Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Kyrkje

Målgruppe

Alle innbyggjarar i kommunen som tilhøyrer den norske kyrkja eller andre trussamfunn, og alle som vert gravlagt i kommunen og deira næraste.

 

Lova sitt formål

Kommunen sitt økonomiske ansvar er heimla i Kirkelovens §15

 

Organisering
  • Kyrkjeleg fellesråd er organisert som eige rettsubjekt utanfor kommunen.
  • Tilskot til andre trussamfunn vert forvalta av sentraladministrasjonen.  Budsjettmessig vert det tilskotet flytta til same område som for Kyrkje og gravplassar frå 2018.
  • Gravplassane vert forvalta av kyrkjeleg fellesråd.  Praktisk drift vert utført av kommunen i samsvar med tenesteytingsavtalen.
Viktige vedtak
Viktige vedtak Sak Vedtak
Forslag til ny lov om trussamfunn - høyring KSAK 73/17 KSAK 73/17
Kommunehus og lokalisering av Kyrkje på Kleppe KSAK 62/17 KSAK 62/17

 

Kvalitative målsettingar

 Ny kyrkjegard på Kleppe

  • Viser til kommentarar under investeringane knytta til dette prosjektet

Avklara kyrkjegard på Orstad

  • Det er avsett planmidlar i økonomiplanen 2018-2021

Avklara når ny kyrkje på Kleppe skal stå klar, kommunen sitt tilskot og finansieringsløysing

  • Kommunestyret vedtok i desember 2017 lokalisering av ny kyrkje i sentrum.  Det vert arbeid vidare med grunnundersøkingar for å avklara kva ein skal gjera med eksisterande rådhus.
  • Kommunaldepartementet har avklart at kommunen kan gje garanti og tilskot til dekning av lån tatt opp av Klepp fellesråd.  Endeleg finansieringsløysing og avtale om samdrift avklarast seinare i planprosessen. 

 

Nøkkeltal
Nøkkeltal Klepp 2015 Klepp 2016 Klepp 2017 Kostragr.7 Time
Kvalitet Døypte i prosent av antal fødde 77,1% 88,1% 76,5% 60,0% 48,4% 64,3%
  Konfirmerte i prosent av 15 åringar 83,7% 77,4% 91,2% 61,5% 53,7% 72,1%
  Medlemmer i trussamfunn utanfor Kyrkja 9,6% 11,8% 11,6% 10,3% 9,2% 8,4%
Prioritering Netto driftsutg. kyrkje og trussamfunn i % av totale netto driftsutg. 1,1% 1,2% 1,1% 1,1% 1,1% 1,3%
  Netto driftsutg. kyrkje pr. innbyggar 472 466 503 512 536 649
Teoretisk innsparingspotensiale samanlikna med Beste kvartil Kostragr.7 Gj.snitt Kostragr.7 Time
Kyrkje (mill kr) 0,8 0,1 -0,5 -2,4

 

Budsjettfordeling
Budsjettfordeling Rekneskap 2016 Rekneskap 2017 Vedteke budsjett 2017 Justert budsjett 2017 Avvik 2017
Kyrkje 8866 9677 10045 10045 -368
Sentraladministrasjonen (tilskot andre trussamfunn) 2175 1105 990 990 115
SUM 11041 10781 11035 11035 -254

 

Framtidsutsikter
  • Den Norske Kyrja vart eige rettsubjekt frå 1. januar 2017.  Utviklinga dei komande åra vert truleg prega av endringar og tilpasningar til dette.  Kommunen må vere forberedt på at det på sikt kan medføre endringar i samhandling og avtalar.
  • Forslag til ny lov om trussamfunn vert truleg vedteke av Stortinget i 2018.  Lova vil truleg medføre endringar i finasieringa av kyrkja, gravplassane og andre trussamfunn.  
  • I Klepp vert utgreiing av kyrkja i sentrum vere høgt på dagsorden på kort og mellomlag sikt.  Vedtak om bygging av ny kyrke på Kleppe i sentrum og i samfunksjon med "kommunehuset" vert viktig både ut frå samdrift og utvikling av det nye sentrum i Kleppe.