Mål 2017 Mål innen 2020
Alle søknader som skal vidare til Landbruksdirektoratet skal behandlast og vidaresendast av kommunen innan oppsette fristar Tal saker som er ubehandla
over frist
 0 0

 

Kvalitative målsettingar

God kontakt med næringsdrivande, næringsforening, Greater Stavanger og andre organisasjonar som er viktige for å utvikla eit variert og godt næringsliv og høg sysselsetting.

  • Klepp kommune styrka satsinga på næringsutvikling ved å opprette full stilling som næringssjef hausten 2017. Dette gir betre kontakt med næringslivet og med regionale instansar innan næringsutvikling.

Redusera forvaltningsmessige feil og feil saks- og søknadsbehandling etter lov- og regelverk.

  • 1 sak var feilbehandla (av 970 saker landbruksavdelinga behandla)

Sikra at saksbehandlingsfristar vert etterlevd

  • 1 sak vart for seint behandla  (av 970 saker landbruksavdelinga behandla)

 

Andre kommentarar
  • Utviklinga i arbeidsmarknaden har vore positiv i 2018. Ledigheten i Klepp er redusert med ca 40 % frå 4,6 % av arbeidsstyrken til 2,8 %. Vi ser og ein markert auke i tilgang på nye stillingar i Rogaland. Endringane i arbeidsmarknaden i Klepp er del av ein regional trend. Meir informasjon finn du her.
  • Landbruksavdelinga har hatt fokus på å halde pålagde fristar i produksjonstilleggssystemet.
  • 1 ny driftsfellesskapssak. Fleire saker frå tidlegare år er vidarebehandla.
  • Arealgrensa for konsesjonsfrie eigedomar vart auka.

 

Tal på brukarar
Tal på brukarar 2013 2014 2015 2016 2017 Time 2017 Hå 2017
Tal på søknader om produksjonstilskot 620 630 629 575 293 251 448
Produksjonstilskotssystemet er lagt om i 2017. Dermed får vi fram kor mange føretak som har søkt om produksjonstilskot uavhengig om dei har søkt 1 eller 2 gonger. Dei fleste har søkt 2 gonger, der alle søknadane er behandla begge gonger, altså i juni og november. Nokre føretak har reigstrert ytterlegare opplysningar innan 10. januar. Det har gitt ei 3. behandling for enkelte søknader.
Stadlege kontrollar i fbm. produksjonstilskot 34 31 30 31 29 24 45
Tal på søknader om regionalt miljøprogram 59 50 56 48 50 122 193

 

 

Nøkkeltal
Nøkkeltal Klepp 2015 Klepp 2016 Klepp 2017 Kostragr.7 Time
Prioritering Netto driftsutg. til tilrettelegging og bistand næringslivet i % av totalt. 0,2%  0,2% 0,2% 0,1% 0,3% 0,1%
  Netto driftsutg. til landbruksforvaltning pr 1000 innb 141 144 144 108 158 148
NæringsNM Rangering Nærings NM (NHO) 18 23        
I NHOs Nærings-NM, som er ei årleg rangering av næringslivet i kommunane utarbeida av Telemarksforskning, viser at Klepp næringsliv har gjort det bra i ei årrekke. I 2016 blei Klepp kåra som nummer 18 av alle kommunar i Noreg (basert på 2015-tal). Neste år blei Klepp nr 23.
Teoretisk innsparinspotensiale samanlikna med Beste kvartil Kostragr.7 Gj.snitt Kostragr.7 Time
Næringsforv. og konsesjonskraft (mill kr) 1,8 1,0 -2,1 0,3

 

 

Budsjettfordeling
Budsjettfordeling Rekneskap 2016 Rekneskap 2017 Vedteke budsjett 2017 Justert budsjett 2017 Avvik 2017
Sentraladministrasjonen 1514 2116 1648 1609 507
Lokal utvikling 2110 2259 2262 2411 -152
Avskrivingar, fordelingar mm. -26696 -29530 -29200 -29300 -230
Omfattar i hovudsak frikraft og utbytte frå kraftselskap
SUM -23072 -25155 -25290 -25280 125

 

 

Framtidsutsikter
  • Etablering av ny verksemd på Orstad og i Kleppe (Jærhagen) tilseier vekst i talet på arbeidsplassar i kommunen i 2018/2019.
  • Eit attraktivt sentrum vil vera av stor betydning både for busetjings- og næringsattraktiviteten i åra som kjem.
  • Landbruksnæringa investerer framleis i nye bygg og tilleggsjord, andel leigejord er høg og ein ventar framleis bruksrasjonaliseringar. Tilleggsjord er ofte tidlegare leigejord.
  • Hustydgjødselforskrifta er tinglyst endra, jmf. spreiarealproblematikken og urening.
  • Vedtak om avvikling av pelsdyrnæring vil få konsekvensar for bønder i Klepp. I Klepp var det 10 som søkte om produksjonstilskot til pelsdyr i 2017.