Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Kommunehelse

Målgruppe

Innbyggarane i kommunen

 

Lova sitt formål

Helse- og omsorgstenestelova §1-1

 

Kommunen sitt overordna mål

Vi gir helsetenester med vekt på tidleg innsats og førebygging, brukarmedverknad, satsing på familie og nettverk, samhandling og nye arbeidsmåtar.

 

Viktige vedtak i helse og velferd 2017
Viktige vedtak i helse og velferd 2017 Saksframlegg Protokoll
Oppretta 100% stilling for oppvekstleiar  HV 9/17  HV 9/17
Utgreiingsarbeid starta ift legevaktordning for Klepp og Time  HV 12/17  HV 12/17
Vurdering av tidleg heimebesøk av jordmor  HV 26/17  HV 26/17

 

Målsetting
Målsetting Indikator Resultat 2017 Mål 2017 Mål innen 2020
NAV skal gje tenester med fokus på aktivitet og arbeid for personar mellom 18-30 år Tal på brukarar
Tal på dagar vi kan tilby tenesten
3 dagar pr veke 3 dagar pr veke  5 dagar pr veke
NAV  har etablert aktivitetsplikt. Dei unge er i snitt kortare tid på sosialhjelp og får lågare utbetalingar.

Fleire gruppebaserte tilbod i helsetenestene

 Tal og breidde 13 nye grupper

Tilbod om 2 nye  grupper

 Utvikle rask psykisk helse hjelp(På Jæren)

5 grupper Familierettleiing (COS kurs)
5 grupper Elevar med skilte foreldre
1 Interkommunal meistringsgruppe
2 barselterapigrupper

Avslutta opptrening etter funksjonstap til ingen hjelp Statistikk 33% 50%  50%
Tenesta er dreia mot fleire brukargrupper enn før. Feks personar som har tenester frå miljøtenesta og psykisk helse og rus. Det er større trykk på rehabiliteringssengene i kommunen på grunn av tidleg utskriving frå sjukehus. Pasientane har større funksjonsfall enn før, og fleire må fortsatt ha hjelp sjølv om kvardagsrehabilitering vert avslutta.

 

Kvalitative målsettingar

Auka frivillig aktivitet, og bli betre på samarbeid med frivillige.

  • Frivilligkoordinator si rolle er meir kjent for alle, det er oppretta frivilligkontakt i kvar avdeling. Resultat er at helse  og velferd har fått fleire frivillige.

Meir førebyggande tenester

  • Helsestasjonstenesten har tilpassa drifta etter nye retningslinjer.
  • Meir samhandling mellom helsetenesten og skuleleiinga.
  • Skulehelsetenesten er meir til stades for skulelevar og tilsette.
  • Jordmor sørger for at alle gravide får planlagt oppfølging i svangerskap, og tidleg heimebesøk er prioritert til førstegongsfødande og dei som har hatt kompliserte fødslar.
  • Legevakta tilfredsstiller krav til ny akuttforskrift om å bygga kompetanse på akuttmedisin, vald og overgrep både hjå vaktlegar og sjukepleiarar.

Bygga opp helsestasjonstenesten, psykologtenesten og familieeininga til ei tydeleg psykisk helseteneste for barn og unge

  • Henvending til familieeininga held seg stabil.
  • Fleire foreldre har delteke i foreldrerettleiingsprogram 
  • Helsesøstertenesta er auka i forhold til nasjonal satsing, og gir ei meir tilgjengeleg helsesøsterteneste, og meir resurssar til å undervisa skuleelevar om psykisk helse. 

Fleire grupper for livsstyrketrening i frisklivsentralen, og auka satsing på rehabilitering.

  • Grupper for livstyrketrening i frisklivsentralen held fram.
  • Utgangspunktet er at vi skal tenka meir helsefremmande og førebyggande i utvikling av alle tenester. 
  • Alle verksemder i helse og velferd er representert i KS sitt læringsnettverk med fokus på gode pasientforløp. Målsettinga er å utvikla gode pasientforløp og smidige overgangar mellom tenestene. Her er rehabilitering eit av fleire fokusområde. Vi jobbar aktivt med «kva er viktig for deg - tankegangen» og kvardagsrehabilitering i heimen har stor pågang.

 

Andre kommentarar
  • Kvardagsrehabilitering gjer tenestar til nye brukargrupper. Fleire av brukarane treng ingen tenester i ettertid.
  • Friskliv har starta eit nytt gruppetilbod for vaksne basert på kognitiv adferdsterapi. "Tankevirus"
  • Fysio- og ergoterapi har grupper for 5 åringar i enkelte barnehagar med fokus på aktivitet og tidleg oppdaging av funksjonssvikt.
  • To erfaringskonsulentar er tilsett i helsestasjonstenester. Dei er med og utviklar tenester på systemnivå. Til dømes tenestekriterier.
  • Kompetansebygginga i helsestasjonstenester har hovudfokus på førebygging av overvekt hos barn og unge, ammerettleiing, emosjonsfokusert terapi samt vald og overgrep.

 

Nøkkeltal
Nøkkeltal Klepp 2015 Klepp 2016 Klepp 2017 Kostragr.7 Time
Kvalitet Andel barn med fullført helseundersøking innan 8 leveuker  88% 104% 94% 101% 102% 105%
  Andel barn med fullført helseundersøking innan 2 år 96% 93% 94% 97% 94% 99%
Prioritering Nettodriftsutgifter til førebygging helsestasjon og skulehelsetj pr innbygj 0-5 år 5876 7072 8007 9176 9376 6157
  Nettodriftsutg til førebyggande arbeid, helse pr innbygger 132 146 149 180 214 75
Dekningsgrad Årsverk av helsesøstre pr 10000 innbyggj 0-5 år 53,8 58,2 60,6 80,6 81,1 54,5
  Årsverk fysioterapeutar pr 10 000 innbygj. Funksj 241 5 4,8 4,8 6,8 5,6 5,9
  Årsverk av jordmødre pr 10 000 fødte 75,2 85,1 82,3 89 102,5 53,6
Enhetskostnader Brutto driftsutg pr. innbyggar. Funksjon 232,232,241 2343 2577 2660 2853 2594 3664
  Årsverk av ergoterapeutar pr 10 000 innbyggar 2,8 4,1 4,2 3,7 5,7 4,3
Rangeringer Kommunebarometeret 325 262        
Teoretisk innsparinspotensiale samanlikna med Beste kvartil Kostragr.7 Gj.snitt Kostragr.7 Time
Kommunehelse (mill kr) 1,8 -1,7 -6,0 1,8

 

Budsjettfordeling
Budsjettfordeling Rekneskap 2016 Rekneskap 2017 Vedteke budsjett 2017 Justert budsjett 2017 Avvik 2017
Helse og velferd 33897 39810 41117 41949 -2138
Lokal utvikling 0 926 0 0 926
Avskrivingar, fordelingar mm. 639 698 0 0 698
Avskrivningskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.
SUM 34537 41434 41117 41949 -514

 

Framtidsutsikter
  • Tenester som frisklivsentralen gir må knyttast nærmare til andre rehabiliterande og habiliterande tenester.
  • Helse og velferd må utvida samarbeid med organisasjonar og private aktørar
  • All forvaltning skal flyttast til tenestekontoret
  • Det er viktig å sikra fortsatt god legedekning i Klepp kommune.
  • Ny akuttforskrift set auka krav til kvalitet i legevakttenesta. Dette vil påverke korleis legevakta skal organiserast framover.
  • Ferdigstilla «Ammekyndig helsestasjon»