Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Grunnskule

Formål

Opplæringslova § 1-1. Formålet med opplæringa  

 

Målgruppe

Elevane i skulen og deira føresette.

 

Etaten sitt hovudmål

«Meir læring for alle»

 

Kommunale mål

Bidra til å utvikla kunnskapsnysgjerrige og kreative barn og elevar:

  • Ha hovudfokus på læringa og utviklinga til barn og elevar i barnehagane og skulane.
  • Framleis vektleggja dei grunnleggjande kunnskapane.
  • Styrka opplæring for minoritetsspråklege elevar vidare.
  • Framleis ha tydeleg handling og aksjon i forhold til mobbing.

 

Viktige vedtak i Hovudutval for skule og barnehage i 2017
Viktige vedtak i hovudutval for skule og barnehage i 2017 Saksframlegg Protokoll
Samarbeid heim-skule, vidare utvikling (del 3)  SB 8/17  SB 8/17
Partnarskap mot mobbing  SB 17/17  SB 17/17
Vasshus skule og Horpestad skule - nedlegging  SB 25/17  SB 25/17
IKT plan for barnehagane og skulane 2018-2021  SB 35/17  SB 35/17

 

 

Målsetting
Målsetting Indikator Resultat 2017 Mål 2017 Mål innan 2020
Grunnskulepoeng Karakter i alle fag 40,7 41,0 41,5

Elevane i Klepp har hatt grunnskulepoeng på eller under landssnitt. Elevar som har svakt fagleg grunnlag har større utfordringar med å gjennomføra vidaregåande skule, særleg om dei vel studiespesialisering.

Eksamen norsk Karakter i hovudmål 3,0  3,5 3,6

Lesing er ein kompetanse som slår ut på resultata i alle fag. Resultata i lesing viser svak framgang. Det er færre svake lesarar i Kleppskulen enn før. Vidare satsing på lesing vil kunna bidra både til betre eksamensresultat og gjennomføring.

Eksamen matematikk Karakter eksamen 3,4 3,5 3,6

0 mobbesaker
1. og 2. tertial
3. tertial

 0 mobbesaker     
16
32

20


0

Ny §9A Elevane sitt skulemiljø tok til å gjelda frå 1.8.2017. Det betyr at skulane nå må laga aktivitetsplan i staden for å gjera vedtak når elevar eller foreldre melder om krenking eller mobbing, eller elevane ikkje har godt læringsmiljø. Terskelen blir såleis senka. Det viser også resultatet på 3. tertial, der det er 32 nye saker. 

 

 

Kvalitative målsettingar

Styrka fagleg kompetanse.

  • Kommunen har nå over 3 år hatt ein offensiv bruk av vidareutdanningsordninga «Kompetanse for kvalitet». Dette gjer betre faglege føresetnader for lærarane. 
  • Dei aller fleste skuleleiarane i Klepp har nå gjennomført «rektorskulen» i regi av Utdanningsdirektoratet.

Gje læring og meistring til kvar elev ut frå sine føresetnader.

  • Innføring av læringsbrett har lagt til rette for at elevane i større grad kan få tilrettelagt opplæring.
  • Arbeidslivskunnskap og Utdanningsval er positivt for elevar som strir med motivasjon i ungdomsskulen. 

Betra tilbodet til minoritetsspråklege elevar.

  • Det er gjennomført ei kartlegging av alle skulane si opplæring av minoritetsspråklege for å gje meir målretta opplæring til minoritetsspråklege elevar.

 

Verkemiddel

Jærskulesamarbeidet.

Skulane sine eigne analysar og handlingsplanar.

  • Skulane sine ståstadanalysar og utviklingsplanar er grunnlaget for utvikling av kvar skule med sikte på godt læringsgrunnlag.

Sterk satsing på «Kompetanse for kvalitet».

  • Sidan ordninga «Kompetanse for kvalitet» blei innført, er ho blitt aktivt brukt i Klepp. Kvart år har kring 25 lærarar i Klepp teke vidareutdanning, særleg i basisfaga norsk, matematikk og engelsk gjennom ordninga.

 

Andre kommentarar
  • Digitalisering:
    • Foreldre kan logge seg på via MinID, og følgje med på sitt barn si utvikling på skulen, fråværsdagar mm.
    • Kommunikasjon mellom heim og skule foregår nå via programmet Schoollink, pålogging via MinID. Kan få meldingar via e-post, SMS eller ein app.
  • Lesetrøkk: Barnehagane og skulane har starta ein felles prosess for å analysera arbeidet med lesing. Hausten 2017 gjorde kvar skule ein eigenanalyse av ambisjonar, resultat og praksis i lesing. Fagperson frå Lesesenteret gjennomførte også observasjonar av lesepraksis ved to store skular. Skuleleiarane og ressurspersonar i lesing vil arbeida fram strategiar med siktemål å betra leseresultata i Klepp ytterlegare.

