Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Bygningsdrift

Målgruppe

Alle innbyggarar i kommunen

 

Lova sitt formål

Forskrift om miljøretta helsevern § 7: "Virksomheter og eiendommer skal planlegges, bygges, tilrettelegges, drives og avvikles på en helsemessig tilfredsstillende måte, slik at de ikke medfører fare for helseskade eller helsemessig ulempe." I paragrafane 7 – 10 finst mellom anna bestemmelsar om:

  • tilfredsstillande inneklima.
  • lydforhold og belysning
  • forsvarleg reinhold med hygienisk tilfredsstillande metoder
  • forbygging av skader og ulykker
  • forebygging av smittsomme sjukdomar

 

Målsettingar
Målsettingar Indikator Resultat 2017 Mål 2017 Mål innan 2020
Redusert energiforbruk Energiforbruk kwh/m2  157/kwh/m2 150/kwh/m2 140/kwh/m2

 

Kvalitative målsettingar

Føremålstenlege lokale for dei som skal nytte lokala

  • Jamnlege elev- og foreldreundersøkingar i skulane og foreldreundersøkingar i barnehagane samt brukarundersøkingar innan helse og omsorg gjev kunnskap om brukarane si oppleving av lokala. Det er samarbeidsmøte to gonger per år på tvers av virksomhetsområda i kommunen. Det er etablert ei bustadsosial strategigruppe. Det pågår ei utgreiing for å sjå på best mogeleg utnytting av ledige lokale.

Oppretthalde den bygningsmessige standarden

  • Bygningane har vaktmeisterteneste med eigen vaktmeister som er stasjonert på bygga. Drift og jamnleg vedlikehald blir utført etter ein vedlikehaldsplan. Kvart år er det ein vedlikehaldsrunde på dei kommunale bygga for å avdekka standard, bruk og status for vedlikehald. Eventuelle avvik kan meldast via avvikssystemet.

 

Andre kommentarar
  • Klepp kommune vart i 2017 tildel 8,6 mill. kroner i eingongstilskot til kommunalt vedlikehald. Det har medført at det i 2017 er gjennomført viktig vedlikehald mange stader i kommunen. Midlane er nytta til oppgradering av uteområde på skular og barnehagar, vedlikehald på institusjonar, vedlikehald på kyrkjene, vedlikehald på skular samt tiltak knytt til friluftsliv og samferdsel.
  • 2017 har vore prega av høg aktivitet mellom anna på grunn av sysselsettingsmidlane. Klepp mottok i 2017 8,6 mill. kroner. Om lag 4 mill. kroner av desse er nytta til vedlikehaldstiltak og oppgraderingar.
  • Sysselsettingsmidlar og ordniære budsjett har vore nytta til følgjande oppgraderingar
    • Ombygging av personalbase i P. Krohn 27
    • Oppgradering av ventilasjonssystemet på Kleppetunet
    • Utskifting av kunstgras i ballbingen på Orstad skule
    • Etablering av leskur, asfaltering og fallunderlag på Orre skule
    • Drenering, levegg og fallunderlag i Orstad barnehage
    • Etablering av fallunderlag i Tu barnehage
    • Asfaltering, etablering av fallunderlag og gjerding på Horpestad skule
    • Gjering i Klepp friluftsbarnehage
    • Gangsti på nordsida av rådhuset
  • Eit eksternt firma har gjennomført kontroll av alle leikeapparat både i byggefelta og ved skular og barnehagar. Trass i betydelege investeringar dei siste åra er det framleis avvik. Ein del av dette vil vera kostbart og utbetra og ein må alternativt vurdera innkjøp av nytt utstyr.

 

Nøkkeltal
Nøkkeltal Klepp 2015 Klepp 2016 Klepp 2017 Kostragr.7 Time
Prioritering Netto driftsutgifter til kommunal eigedomsforvalting, i prosent av samla netto driftsutgifter 8,1% 7,9% 8,7% 8,9% 8,4% 9,0%
Dekningsgrad Samlea areal på formålsbygga i kvadratmeter per innbyggar 4,9 4,7 4,3 4,3 4,2 4,7
Enhetskostnader/ produktivitet Utgifter til driftsaktivitetar i kommunal eigedomsforvalting per kvadratmeter 434 466 542 546 543 587
  Herav energikostnader for kommunal eigedomsforvalting per kvadratmeter 85 92 106 113 104 119
  Herav utgifter til reinhaldsaktivitetar i kommunal eigedomsforvalting per kvadratmeter 115 123 153 159 219 191

 

Budsjettfordeling
Budsjettfordeling Rekneskap 2016 Rekneskap 2017 Vedteke budsjett 2017 Justert budsjett 2017 Avvik 2017
Skule og barnehage 2620 3406 3096 2635 771
Helse og velferd 64 2890 -538 -491 3381
Lokal utvikling 46720 45608 53178 54484 -8876
Avskrivingar, fordelingar mm. 26595 33236 0 0 33236
Avskrivingskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.
SUM 75999 85140 55736 56628 28512

 

Framtidsutsikter
  • Lågare prisar på leigemarknaden og målretta arbeid saman med etat for helse og velferd har redusert ventelistene for kommunale bustader, ført til raskare gjennomstrøyming og redusert behovet for kjøp/innleige av nye bustader. Det er venta at dette vil halda fram.
  • Standardheving av uteareala ved skular og barnehagar vil halda fram. Ei rekkje skular og barnehagar har fått ei betydeleg standardheving på sine uteområde i 2017.
  • Famacweb er eit digitalt forvaltning, drift og vedlikehaldssystem der alle data om kommunen sine eigedommar og bygningar blir samla. Dette vil bli tatt i bruk i 2018. Det inneheld teikningar, beskrivelser, kontraktar, avtalar og instruksar og er tilgjengeleg for tilsette i kommunen, eksternt driftspersonell og tilsynsmyndigheter.
  • Arbeida vidare med å etablera gode innsamlings- og gjenvinningsordningar for avfall ved kommunale eigedommar/bygg. Det er i 2017 tatt i bruk nedgravde containere på Engelsvoll og Orstad skular.
  • Avklare framtidig bruk av fleire kommunale bygg.
  • Endring i driftsformer fører til endra behov for lokale.
  • Høge energikostander per kWh gjev utfordringar for driftsbudsjettet.