Barnehage
Formål |
Målgruppe |
Barn i førskulealder i Klepp kommune
Kommunale mål |
Tidleg oppdaging og tidleg hjelp for barn og elevar
- Samhandla tverrfagleg og tverretatleg for å oppdaga hjelpebehov hos barn og elevar og å setja inn tiltak tidlegast råd.
- Omlegging til meir intensiv spesialundervisning og hyppig evaluering.
- Prioritera ressursar på tidleg opplæring, særleg for barn/unge med minoritetsspråkleg bakgrunn.
Viktige vedtak i hovudutval for skule og barnehage | Saksframlegg | Protokoll |
Marte Meo- satsingsområde i Kleppbarnehagen | SB 4/17 | SB 4/17 |
IKT-plan for barnehagane og skulane 2018-2021 | SB 35/17 | SB 35/17 |
Barnetal - konsekvensar for årsverk i kommunale barnehagar | SB 37/17 | SB 37/17 |
Målsetting | Indikator | Resultat 2017 | Mål 2017 | Mål innan 2020 |
Auke den formelle kompetansen for personalet i barnehagane |
Del barnehagelærarar |
34,7 % |
40 % |
50 % |
Det har ikkje vore mogleg å få tilsett barnehagelærarar i kortare og lengre vikariat. Ein reknar med at dette vil betra seg i 2018. |
||||
Halda fram med høg dekningsgrad |
Dekningsgrad 1-5 år Dekningsgrad minoritetsspråklege barn 1-5 år |
92,1 % 78,2 % |
93,5% 85 % |
95 % 95 % |
Dekningsgraden har gått litt med, dette skuldast truleg høgare arbeidsledighet. Det er likevel bra at dekningsgraden for minioritetsspråklege barn har auka. |
Kvalitative målsettingar |
Tidleg innsats
- Kompetansen for dei tilsette i fagteamet for barn med spesielle behov er auka. Dette gjeld særleg vaksenrolla og læringsmiljøet gjennom kompetanseheving og rettleiing gjennom satsinga på Marte Meo.
Meir læring for alle
- Ny nasjonal rammeplan for innhaldet i barnehagane blei gjort gjeldande frå august 2017. Den nye rammeplanen gjev klare føringar på korleis læring skal skje i barnehagen, at danning, leik og læring heng saman. Barnehagane er godt i gang med implementeringa av den nye planen.
Verkemiddel |
Vidareføra ei stipendordning for å motivera personalet i barnehagane til å ta barnehagelærarutdanning.
- I 2017 var 6 studentar ferdige med barnehagelærarstudiet. Framover blir 16 studentar ferdige i tida 2018 – 2021, og bind seg til å arbeida i Klepp kommune. Dette, saman med eksterne søkjarar, gjer at målet om 50% barnehagelærarar vil vera mogleg å nå.
Legge til rette for at dei som er i stillingar, kan ta fagbrev som barne og ungdomsarbeidarar.
- I 2017 har Jærkommunane saman med Sola fått eksterne midlar til å utdanna fagarbeidarar. Frå Klepp har mellom 30 og 40 assistentar teke fagbrev som barne- og ungdomsarbeidarar med denne ordninga. Denne ordninga held fram i 2018.
Saman med helsestasjonen kontakta dei familiane med minoritetsspråklege barn som ikkje nyttar barnehage.
- Dette verkemiddelet har ikkje vore nytta i 2017.
Auka ressursar til å gje barn med ekstra behov hjelp innanfor alle utviklingsområder, samstundes sikra at alle får god omsorg.
- Det vart gjort vedtak i 2017 om å auka ressursane til dette med 1 stilling.
Etaten sin kompetanseplan som inneheld ei vidare satsing på «Være sammen» og «Marte Meo»
- Ein stor del av tid og ressursar til kompetanseheving har gått til vidare opplæring i Marte Meo. Denne satsinga er i samsvar med vaksenrolla som det er gitt føringar for i ny rammeplan. «Være sammen» er implementert.
Barnehagane sine utviklingsplanar som byggjer på den overordna «Plan for kvalitetsutvikling 2016-19», barnehagane sine ståstadsanalyser, foreldreundersøkingar og samtalar med barna.
- Det er i 2017 starta opp eit arbeid med revidering av planarbeidet for å tilpasse det til ny rammeplan.