 

Tal på elevar i skulen
Tal på elevar i skulen 2015 2016 2017
Elevar i skulen 2723 2724 2706

 

Tal på saker til PPT 
Tal på saker til PPT Nye saker - totalt  Av desse er: 
2017 134

52 jenter/kvinner
82 gutar/menn

2016 120 48 jenter/kvinner
72 gutar/menn

 

 

Nøkkeltal
Nøkkeltal Klepp 2015 Klepp 2016 Klepp 2017 Kostragr.7 Time
Kvalitet Lærartettleik ordinær undervisning, 1.-10. tr. (elev pr. lærar) 15 14,3  14,8  17,7  15,2 
  Lærartettleik, inkl. spes.ped og særsk.norsk 1.-10. trinn 12,7 12,2 12,5  14,2  14,2  12,8 
  Lærartettleik, inkl. spes.ped og særsk.norsk 1.-4. trinn 12,9 12,6 11,7  13,6  13,9  12,8 
  Lærartettleik, inkl. spes.ped og særsk.norsk 5.-7. trinn 13,3 12,9 12,4  13,7  13,4  13,6 
  Lærartettleik, inkl. spes.ped og særsk.norsk 8.-10. trinn  12,0 11,3 13,7  15,5  15,5  11,7 
Einingskostnader Korr. brutto driftsutg. skulesektor (202,215,222,223), pr. elev 110055 113420 117358 118255 108690 117693
Rangeringar Kommunebarometeret 205 171        
Teoretisk innsparinspotensiale samanlikna med Beste kvartil Kostragr.7 Gj.snitt Kostragr. 7 Time
Grunnskule (mill kr) 11,5 -20,7 6,7 0,4

 

 

Budsjettfordeling
Budsjettfordeling Rekneskap 2016 Rekneskap 2017 Vedteke budsjett 2017 Justert budsjett 2017 Avvik 2017
Skule og barnehage 237141 238282 235215 243049 -4768
Helse og velferd 37 153 0 0 153
Lokal utvikling 72 229 0 0 229
Avskrivingar, fordelingar mm 3045 4860 0 0 4860
Avskrivningskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.
SUM 240296 243523 235215 243049 474

 

Framtidsutsikter
  • Innføring av ny Overordna del og ny fagdel i læreplanen for grunnskulen. Nye læreplanar i faga skal vera tekne i bruk i 2020.  
  • Orstad læringssenter utvidar med 2 stillingar frå 1.8.2018 slik at skulen kan gje opplæring til elevar med psykisk utviklingshemming også på heimeskular.
  • Frå januar 2018 har alle elevane i Klepp læringsbrett. Det er forventa betre motivasjon for læring.
  • Leseresultata på skulane vil bli nøye følgt opp framover. Skulane vil måtta dokumentera både generelle tiltak for å styrka lesearbeidet og særleg dokumentera tiltaka for elevane som skårar under den kritiske grensa på leseprøvene.
  • Foreldra si rolle i lærings- og oppsedingsarbeidet bør styrkast. Foreldra bør involverast og ansvarleggjerast meir i arbeidet mot mobbing, trakassering og uheldig/ulovleg nettbruk.
  • Jærskulen vil ha opplæring i arbeid mot mobbing for alle tilsette i Jærskulane i mai 2018.
  • Tiltak for å forbetra minoritetsspråklege elevar si norskopplæring blir iverksett på skular i 2018.
  • Staten gjennomfører ny norm for lærartettleik på skulenivå frå 1.8.2018. Målet er at det skal vera 1 lærar pr. 16 elevar i 1. - 4. klasse og 1 lærar pr. 21 elevar i 5. - 10. klasse, og frå hausten 2019 1 lærar pr. 15 elevar i 1. -4. klasse og 1 lærar pr. 20 elevar i 5. - 10. klasse. Det er ikkje den faktiske størrelse på ei undervisningsgruppe som blir regulert, men forholdstalet på hovudtrinna, dvs. for 1.-4. trinn, 5.-7. trinn og 8.-10.trinn. 
  • Alle kommunane vil i åra framover møta utfordringar både når det gjeld rekruttering av lærarar og å oppretthalda ein kvalifisert og engasjert lærarstab. Klepp kommune vil saman med Jærskulen rusta seg til framleis å sikra nok og kompetente lærarar til barn og unge.