Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Administrasjon, styring og fellesutgifter

Formål:

"å legge forholda til rette for eit funksjonsdyktig folkestyre, og for ein rasjonell og effektiv forvaltning av dei kommunale fellesinteresser innafor ramma av det nasjonale fellesskap og med sikte på ei berekraftig utvikling. Kommunen skal også leggja til rette for ei tillitskapande forvaltning som byggjer på ein høg etisk standard". (Kommunelovens § 1)

 

Målgruppe:

 Innbyggjarar, tilsette, folkevalde, samarbeidspartnarar, kundar og leverandørar.

 

Viktige vedtak
Viktige vedtak 2017 Saksframlegg Protokoll
Interkommunalt samarbeid KSAK 24/17 KSAK 24/17
Digitaliseringsstrategi KSAK 32/17 KSAK 32/17
Val av målform Orstad KSAK 48/17 KSAK 48/17
Kommunale vigsler - delegering av vigselsmyndighet KSAK 51/17 KSAK 51/17

 

Mål
Målsetting Indikator Resultat 2017 Mål 2017 Mål innen 2020
Digitalisering Andel elektroniske fakturaer frå leverandørar (Visma)  63,34 %  60 % 95 % 
Andelen har auke med omlag 11 % i 2017 og ligg over målsettinga.
Lærlingar  antal pr. tusen tilsette  1,8 1,8 
Det var i 2017 35 lærlingar.  Hovudutfordringa, i forhold til å nå målet om 38, har vore å få tak i aktuelle lærlingar.  Dette skudast både bustad, manglande utdanning og indivuduelle årsakar.  Isolert for 2017 fullførte 12 lærlingar si læretid, og alle fekk fagbrev. 

 

Kvalitative målsettingar

Godt samspel med dei folkevalde

  • Samspelet mellom administrasjonen og dei folkevalde har fungert godt i 2017.  Det vart mellom anna arrangert eit godt seminar i juni i samband med økonomiplanarbeidet for økonomiutvalet, leiarar av hovudutvala, tillitsvalde og rådmannen si leiargruppe.

Sikre nok rettleiiarar lærlingar

  • Det har i 2017 ikkje vore utfordring å få tak på rettleiarar.

Gjennomføre val

  • Valdagen var måndag 11. september. Som ei prøveordning blei valet avvikla over to dagar i Kleppe krins, sundag 10. og måndag 11. september. Dette blei godt motteke av positive veljarar. Klepp 24 gav gode ringverknader for sundagsvalet. Stortinget vedtok 13. juni 2016 fleire endringar i vallova m.a.: Alle kommunar som ønskjer det, kan nytte elektronisk manntal under stortingsvalet 2017. Klepp kommune tok derfor i bruk elektronisk avkryssing i manntalet i alle vallokala for fyrste gong til dette valet. Ved førehandsstemmemottaket har det vore vanleg praksis ved mange val. Den nye ordninga med elektronisk manntal og avkryssing fungerte svært godt. Erfaringane som blei gjort kan føra til at vi kan redusere tal på stemmemottakarar m.v. ved komande val.

 

Verkemiddel

Digital kompetanse

  • Digitaliseringaplanen som vart vedteken i 2017 peikar på behov for auka kompetanse på digitalisering av prosessar.  Det er sett i verk opplæringstiltak og planlagt dette som eit tema for leiarsamlingane i 2018. 

Kompetente leiarar og tilsette

  • Leiinga sentralt og dei ulike tenesteområda har eit kontinuerlig fokus på vidareutvikling og vedlikehald av kompetanse. Denne er som oftast fagspesifik og administrerast difor av dei ulike avdelingane og verksemdsområda i kommunen.

Effektiv bruk av IKT system

  • Detblir arbeidd kontinuerleg med auka kompetanse i bruk av IKT systema.  Mellom anna har det i 2017 vore stor kursveksemd i samband med overgang til digital utsending av dokumenter.

Godt samspel mellom tilsette og tillitsvalde

  • Tilbakemeldingar frå så vel administrasjon som tillitsvalde tilseier at samarbeidet fungerer godt. Formaliserte kontaktpunkt og møtestruktur sikrar involvering og medverknad.

 

Nøkkeltal
Nøkkeltal Klepp 2015 Klepp 2016 Klepp 2017 Kostragr.7 Time
Prioritering Netto driftsutg. adm. og styring i % av total.  8,1% 7,6% 7,2% 8,0% 6,8% 6,5%
Enhetskostnadar Brutto driftsutg. politisk styring pr, innb. 342 359 387 381 333 333
  Brutto driftsutg. kontroll/revisjon pr, innb. 46 49 62 93 42 57
  Brutto driftsutg. adm. pr, innb. 3425 3349 3048 3552 3110 2741
  Brutto driftsutg. adm.lokaler. pr, innb. 201 210 231 381 179 573
  Brutto driftsutg. fellesutgifter pr. innb. 279 79 41 83 6 197
Rangeringer Kommunebarometeret 136 127        
Teoretisk innsparinspotensiale samanlikna med Beste kvartil Kostragr.7 Gj.snitt Kostragr. 7 Time
 Adm, styring og fellesutgifter (mill kr) 2,5 -0,7 8,6 9,6

 

Budsjettfordeling
Budsjettfordeling Rekneskap 2016 Rekneskap 2017 Vedteke budsjett 2017 Justert budsjett 2017 Avvik 2017
Sentraladministrasjonen 39867 40110 39933 40372 -261
Skule og barnehage 3167 4497 6009 4475 22
Helse og velferd 7370 6909 15264 15478 -8569
Lokal utvikling 2573 3363 3380 3304 59
VAR 6672 1518 0 0 1518
Avskrivingar, fordelingar mm. 5587 7654 25475 5130 2524
Avskrivingskostnader er ført felles for heile kommunen og blir ikkje budsjettert, men vert rekna med i nøkkeltal og indikatorar.
I tala for budsjett inngår felles lønnsreserve som vert fordelt for å dekke auke i løn som følgje av lønsforhandlingane.
SUM 65238 64051 90061 68759 -4708

 

Framtidsutsikter
  • Sikra fortsatt god og forsvarleg drift.
  • Behov for auka kompetanse for å løyse framtidige endringar i behov og oppgåver.
  • Meir effektive tenester.
  • Nye digitale løsninger.
    • Integrering av fagsystem og elektronisk dokumentflyt.
    • Personalmelding, rekruttering og digital sjukemelding.
    • Styringsdata og analyser.
    • "SvarInn", "Svarut", E-dialog, elektronisk signatur.
  • Realisering av digitale gevinstar.
  • Ny pensjonsordning.
  • Utfordringar med rekruttering av kvalifisert arbeidskraft.