Andre kommentarar |
- I 2017 har barnehagane gjennomført Utdanningsdirektoratet si foreldreundersøking:
Foreldre-undersøkinga 2017 | Svar prosent | Relasjon mellom barn og vaksne | Trivsel til barnet | Informasjon | Utviklinga til barnet | Med- verknad | Tilvenning og skulestart | Tilfredsheit |
Kommunale barnehagar | 77 % | 4,6 | 4,7 | 4,0 | 4,6 | 4,2 | 4,4 | 4,5 |
Kommunale og private | 71,3 % | 4,6 | 4,8 | 4,1 | 4,6 | 4,3 | 4,4 | 4,5 |
Nasjonalt | 69,9 % | 4,5 | 4,7 | 4,2 | 4,6 | 4,2 | 4,5 | 4,5 |
Det er positivt at svarprosenten er så høg. Barnehagane går gjennom sine resultat og set inn tiltak der det er naudsynt.
- Lesetrøkk: Barnehagane og skulane har starta ein felles prosess for å analysera arbeidet med lesing. Hausten 2017 gjorde kvar barnehage ein eigenanalyse av praksis innanfor språkarbeid og lesing. Analysen vil vere utgangspunkt for vidare satsing i den enkelte barnehage.
Tal på barn i barnehage | 2015 | 2016 | 2017 |
Barn i barnehagane i Klepp | 1317 | 1283 | 1268 |
Nøkkeltal | Klepp 2015 | Klepp 2016 | Klepp 2017 | Kostragr.7 | Time | Hå | |
Kvalitet | Del tilsette med barnehageutdanning | 31,1 | 34,4 | 33,9 | 33,9 | 32,4 | 32,1 |
Del tilsette med bhg. utd. kommunale | 32,8 | 34 | 34,7 | - | 35,1 | 33,2 | |
Del tilsette med bhg. utd. private | 27,5 | 35,3 | 32,4 | - | 29,5 | 27,5 | |
Dekningsgrad | Del barn 1-5 år med barnehageplass | 92,8 | 92,8 | 92,1 | 91,6 | 89,5 | 83,5 |
Del minoritetsspr. barn i barneh. i forhold til innvandrarbarn 1-5 år | 73,2 | 77,7 | 78,2 | 76,3 | 74,9 | 72,5 | |
Einingskostnader | Korr. brutto driftsutgifter i kr pr. barn i komm. bhg. | 161554 | 175928 | 184161 | 184716 | 194280 | 173996 |
Korr. brutto driftsutgifter i kr pr. barn i komm. bhg. per korr. opph.time (kr) | 54 | 58 | 61 | 60 | 64 | 60 | |
Rangeringar | Kommunebarometeret | 377 | 372 | ||||
Teoretisk innsparinspotensiale samanlikna med | Beste kvartil Kostragr.7 | Gj.snitt Kostragr. 7 | Time | Hå | |||
Barnehage (mill kr) | 10,4 | 0,7 | 0,2 | 13,0 |
Budsjettfordeling | Rekneskap 2016 | Rekneskap 2017 | Vedteke budsjett 2017 | Justert budsjett 2017 | Avvik 2017 |
Skule og barnehage | 169943 | 171840 | 173896 | 177965 | -6125 |
Helse og velferd | 55 | 25 | 0 | 0 | 25 |
Avskrivingar, fordelingar mm. | 893 | 723 | 0 | 0 | 723 |
Avskrivningskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar. | |||||
SUM | 170891 | 172589 | 173896 | 177965 | -5377 |
Framtidsutsikter |
- Barnetalet har dei siste åra gått ned. Prognosane syner at i 2024 vil ein ha behov for nye barnehageplassar.
- Dei siste åra har barnehagelova blitt endra fleire gonger slik at stadig yngre barn har fått rett til barnehageplass. Det er venta at denne retten blir ytterlegare utvida framover.
- Staten gjennomfører endringar i pedagognorma frå 1.8.2018. Norma går for barn i aldaren 0-3 år frå 9 barn til 7 barn pr. pedagog. For barn over 3 år går norma frå 18 barn til 14 barn pr. pedagog.
- Med auka krav til kompetanse og auka barnetal vil og behovet for fleire barnehagelærarar og fagarbeidarar halda fram.
- Implementering av ny rammeplan vil vera sentralt i åra framover.